Myntkabinettet
Myntkabinettet (eller Universitetets Myntkabinett) er ei myntsamling som er del av Kulturhistorisk museum og blir vist fram ved Historisk museum i Oslo.
Myntkabinettet | |
![]() | |
Stad | Oslo kommune |
---|---|
Skipa | 30. mai 1817 |
![]() Universitetes Myntkabinett |
HistorieEndra
Myntkabinettet blei grunnlagd i 1817 gjennom innkjøpet av ei samling på over 6 000 antikke myntar, etter initiativ frå universitetsbibliotekaren Georg Sverdrup. Under andre styraren av samlinga, C.A. Holmboe, auka omfanget til over 43 000 gjenstandar.
Oldsaksamlingen og Myntkabinettet heldt opphavleg til i ulike universitetetsbygningar i Oslo, men flytta inn i Urbygningen då universitetetsbygga stod ferdige i 1852. I 1904 flytta dei vidare til nybygget til Historisk museum.
Frå 1999 blei Myntkabinettet ein del av Universitetets kulturhistoriske museer, som i 2004 endra namn til Kulturhistorisk museum.
SamlingEndra
Museet inneheld i dag over ein kvart million objekt frå heile verda; til dømes
- Ordens- og medaljesamlingane til Fridtjof Nansen og Roald Amundsen
- Frederik Schjöth si samling av kinesiske myntar
- 20 000 greske og romerske myntar
- 5 000 europeiske vikingtidsmyntar
- drygt 20 000 norske vikingtid- og mellomaldermyntar frå skattefunn og funn under norske kyrkjegolv.
- samlingar av norsk og europeisk mynt frå nyare tid
- pengesetlar, medaljar og ordenar frå heile verda
BakgrunnsstoffEndra
- khm.uio.no Arkivert 2007-08-21 ved Wayback Machine. om museet
- apollon.uio.no Arkivert 2007-06-04 ved Wayback Machine. Historisk museums historie