Mount Vaughan
Mount Vaughan er eit markant fjell, 3140 moh, som ligg 6 km sør-sørvest for Mount Griffith på ryggen ved toppen av Vaughanbreen i Hays Mountains i Dronning Maudfjella. Det er kalla opp etter Norman D. Vaughan, hundeførar for eit geologisk lag under Byrd-ekspedisjonen leia av Laurence M. Gould som utforska fjella i nærleiken i desember 1929. Kartet som vart teikna etter Byrd-ekspedisjonen, 1928–30, nytta namnet Mount Vaughan sør for Mount Goodale, men Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) endra dette til å gjelde denne fjelltoppen.
Mount Vaughan | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjeder | Hays Mountains | ||
Topp | Ross Dependency | ||
• høgd | 3 140 moh. | ||
- koordinatar | 85°55′S 155°50′W / 85.917°S 155.833°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Vaughan 85°55′00″S 155°50′00″W / 85.916666666667°S 155.83333333333°W | |||
Vaughan vitja fjellet den 16. desember 1994, tre dagar før han fylte 89 år.