Ein pistol er eit kort skytevåpen som kan haldast og avfyrast med éi hand. Ein reknar vanlegvis ikkje maskinpistolar som pistolar, da mest alle av dei er meinte å skulle brukast med begge hender. Ein vanleg maskinpistol er altså meir som eit kort automatgevær å rekne. Eit grensetilfelle er dei aller kortaste maskinpistolane, som visse utgåver av den israelske Uzi, som greitt kan brukast med berre éi hand.

Pistol M1914 (Kongsberg Colt)

Etymologi endre

Ordet «pistol» er utleia av det franske ordet pistole (eller pistolet), som har tre moglege opphav:

  • Frå det tsjekkiske ordet píšťala (fløyte eller pipe, som sikter til forma til eit hussitisk skytevåpen), frå mellomhøgtysk pischulle eller frå mellomfransk pistole.
  • Frå byen Pistoia i Italia, kor handheldne våpen (utforma for å skyte med frå hesteryggen) blei produsert først på 1540-talet.
  • At tidlege pistolar blei bore av kavaleriet i hylster som hang frå hestesadelen (som vert kalla pistallo på middelfransk).

Dei eldste pistolane endre

 
Flintlåspistol frå 1700-talet

Pistolen er mesta like gammal som skytevåpna generelt, men dei første brukbare pistolane kom ikkje med den eldste våpenlåstypen luntelåsen, men med hjullåsen frå 1500-talet. Sidan kom flintelås-våpen frå sist på 1600-talet og eittskots perkusjonslås-våpen frå førstninga av 1800-talet. Alle desse, anten dei var langløpa gevær, glattbora eller rifla, eller kortløpa pistolar, kunne berre skyte eitt skot om gongen, og laut ladast framanfrå gjennom løpet etter kvart skot. Berre med fleire løp, hanar og avtrekkjarar på same våpenet, hadde ein fleire enn eitt skot, som på dobbeltløpa hagler.

Med perkusjonspistolane vart det for første gong praktisk mogleg å laga magasinvåpen som kunne skyte fleire skot etter kvarandre før omlading. Dei første var dei såkalla «peparbøssene» frå 1830-talet, der ein hadde fem eller seks løp rundt ein akse, ved enden av kvart løp var det ein pistong med fenghette, og så fyra ein av det eine løpet etter det andre medan dei dreidde rundt på aksen.

Revolveren endre

«Peparbøssa» var eit nokså framtungt og lite treffsikkert våpen, men bante vegen for revolveren slik vi kjenner han, alt få år seinare. Da har ein i staden for fem-seks løp ei tønne (ein sylinder) som inneheld ladningane, og berre eitt løp. Tønna roterer i ramma på våpenet, såleis namnet revolver (revolvere - å gå rundt). Den første praktisk brukande revolveren vart konstruert av Samuel Colt frå USA. Han tok patent på den første revolveren sin alt i 1836, men den første som fekk noko utbreiing, var «Walker Colt» frå 1847, som au vart teken inn i militæret. Det same vart andre modellar i åra som følgde, i varierande storleik og kaliber etter bruksområde. Den sivile marknaden var au stor i dette landet med sin urolege «frontier», det meir eller mindre lovlause grenselandet mot «villmarka» og dei «ville» indianarane.

Alle desse Colt-revolverane var perkusjonsvåpen som laut ladast framanfrå når tønna var tom, og dei var enkeltspenna, det vil seie at hanen måtte spennast med tommelen mellom kvart skot for å dreie tønna og setje neste kammeret i rett stilling for avfyring. Andre produsentar laga au perkusjonsrevolverar, nokre med sjølvspennar, der tønna vart dreidd rundt av trykket på avtrekkjaren (som da vart tyngre å bruke). Eit døme på det er den britiske Adams-revolveren, konstruert av Robert Adams. Frå slutten av 1800-talet kunne dei fleste revolverar brukast både enkeltspennar og sjølvspennar.

Men da hadde utviklinga komme eit steg vidare, i og med utviklinga av patronen. Med denne kunne våpna ladast attanfrå, og mykje raskare enn med perkusjonslåsvåpna. Det var amerikanarane Horace Smith og Daniel Wesson som konstruerte den første brukbare patronrevolveren. Dei første åra (frå 1857 og frametter) kunne dei berre få til slike i det svake kalibret .22 («salongskot»), men i 1870 laga dei ein stor enkeltspenna armérevolver i kaliber .44, som vart kjøpt inn til den russiske hæren (Smith & Wesson "Russian") og liknande modellar i åra som følgde.

Revolverane kunne no ladast attanfrå med patronar i gjennombora tønner. Men korleis? Ulike konstruktørar og produsentar utvikla ulike system for å gjera det mogleg å lade tønna attanfrå. Smith & Wesson bruka lenge eit hengsel i ned- og framkant av tønna, slik at ein «braut opp» revolveren når ein skulle lade han (det vil seie braut løpet ned, slik at tønna vippa opp og patronane kunne førast inn attanfrå). Colt og andre hadde eit lokk som kunne opnast attom tønna på høgre sida for å føre patronane inn i kammera og ei fjørarm framanfor som kunne presse tomhylsene ut når lokket var ope, såleis bl.a. Colt sin modell 1873 i kaliber .45, den mest vidgjetne av alle Colt-modellar, og den ein mest ser i western-filmar. (Denne modellen har mange namn, mellom dei Single Action Army, da han vart teken inn som armépistol, «The Peacemaker», «The Equalizer©, osv. Desse revolverane hadde ei seks-skots tønne, men ikkje noka sikring, slik at ein helst måtte la hanen kvile på eit tomt kammer. Dei hadde altså i realiteten berre fem skot, og når tønna skulle ladast, tok det ein del tid, for tomhylsene måtte fjernast ei for ei, og så måtte nye skot setjast inn, eitt for eitt. Men dei var svært pålitelege våpen.

Revolverane slik dei ser ut i dag, kom frå 1889 med ein Colt-revolver i .38 der tønna kunne svingast ut til sida for lading. Med eit trykk på ein boltakse vart så alle tomhylsene fjerna på ein gong, slik at alle seks kammera vart klargjorde for lading. Når kammera var fylte med nye skot, vippa ein berre tønna inn i ramma att. Andre tok snart etter denne måten å gjera det på, og sidan da har pistolar med revolverande magasin ikkje endra seg nemnande. Desse kunne (og kan) skytast både enkeltspenna og sjølvspenna.

Sjølvladepistolen endre

Det neste steget i den historiske utviklinga var den halvautomatiske pistolen. Revolverar måtte spennast og klargjerast for nytt skot med handemakt, anten ved å spenne hanen med tommelen, eller ved å presse relativt hardt og langt på avtrekkjaren. Tomhylser måtte fjernast etter tønna var tom. Kunne ein nytte krafta i sjølve skotet (rekylen eller gassen) til å laga ein sjølvladande pistol?

Det kunne ein, frå 1890-talet. Tyskarane Hugo Borchardt, Peter Mauser og George Luger kom med sine første halvautomatiske pistolar i 1893 (Borchardt), 1896 (Mauser) og 1898 (Luger). Halvautomatisk betyr at ein berre måtte trykkje på avtrekkjaren for å utløyse kvart skot, sjølve omladinga og hanespenninga skjedde automatisk. Men rettelege automatvåpen som maskinpistolar kan au skyte fleire skot berre ved å halde avtrekkjaren inne.

Den første amerikanske halvautomaten kom ved hundreårsskiftet, det var ein Browning-pistol produsert i Belgia frå år 1900. Browning konstruerte au dei første Colt-pistolane av denne typen. Colt modell 1903 vart ein stor suksess. Denne og etterfølgjarane vart så populære at kalibret vart oppkalla etter Colt-fabrikken, kaliber .32 ACP (Automatic Colt Pistol). Magasinet i pistolane var no vanlegvis inni skjeftet på pistolen, der patronane låg oppå kvarandre, og vart skuva oppover av ei fjør i botnen etter kvart.

Den enklaste typen halvautomatiske pistolar er våpen med sokalla bakslagsmekanisme. Krafta i skotet driv sleiden som ligg over det faste løpet attover til han blir stansa av ei kraftig fjør som fører han framover igjen. Denne att-og-fram-rørsla sørgjer da for å fjerne tomhylsa, bringe ein ny patron inn i kammeret og spenne hanen. Dette enkle systemet toler ikkje kor sterke patronar som helst, så våpen av denne type er gjerne i kaliber .32 (7,65 millimeter). Men dei er billege å produsere, og var dei første som vart masseproduserte for den sivile marknaden. Ein litt meir avansert modell av slike pistolar i .32 var den tyske Walther PP-pistolen, som blir rekna som den beste i sitt slag (PP=Polizei-Pistole).

Mange arméar au bruka slike enkle pistolar. Men både den tyske Luger-pistolen modell 1908 i kaliber 9 mm Parabellum som vart armépistol der, og den amerikanske Colt-pistolen modell 1911 i 11,25 mm som vart teken inn i det militære der, var meir kompliserte og dyrare mekanismar. Etter kvart vart kaliber 9 mm Parabellum det vanlegaste for halvautomatiske pistolar. Utbreidde og vidgjetne modellar i dette kalibret omfattar både Walther P38, italienske Beretta 92 og tsjekkiske CZ 75. Den sovjetiske/russiske Makarov pistol-pistolen er au i 9 mm, men med litt kortare hylse.

I Noreg endre

I Noreg har militæret sidan slutten av 1800-talet bruka bl.a. desse pistolane: Nagantrevolver, Colt 1911 halvautomatisk pistol, etter andre verdskrigen au Luger, Walther P 38, og finsk Lahti i 9 mm. Noverande standardpistol i det norske forsvaret er den austerrikske Glock-pistolen, den au i 9 mm Parabellum. Politiet brukar framleis ein del Colt og Smith&Wesson revolverar i kaliber .38, men ønskjer å gå over til Glock, som har 15 skots magasin.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pistol