Munningsladevåpen
Munningsladevåpen eller populært munnladar eller forladar er skytevåpen som ikkje brukar patroner, men må fyllast med krut (vanlegvis svartkrut) og kular frå munningen. Krut og prosjektil blir gjerne banka på plass i kammeret med ein ladestokk.
For å løysa ut skotet er det naudsynt med fenghull eller pistong, slik at krutet kan ta fyr. Skotutløysinga kan vera ved hjelp av ein fakkel, lunte eller snapplås/sneppert (desse kan anten bruka stål og flint (flintlås) eller meir moderne tennhette).
Det er blitt laga munnladarar i alle storleikar, frå store festningskanonar via muskettar til små pistolar. Munnladingsvåpen var einerådande fram til bakladarar blei vanlege frå 1860-åra av.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Munningsladevåpen» frå Wikipedia på bokmål, den 12. desember 2021.