Mullins Valley
Mullins Valley er ein 7 km lang dal som ligg i McMurdo Dry Valleys. Han er ein av dei få tørre dalane i verda som inneheld ein steinbre. United States Antarctic Program (USAP) har datert underflata til isen i Mullins Valley til å vere fire millionar år gammal, og han er ein av dei eldste isane i verda. USAP har synt at steinbreane i dalen kan samanliknast med Arsia Mons-området på Mars. Han er kalla opp etter Jerry L. Mullins, som var direktør i polaravdelinga til US Geological Survey (USGS), og geofysikar i National Science Foundation for Antarktis og delegat for U.S Scientific Committee (SCAR) i SCAR SCAGI-komiteen. Han var i felten i Dei transantarktiske fjella, McMurdo Dry Valleys, Shackleton Mountains, Beardmore Mountains på Den antarktiske halvøya, Mount Siple, Amundsen-Scott-stasjonen på Sørpolen og stader djupt inn i Vest-Antarktis.
Mullins Valley | |||
dal | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Victoria Land | ||
- koordinatar | 77°54′S 160°35′E / 77.900°S 160.583°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mullins Valley 77°54′00″S 160°34′59″E / 77.9°S 160.583°E | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mullins Valley» (innhald frå Geographic Names Information System).