Musikkgruppa Vårsøg

Vårsøg var ei musikkgruppe med base i SurnadalNordmøre. Gruppa vart danna (fekk namn) i 1976[1] og bestod av Henning Sommerro, Knut Blekken og Johnny Gausemel. Vårsøg gav åra 1977 og 1978 ut tre album med visesongar og annan song, høvesvis Vårsøg, Sola e komma og Av moll er du komen, til dur skal du bli, den siste i samarbeid med koret SKRUK. Songen og melodien Vårsøg frå albumet har vore svært populær og var mellom anna kjenningsmelodi til Norsk rikskringkasting sitt Nattønske i lang tid.

Musikkgruppa fekk Spellemannprisen 1978 for Sola e komma.

Kjelder og notarEndra

  1. Tidens Krav 23. mars 1976