Muru
Muru er ei elv i Lom kommune i Innlandet. Elva er om lag 10 km lang og renn frå Austre Memurubrean til Gjende, ved Memurubu. Elva fører med seg store mengder morenemasse frå isbreen, noko som gjer at vatnet i elva er grågrønt og ugjennomsiktig. Det er Muru som gjeve Gjende den karakteristiske smaragdgrøne fargen.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/fc/Muru_memurubu.jpg/220px-Muru_memurubu.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f4/River_to_Memurubu.jpg/220px-River_to_Memurubu.jpg)
Muru vert nytta til elvepadling, men er ei krevjande elv. Det finst ingen veg i nærleiken, så padlarar må sjølve bere båtane opp langs elva. Næraste veg er ved Gjendesheim, der det går rutebåt til Memurubu.
![Spire](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/ff/Purple_geography_icon.svg/20px-Purple_geography_icon.svg.png)