Kronprins Olavfjella
Kronprins Olavfjella er ei fjellkjede i Dronning Maudfjella som strekkjer seg frå Shackletonbreen til Livbreen inst i Rossisen.[1]
Kronprins Olavfjella | |||
fjellkjede | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Marie Byrd Land | ||
- koordinatar | 84°57′S 173°0′W / 84.950°S 173.000°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Kronprins Olavfjella 84°57′S 173°00′W / 84.95°S 173°W | |||
Dei vart oppdaga i 1911 av Roald Amundsen på veg til Sørpolen, og vart kalla opp etter kronprins Olav av Noreg.[1]
Fjell
endreDenne fjellkjeda omfattar følgjande fjell og toppar:
Fjell | Høgd (moh) | Koordinagar |
---|---|---|
Mount Wade | 4084 | 84°51′S 174°19′W / 84.850°S 174.317°W |
Mount Fisher | 4080 | 85°06′S 171°03′W / 85.100°S 171.050°W |
Centennial Peak | 4070 | 84°57′S 174°00′W / 84.950°S 174.000°W |
Mount Ray | 3904 | 85°07′S 170°48′W / 85.117°S 170.800°W |
Mount Sellery | 3895 | 84°58′S 172°45′W / 84.967°S 172.750°W |
Mount Oliver | 3800 | 84°56′S 173°44′W / 84.933°S 173.733°W |
Mount Campbell | 3790 | 84°55′S 174°00′W / 84.917°S 174.000°W |
Jones Peak | 3670 | 85°05′S 172°00′W / 85.083°S 172.000°W |
Mount Finley | 3470 | 85°01′S 173°58′W / 85.017°S 173.967°W |
Mount Smithson | 3000 | 84°59′S 172°10′W / 84.983°S 172.167°W |
Allaire Peak | 1900 | 84°53′S 170°54′W / 84.883°S 170.900°W |
Allaire Peak
endreAllaire Peak er ein fjelltopp som ligg 6 km nordvest for Mount Hall, mellom Goughbreen og Le Couteurbreen. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter kaptein C.J. Allaire som var stabsoffiser for U.S. Naval Support Force i Antarktis under U.S. Navy Operasjon Deep Freeze i 1963.[2]
Mount Campbell
endreMount Campbell er eit høgt fjell som ligg 5,6 km søraust for Mount Wade. Det vart oppdaga og fotografert av USAS (1939–41), og kartlagd av A.P. Crary (1957–58). Det vart namngjeve av Crary etter Joel Campbell i U.S. Coast and Geodetic Survey, og leiar for dei geomagnetiske operasjonane 1957-60.[3]
Centennial Peak
endreCentennial Peak er eit fjell 10,5 km søraust for Mount Wade. Det vart kartlagd av USGS frå landmålingar og U.S. Navy sine flyfoto 1960-65. Det vart namngjeve av US-ACAN til minne om hundreårsjubileet til Ohio State University i 1970. Universitetet har vore aktiv i forskinga av Antarktis sidan 1960.[4]
Mount Finley
endreMount Finley er eit fjell på ryggen som strekkjer seg sørover frå Mount Wade, og ligg 8 km sørvest for Mount Oliver. Det vart namngjeve av kontreadmiral Byrd etter John H. Finley, leiar av American Geographical Society på tida under Byrd Antarctic Expedition, 1928-30.[5]
Mount Fisher
endreMount Fisher er eit snødekt fjell 3 km nordvest for Mount Ray. Det vart oppdaga og fotografert av Byrd på flyturane over Dronning Maudfjella i november 1929, og namngjeve av han etter Fisher-brørne, som var industrifolk i Detroit og som støtta ekspedisjonen 1928-30.[6]
Jones Peak
endreJones Peak er eit hovudsakleg isfritt fjell som ligg 8 km nordvest for Mount Fisher ved toppen av DeGanahlbreen. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter John M. Jones, leiar for komiteen for polarforsking hos United States National Academy of Sciences, 1957-1963.[7]
Mount Oliver
endreMount Oliver er eit fjell på over 3800 meter over havet, som ligg 3 km søraust for Mount Campbell. Det vart oppdaga og fotografert av USAS, 1939-41. Det vart kartlagd av A.P. Crary (1957–58) og namngjeve av han etter Norman Oliver ved Air Force Cambridge Research Center, som var prosjektleiar for polarlysforsking i Antarktis 1957-60.[8]
Mount Ray
endreMount Ray er eit fjell som ligg 2,4 km søraust for Mount Fisher. Det vart namngjeve US-ACAN etter Carleton Ray som var zoolog i USARP ved McMurdo Station somrane 1963-64, 1964–65 og 1965-66.[9]
Mount Sellery
endreMount Sellery er eit markant fjell mellom Mount Oliver og Mount Smithson. Det vart oppdaga og fotografert av Byrd under ein flytur den 18. november 1929 og kartlagd av A.P. Crary i 1957-58. Fjellet er kalla opp etter Harry Sellery i U.S. National Bureau of Standards, som var prosjektleiar for studiar av ionosfæren i Antarktis 1957-60.[10]
Mount Smithson
endreMount Smithson er eit fjell på over 3000 moh. langs nordsida av Kronprins Olavfjella, 5 km aust for Mount Sellery mellom toppen av Kroutbreen og Harwellbreen. Det vart namngjeve av US-ACAN etter James Smithson, ein engelsk filantrop, som starta Smithsonian Institution.[11]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Prince Olav Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 24. februar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Prince Olav Mountains». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 24. februar 2013.
- ↑ «Allaire Peak». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 24. februar 2013.
- ↑ «Mount Campbell». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 24. februar 2013.
- ↑ «Centennial Peak». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 24. februar 2013.
- ↑ «Mount Finley». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 24. februar 2013.
- ↑ «Mount Fisher». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 24. februar 2013.
- ↑ «Jones Peak». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 24. februar 2013.
- ↑ «Mount Oliver». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 24. februar 2013.
- ↑ «Mount Ray». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 24. februar 2013.
- ↑ «Mount Sellery». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 24. februar 2013.
- ↑ «Mount Smithson». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 24. februar 2013.