Mount Stump er eit stort sett isfritt fjell med ei høgd opp mot 2490 moh, 1 nautisk mil (19 km) nord-nordaust for Mount Colbert og 2 nautiske mil (3,7 km) nordaust for Mount Borcik søraust i Hays Mountains i Dronning Maudfjella. Det vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfotografi tekne av U.S. Navy, 1960-64. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) i samband med Mount Colbert etter Edmund Stump, ein geolog frå Arizona State University som undersøkte nedre Shackletonbreen (1970–71), Duncan Mountains (1974–75), Leverettbreen (1977–78), Scottbreen og Byrdbreen (1978–79), og La Gorce Mountains (1980–81). Han var sjefsforskar under International Northern Victoria Land Project (1981–82) og gjorde undersøkingar i McMurdo Dry Valleys i januar 1983 og området kring Nimrodbreen 1985-86.

Mount Stump
fjell
Land  Antarktis
Fjellkjeder Hays Mountains
Topp Ross Dependency
 •  høgd 2 490 moh.
 - koordinatar 86°11′S 153°10′W / 86.183°S 153.167°W / -86.183; -153.167
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Mount Stump
86°11′00″S 153°10′00″W / 86.183333333333°S 153.16666666667°W / -86.183333333333; -153.16666666667
Mount Stump is located in Antarktis
Mount Stump (Antarktis)

Kjelder

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Stump» (innhald frå Geographic Names Information System).