Murgab (tadsjikisk Мурғоб, russisk Мургаб, frå det persiske مرغاب som tyder 'fugleelva') er hovudstaden i Murgab-distriktet i Pamir-fjella i den autonome Gorno-Badaksjan-regionen i Tadsjikistan.

Murgab
landsby
Land  Tadsjikistan
Region Gorno Badaksjan
Folketal 6 500 (2010)
Kart
Murgab
38°10′00″N 73°58′00″E / 38.166666666667°N 73.966666666667°E / 38.166666666667; 73.966666666667
Wikimedia Commons: Murghab

Landsbyen vart grunnlagt av russarane som Pamirskij Post i 1893. Den moderne byen voks opp under Sovjetunionen. Befolkninga er no om lag halvt om halvt pamirsk og kirgisisk. Med sine 4000 innbyggjarar er Murgab omtrent den einaste større landsbyen i den austlege halvdelen av Gorno-Badaksjan. Byen ligg der Pamir Highway kryssar Murgab-elva. På 3650 meter over havet er Murgab er den høgstliggande større busetnaden i Tadsjikistan (og det tidlegare Sovjetsamveldet).

Pamir Highway går nordover til Sary-Tasj og vidare til Osj i Kirgisistan, og sørvest til regionhovudstaden Khorog (300 kilometer). Ein nyare veg går austover til Kulma-passet og Karakoram Highway i Kina, som går vidare til Tasjkurgan i sør og Kasjgar i nord. Når den nye vegen opna i mai 2004 var det berre reisande med kinesiske eller tadsjikiske pass som kunne krysse grensa her. Per 2010 er denne grenseposten open for dei fleste nasjonalitetar. På grunn av denne geografiske plasseringa er Murgab ein naturleg møteplass for både reisande og handlande av både lovlege og ulovlege produkt.

Basaren i Murgab.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Murgab
  1. 1,0 1,1 1,2 https://web.archive.org/web/20221010195817/https://stat.tj/storage//1.01.2022.pdf.