Munster Blackwater
- Sjå òg Blackwater for andre elvar med same namn.
Blackwater eller Munster Blackwater (irsk An Abhainn Mhór, «Den store elva») er ei elv som renn gjennom grevskapa Kerry, Cork og Waterford i Republikken Irland. Ho har utspring i Mullaghareirkfjella i County Kerry og renn så austover gjennom County Cork, Mallow og Fermoy. Ho renn inn i County Waterford og gjennom Lismore, før ho brått snur sørover ved Cappoquin og til slutt munnar ut i sjøen ved Youghal hamn. Blackwater er 120 km lang og er kjend som ei av dei beste lakseelvane i landet, sjølv om laksebestanden har fall drastisk dei siste åra. Mange fiskarar i elva må like vel betale ei avgift til hertugen av Devonshire, som eig elva. Hertugen eig òg Lismore Castle.
Blackwater | |||
elv | |||
Blackwater ved Fermoy
| |||
Lengd | 120 km | ||
---|---|---|---|
Kjelde | Mullaghareirkfjella i County Kerry | ||
Munning | Det keltiske havet ved Youghal | ||
Munster Blackwater 51°56′28″N 7°50′10″W / 51.94119609°N 7.83599854°W | |||
Wikimedia Commons: River Blackwater, Cork |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Munster Blackwater» frå Wikipedia på engelsk, den 23. oktober 2007.