Myrtistel (Cirsium palustre) er ein fleirårig art i korgplantefamilien. Planta er utbreidd over Europa, Asia og Nord-Afrika.

Myrtistel
Myrtistel
Myrtistel
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Carduoideae
Stamme: Cynareae
Slekt: Vegtistelslekta Cirsium
Art: Myrtistel C. palustre
Vitskapleg namn
Cirsium palustre

Myrtistel har rak stengel med korte greiner øvst, oftast litt raudbrun. Han har buktfinna mørkgrøne blad med sylspisse broddar og mørkfiolette korgdekkblad utan kvass odd. Planten blomstrar kring juli månad på grasmyr og våt eng. Han veks i Noreg nord til Troms, og er funnen til fjells opp til 1000 metrr over havet.

Kjelder

endre
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.