Mount Siple
Mount Siple er ein potensielt aktiv skjoldvulkan i Antarktis, med ei høgd opp mot 3110 moh. som dominerer nordvestdelen av Siple Island, med Getzisen mellom øya og Bakutis Coast i Marie Byrd Land.[2] Utsjånaden indikerer at han sist hadde utbrot i holocen. Han er dekt av ein 4 x 5 km stor kaldera og tuffkjegler i fjellsidene. Det massive volumet på 1800 km³ kan samanliknast med Mount Erebus. Høgda gjer Siple Island til den 15. høgaste øya i verda.
Mount Siple | |||
vulkan | |||
Flyfoto av Mount Siple frå vest
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Siple Island i Marie Byrd Land | ||
• høgd | 3 110 moh. [1] | ||
• Primærfaktor | 3 110 m | ||
- koordinatar | 73°26′S 126°40′W / 73.433°S 126.667°W | ||
Periode | Ukjend | ||
Vulkantype | Skjoldvulkan | ||
Førstestiging | uklatra | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Siple 73°26′00″S 126°40′00″W / 73.433333333333°S 126.66666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Mount Siple |
Mount Siple er kalla opp etter Paul A. Siple (1908–68), ein amerikansk antarktisfarar og geograf som deltok på seks ekspedisjonar til Antarktis, mellom anna dei to Byrd-ekspedisjonane i 1928-30 og 1933-35 (Siple Coast, Siple Island). Han var leiar for West Base frå U.S. Antarctic Service (USAS), 1939–41, og var navigatør på alle dei store utforskingsflyturane frå basen, inkludert flyturen då Mount Siple vart oppdaga. Han tente som U.S. Army Senior Representative på Operasjon Highjump, 1946–47; som direktør i Scientific Projects i planleggingsstadiet av Det internasjonale geofysiske året og som forskingssjef ved Amundsen-Scott-stasjonen 1956-57.[2]
Fjellet har «truleg vorte klatra», men det finst «ingen kjende kjelder» for at det skal ha skjedd.[1] Om det faktisk ikkje er klatra er det eit av fjella med høgast skardhøgd i verda som ikkje har vorte klatra enno.
Mount Siple er sjeldan omtalt på grunn av den avsidesliggande plasseringa.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mount Siple» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mars 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- LeMasurier, W.E.; Thomson, J.W., red. (1990). Volcanos of the Antarctic Plate and Southern Oceans. American Geophysical Union. s. 512. ISBN 0-87590-172-7.
- «Mount Siple i Antarktis» on Peakbagger
- ↑ 1,0 1,1 «Antarktis Ultra-Prominences"[daud lenkje] Peaklist.org. Henta 22. oktober 2012,
- ↑ 2,0 2,1 U.S. Geological Survey Geographic Names Information System: Mount Siple