Gjende
Gjende er ein innsjø i Jotunheimen. Gjende ligg 984 moh. og har eit areal på omkring 15 km². Sjøen er lang og smal – i luftlinje 18 km lang og 1,5 km brei på det breiaste. Største djup er 149 m. Gjende har ein karakteristisk smaragdgrøn farge på grunn av dei store mengdene morenemasse som vert ført med elva Muru ut i Gjende.
Gjende | |||
innsjø | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Vågå | ||
Nedslagsfelt | 375,62 km² | ||
Høgd over havet | 984 moh. | ||
Lengd | 18 km | ||
Breidd | 1,5 km | ||
Areal | 15,64 km² | ||
Middeldjupn | 66 m | ||
Største djupn | 149 m | ||
Volum | 1,03 km³ | ||
Kystlengd1 | 40,32 km | ||
Koordinatar | 61°29′22″N 08°40′48″E / 61.48944°N 8.68000°E | ||
Gjende 61°29′22″N 8°40′48″E / 61.489444444444°N 8.68°E | |||
Wikimedia Commons: Gjende | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Geografi
endreGjende ligg midt i Jotunheimen og både nord og sør for sjøen ligg toppar på godt over 2 000 m. Ved vestenden ligg Gjendebu, på nordsida ligg Memurubu og ved austenden ligg Gjendesheim. Om sommaren går det båtrute mellom desse tre stadene.
Elva Sjoa renn ut frå Gjende, ved Gjendesheim, og ender i Gudbrandsdalslågen.
Namn
endreNamnet Gjende er gudbrandsdalsdialekt, og er den offisielle varianten av namnet ettersom sjøen ligg i Lom og Vågå kommune. På vangsdialekt heiter sjøen Gjendin, nokon ein finn igjen i namnet Henrik Ibsen brukte om Besseggen i skodespelet Peer Gynt: Gjendineggen, eller Gendineggen i den tidas staving.
Sjøen har gjeve namn til to kjende personar; friluftsmannen Jo Gjende og budeia Kaia Gjendine Slaalien.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gjende» frå Wikipedia på bokmål, den 3. april 2005.