Muhammad Zia ul-Haq
(Omdirigert frå Muhammad Zia-ul-Haq)
Muhammad Zia ul-Haq (fødd 12. august 1924 i Jalandhar i Britisk India (i dag India), død 17. august 1988 i Bahawalpur i Pakistan) var ein pakistansk offiser og politikar. Han var president i Pakistan frå 1978 til 1988.
Muhammad Zia ul-Haq | |||
| |||
Periode | 1978-1988 | ||
---|---|---|---|
Parti | partilaus | ||
Fødd | 12. august 1924 | ||
Fødestad | Jalandhar | ||
Død | 17. august 1988 | ||
Dødsstad | Bahawalpur | ||
Mor | Ummat al-Batul | ||
Barn | Muhammad Ijaz-ul-Haq | ||
Føregangar | Fazal Ilahi Chaudhry | ||
Etterfølgjar | Ghulam Ishaq Khan |
Zia ul-Haq tok makta i Pakistan gjennom eit statskupp i 1977. Statsminister Zulfikar Ali Bhutto vart sett i fengsel og avretta i 1979. Zia ul-Haq lovde ved fleire høve frie val, men desse løfta vart aldri innfridd. Han omkom i ei flyulukke i 1988 under uklare omstende.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Muhammad Zia-ul-Haq» frå Wikipedia på bokmål, den 3. oktober 2009.