Gane
(Omdirigert frå Munntak)
Gane, gom eller munntak (latin palatum) er den delen av munnen som skil han frå nasehola.[1] Han er danna av den harde ganen (palatum durum) framme og den blaute ganen (palatum molle) eller ganeseglet inn mot svelget.[2]
Gane | |||
Bilde av ganen sett frå munnhola. | |||
Detaljar | |||
---|---|---|---|
Latin | palatum | ||
Arteria palatina descendens | |||
Plexus pterygoideus og plexus pharyngeus | |||
Sensorisk: Nervi palatini | |||
Nodi lymphatici cervicales profundi | |||
Klassifikasjonar og ressursar | |||
TA | A05.1.01.102 | ||
FMA | 54549 | ||
Anatomisk terminologi |
Den harde ganen er sett saman av overkjevebeinet (maxilla) og ganebeinet (os palatinum) og kledd med ei fastvoksen slimhinne. Den blaute ganen er danna av bindevev og muskulatur med ei slimhinne utanpå. Midt på den bakre kanten av denne ganen heng drøvelen.[2]
Kjelder
endre- ↑ «gane» i Nynorskordboka.
- ↑ 2,0 2,1 «ganen» i Store norske leksikon, snl.no.