Eit kapell kan vere eit lite instrumentalensemble, gjerne dansekapell, restaurantkapell eller blåsekapell.

Ordet «kapell» kjem frå latin cappella, som tyder «lita kappe». Ordet vart tidleg i mellomalderen nytta om vigsla rom for oppbevaring av ein flik av kappa til den heilage Martin; denne kappa var heldt for ein relikvie. I mellomalderen vart ordet bruka om messehakel, liturgiske bøker og om persongruppa som stod for seremoniane i kongelege palass. Slik vart ordet kapell etterkvart nytta om rom for kyrkjelge handlingar ved hoff, og om dei som stod for musikken ved seremoniane – først koret, sidan òg organisten. På 1600-talet vart kapell ei nemning for ensembel med både songarar og instrumentalistar.

I tysk musikalsk tradisjon er eit kapell eit reint instrumentensemble.

Kjelde endre

  • Cappelens musikkleksikon (1979)