Mudassar Kapur
Mudassar Hussain Kapur (fødd 14. desember 1976 i Oslo) er ein norsk-pakistansk næringslivsmann og politikar for Høgre. Han har vore vald inn på Stortinget frå Oslo sidan 2013 og er medlem av Kommunal- og forvaltningskomitéen.
Mudassar Kapur | |||
Mudassar Kapur Foto: Kjetil Ree | |||
Fødd | 14. desember 1976 (48 år) Oslo | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Handelshøyskolen BI Norges handelshøyskole | ||
Alle verv |
|
Faren kom til Noreg frå Pakistan som arbeidsinnvandrar i 1971, og tok etter kvart med seg familien.[1] Kapur studerte marknadsføring, merkevarebygging og leiing ved Handelshøyskolen BI og Markedshøyskolen 1995–2000, og har MBA i strategisk leiarskap frå Norges Handelshøyskole frå 2012. Sidan 2012 har Kapur vore leiar for innsamling og marknad i SOS-barnebyer Norge. Før dette var han kampanjesjef i Hovudorganisasjonen i Høgre 2006–2012 og i ulike stillingar innan sal og marknadsføring i Shell 2000–2006, sist som marknadssjef i Norden 2004–2006.
Sidan 2011 har han vore medlem av Oslo bystyre, der han sit i finanskomiteen. Han har også vore tillitsvald i Søndre Nordstrand Høgre. Kapur blei vald inn på Stortinget frå Oslo ved stortingsvalet i 2013.
Kjelder
endre- ↑ Riaz, Wasim K. (11. mars 2013). «Høyre-kometen Kapur». osloby.no. Henta 2. juli 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Mudassar Kapur» frå Wikipedia på bokmål, den 29. oktober 2013.
Bakgrunnsstoff
endre- «Profil hjå Høgre». Høyre.