Mount Umbriel
Mount Umbriel er eit pyramideforma fjell med ei høgd på kring 1500 moh, oppom toppen av Venusbreen på austkysten av Aleksanderøya i Antarktis. Austsida av fjellet vender ut mot George VI-isen som dekkjer George VI Sound. Fjellet vart først kartlagd frå flyfoto tekne av Ronne Antarctic Research Expedition i 1947-48 av Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey i 1960. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee etter plasseringa nær Uranusbreen. Umbriel er ein av månane til planeten Uranus.
Mount Umbriel | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Aleksanderøya | ||
• høgd | 1 500 moh. | ||
- koordinatar | 71°36′S 68°53′W / 71.600°S 68.883°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Umbriel 71°36′00″S 68°53′00″W / 71.6°S 68.883333333333°W | |||
Sjå òg
endreKjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Umbriel» (innhald frå Geographic Names Information System).