Musculus latissimus dorsi

Musculus latissimus dorsi (frå latin: latissimus - «breiaste», dorsi - «som høyrer til ryggen»), på norsk òg kalla den breie ryggmuskelen[1], er ein brei, flat, trekanta ryggmuskel som ligg på ryggflanken og strekkjer seg opp til brystkassa for å vere ein del av den bakre aksillefolden. Han er delvis dekt av m. trapezius i torakalregionen.

Musculus latissimus dorsi
M. latissimus dorsi
Norsk namn Den breie ryggmuskelen
Gray's subject #121 432
Utspring Ryggtaggane processi spinosi T7-L5, crista sacralis mediana, fascia thoracolumbalis, hoftekammen crista iliaca, nedste 3-4 costae og angulus inferior scapulae.
Feste    Crista tuberculi minoris humeri
Arterie A. thoracodorsalis som greiner seg frå a. subscapularis, som kjem frå a. axillaris
Nerve N. thoracodorsalis eller N. subscapularis, som kjem frå plexus brachialis.
Rørsle Ekstenderer og innoverroterer overarmsbeinet, humerus.
Antagonist M. deltoideus og m. trapezius

Muskelen blir rekna som ein overarmsmuskel som har migrert til ryggen. Han er med det ikkje ein del av dei eigentlege ryggmusklane.

Utspring og feste endre

Muskelen spring ut frå eit sterkt fibrøst seneblad som er kalla ryggaponevrosen, fascia thoracolumbalis, som sit fast i ryggtaggane processi spinosi T7-L5 og frå vidareføringa av ryggtaggane på krossbeinet, crista sacralis mediana, og bakre delen av hoftekammen crista iliaca. Ofte er òg nokre muskelbuntar festa i nedre kanten av skulderbladet, angulus inferior scapulae. Dei muskelbuntane som kjem frå hoftekamsdelen av fascia thoracolumbalis er ofte òg festa i dei 3-4 nedste ribbeina, costae.[1]

Muskelen skyt opp under m. trapezius og festar seg på beinlista under den vesle overarmbeinsknuten, tuberculus minus, som er kalla crista tuberculi minoris humeri[1][2]. Andre kjelder hevdar at han festar i fura mellom dei to overarmsknutane, sulcus intertubercularis humeri[3]. Det har i alle høve ingen funksjonell tyding. Endesena bøyger seg om den nedre og fremre kanten av m. teres major før han vrir seg om seg sjølv[3] og festar anteriort for m. pectoralis major og posteriort for m. teres major. Ein hugseregel er at m. latissimus dorsi er «ladyen mellom dei to majorane».[4]

Rørsle endre

M. latissimus dorsi er ein adduktor (nedoverførar) og ein innoverrotator i skulderleddet. Om armen er flektert (halden framover), så kan han verke som ein ekstensor òg (trekkjer armen nedover og bakover). Sidan endesena er tvinna, vil han ha særs god kraft når arma er abdusert (halden ut frå sida) og skal adduserast, likt med m. pectoralis major.

Han blir særleg nytta i aktivitetar som staking, klatring og krykkegåing. Han er og i bruk når ein hostar kraftig.[5]

Innervasjon endre

Muskelen får nerveforsyninga si frå n. thoracodorsalis, òg kalla n. subscapularis. Han kjem frå overarmnerveflettverket plexus brachialis.

Fleire bilete endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Dahl, Hans A.: Menneskets funksjonelle anatomi, Cappelen Damm AS, 2010, 3. utgåva, s. 395
  2. Feneis, Heinz: Anatomisk billedordbog, Munksgaard Danmark, 3. utgåva, 12. opplaget, 2011, s. 74
  3. 3,0 3,1 Wheeless, Clifford R.: Textbook of Orthopaedics, nettstad, 15.12.2012
  4. Engelsk Wikipedia, 16.12.2012
  5. Dahl, Hans A.: Menneskets funksjonelle anatomi, Cappelen Damm AS, 2010, 3. utgåva, s. 397

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Musculus latissimus dorsi