Nå tennes tusen julelys

«Nå tennes tusen julelys» er ein julesong, omsett av Lars Søraas d.y. etter den svenske teksten «Nu tändas tusen juleljus». Originalteksten er skriven av Emmy Köhler i 1898. Songen vert bruka som julesalme innan mange kristne samfunn i Sverige og Finland, og kom med Salmer 1997 også inn i den norske kyrkja.

Levande lys
I 1981 var songen tittelspor då Agnetha Fältskog og dottera hennar, Linda Ulvaeus utgav eit album med namnet Nu tändas tusen juleljus.

Songen vart fyrste gongen trykt i Korsblomman 1898. Han har i løpet av 1900-talet vorte ein av dei mest brukte julesongane i Sverige, i kyrkje og skole, men òg i heimen. I 1986 vart songen vald inn i Den svenska psalmboken.

Teksten handlar om korleis jula vert opplyst, dels av dei levande lys vi tenner i heimane våre, dels av stjernene på himmelen, og held fram med ei bøn om at betlehemsstjerna òg må lyse for menneske i denne jula.

Melodien er òg skriven av Emmy Köhler i 1898. Den same tonen vert bruka til adventssongen «No tenner vi det første lys».

Kjelder: endre

.