Muckle Flugga er ei lita brattlend og steinete øy nordom UnstShetland i Skottland. Ho vert ofte omtala som det nordlegaste punktet på dei britiske øyene, men holmen Out Stack ligg endå litt lenger nord. Muckle Flugga var lenge det nordlegaste staden på dei britiske øyene der det budde folk, men det tok slutt då fyret på øya var automatisert og avfolka i 1995.

Muckle Flugga.
(Foto: John Dally)
Dei nordlegaste øyane sett frå Hermaness heilt nord på Unst. Frå venstre mot høgre: Vesta Skerry, Rumblings, Tipta Skerry, Muckle Flugga og heilt i biletkanten ligg Out Stack.
(Foto: Bob Embleton)
Det er bratt opp til fyret.
(Foto: Mike Pennington)
Fyret på nært hald.
(Foto: Mike Pennington)

Namnet kjem av norrønt Mikla Flugey, som tyder 'Store Flogøy' ('den store av øyene med dei stupbratte sidene'). Øya heitte lenge North Unst, men i 1964 vart namnet endra til Muckle Flugga.[1]

Etter lokale segn og folketru skal Muckle Flugga og Out Stack ha kome til då to risar, kalla Herma og Saxa, begge forelska seg i same havfrua. I kampen om henne heiv dei store steinar etter einannan, og ein av desse skal ha vorte til Muckle Flugga. For å kvitte seg med dei sa ho at ho ville gifte seg med den av dei som klarde å fylgje henne til Nordpolen. Begge skal ha lagd etter henne nordover, men sidan ingen av dei kunne symje drukna dei begge og ho var kvitt riseplaga.

Fyrtårnet endre

Fyrtårn på Muckle Flugga vart sett opp av Thomas og David Stevenson i 1854. Fyret vart opphavleg bygd for å leie skipsfarten i samband med Krimkrigen. Det vart fyrste gong tend 1. januar 1858. Tårnet er 19,5 meter høgt, har 71 trappesteg og er det nordlegaste av fyra på dei britiske øyene. Fyret vart automatisert og avfolka i mars 1995.

Det fyrste fyret endre

Det vart vedteke å byggje eit fyr alt i 1851, men grunna vanskar med å fastsetje kvar fyret skulle liggje var det ikkje skjedd noko med saka då 1854 kom. Styresmaktene i London bad om at det skulle setjast opp fyr på Muckle Flugga slik at marineskipa og forsyningsskipa som var involverte i Krimkrigen kunne segle trygt forbi. Eit mellombels fyrtårn som var 15 meter høgt og stod 60 meter over havflata vart tend 11. oktober 1854. Ein meinte at det var høgt og trygt nok bygd til å stå mot naturkreftene, men då vinterstormane byrja braut bylgjene tungt mot tårnet og døra til husværet til vaktarane vart slegen inn. Fyrvaktaren rapporterte at 12 meter av dikemurane var øydelagde og at mannskapet på fyret ikkje lenger hadde nokon stad å opphalde seg der det var turt. Dette tvinga fram eit meir solid tårn og arbeidet med å setje det opp fekk klarsignal i juni 1855.

Muckle Flugga landstasjon endre

Muckle Flugga var ein av dei få fyrstasjonane i Skottland som hadde eigen landstasjon. Denne fungerte som opphaldsstad for fyrvaktarane når dei hadde frivakt. Landstasjonen vart seld då fyret vart automatisert, og huser i dag Hermaness Visitor Centre som ligg ved inngangen til naturreservatet Hermaness Nature Reserve, og vert administrert av Scottish Natural Heritage.

Referansar endre

  1. http://www.nlb.org.uk/ourlights/history/muckle.htm

Andre nettstader endre

Denne artikkelen byggjer på «Muckle Flugga» henta frå Wikipeida på engelsk 13. mai 2007.

60°51′13″N 0°53′18″W / 60.85369°N 0.88837°W / 60.85369; -0.88837