Mount Terra Nova
Mount Terra Nova er eit snødekt fjell, 2130 moh,[1] mellom Mount Erebus og Mount Terror på Ross Island. Det vart først kartlagd av Discovery-ekspedisjonen 1901-04, og kalla opp etter «Terra Nova», støtteskip for denne ekspedisjonen og Terra Nova-ekspedisjonen, 1910-13.[1]
Mount Terra Nova | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Ross Island | ||
• høgd | 2 130 moh. | ||
- koordinatar | 77°31′S 167°57′E / 77.517°S 167.950°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Terra Nova 77°31′00″S 167°57′00″E / 77.5167°S 167.95°E | |||
Wikimedia Commons: Mount Terra Nova |
Terra Nova Saddle er eit av tre markante skard på Ross Island, denne på kring 1400 meter mellom Mount Erebus og Mount Terra Nova. Det vart namngjeve i samband med Mount Terra Nova.
Terra Novabreen er ein isbre som er kring 5 nautiske mil (9 km) lang nord og sentralt på Ross Island. Han flyt nord frå skardet mellom Mount Erebus og Mount Terra Nova og til Lewis Bay. Han fekk dette namnet etter Mount Terra Nova.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mount Terra Nova» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mars 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Terra Nova, Mount». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 8. august 2012.
Bakgrunnsstoff
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Terra Nova» (innhald frå Geographic Names Information System).