Ei slimhinne eller mucosa (av latin tunica mucosa) er ei fuktig kroppshinne som i hovudsak oppstår frå endoderm. Den er samansett av epitel og eit tynt lag av bindevev kalla lamina propria mucosae.[1] Slimhinnene dekker mange av kroppsholene og nokre av dei indre organa. Mange plassar er dei samanhengande med huden, til dømes i nasebora, leppene i munnen, augeloka, øyrene, kjønnsorgana og i endetarmsopninga.

Histologisk tverrsnitt tatt frå antrum i pylorus visar slimhinna i magen

Det finst slimhinner i klitorishovudet og klitorishetta hjå kvinner, og i penishovudet og den indre delen av forhuden hjå menn. Urinrøyret er òg trekt med slimhinner. Nokre slimhinner er involvert i absorpsjon og sekresjon. Den tjukke væska som blir skild ut av slimhinnene og tilknytte kjertlar blir kalla slim (mukus).

Døme på slimhinner endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Holck, Per (22. januar 2015). «slimhinne». Store medisinske leksikon. Henta 20. februar 2015. 

Bakgrunnsstoff endre