Munkfors
59°50′16.807″N 13°32′33.752″E / 59.83800194°N 13.54270889°E Munkfors er ein svensk by og centralort i Munkfors kommun i Värmlands län i landskapet Värmland. I 2011 hadde byen 3 054 innbyggjarar.
Munkfors ligg på begge sider om Klarälven, kring 50 km nord for Karlstad. Han har variert industri med mellom anna verkstads- og stålindustri. Staden har lange industritradisjonar og delar av det gamle bruksmiljøet er verna.