Sampling er å laga ny musikk av opptak av eldre musikk. Teknikken oppstod med Chamberlin-tangentfjøla i 1946 og vart vidareført med mellotronen1960-talet, men vart ikkje noko eige omgrep før med hiphopen i 1980-åra. Hiphop-produsentar prøvde då å etterape breakbeatsa hiphop-DJane lagde. Seinare vart det bygd samplarar som MPC og ASR-10, i tillegg til at diverse trommemaskiner, keyboard og dataprogram fekk samplefunksjonar.

I tillegg til hiphop vert sampling nytta i elektronika og til ein viss grad r'n'b og pop.

Det vert diskutert om det å sampla verkeleg er å laga musikk. Ei rekke rettssakar har vorte ført fordi samplingar har vore i strid med åndsverkslovar, i Noreg er saka om Paperboys' bruk av Lisa Ekdahl på songen «Barcelona» den mest kjende. I USA er det vanleg å betala menneska bak ein song pengar for å bruka songar med samplingar i, nettopp for å hindra rettssakar av denne typen.