Halldis Moren Vesaas

norsk lyrikar

Halldis Moren Vesaas (18. november 19078. september 1995) var ein norsk lyrikar, omsetjar og kulturarbeidar, som på mange område gjorde ein omfattande innsats for nynorsk språk og kultur.

Halldis Moren Vesaas

Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. november 1907
Trysil kommune
Død

8. september 1995 (87 år)
Oslo

Yrke skribent, lyrikar, barnebokforfattar, omsetjar
Sjanger dikt, barnelitteratur, essay
Far Sven Moren
Ektefelle Tarjei Vesaas
Born Olav Vesaas, Guri Vesaas
Halldis Moren Vesaas på Commons

Dei fleste av diktsamlingane hennar, seks av i alt åtte, kom ut i åra frå 1929 til 1947. Det sentrale temaet er opplevingar og kjensler hjå kvinner gjennom dei ulike livsfasane: ungdom, forelsking, partilhøve i lukke og i motgang, morsrolle og til sist den modne kvinna og hennar perspektiv på livet og gleda ved ny kjærleik.

Halldis Moren Vesaas vann ry som gjendiktar gjennom arbeidet sitt med klassisk dramatikk, ho var ein ettertrakta opplesar, og ho hadde fleire sentrale verv i kulturlivet, mellom anna i Riksteateret, forfattarforeininga og Norsk kulturråd. Ho var fødd i Trysil, det meste av det vaksne livet sitt budde ho på Midtbø i Vinje, frå 1933 til rundt 1970, saman med ektemannen og kollegaen Tarjei Vesaas.

Livsløp endre

Halldis Moren vart fødd på garden Mora i Strandbygda, ei halv mils veg nord for Trysil sentrum, som dotter av forfattaren Sven Moren. Mora, Gudrid Breie, var frå Ål i Hallingdal. Halldis voks opp i eit rikt kulturelt miljø, der mange av jamaldringane hennar også utfalda seg i kulturlivet. Halldis var eldst og einaste jente i ein syskenflokk på fem. Broren Jon (fødd 1909) overtok heimgarden, Torleiv (fødd 1911) utdanna seg til målar, Gudmund (fødd 1913) døydde i juni 1927, medan tvillingbroren Sigmund vart forlagskonsulent og rektor ved Elverum folkehøgskule. Halldis fekk utgjeve det første verket sitt ni år gammal, ei kort historie i Norsk barneblad.

Halldis utdanna seg ved Elverum lærarhøgskole 1925–1928, og hadde deretter ulike jobbar i Hamar og Oslo i to år, mellom anna ved Heim for landsungdom i Nordahl Bruns gate i Oslo. Her utgjorde ho saman med Kai Fjell, Åsmund Sveen og broren Torleiv eit kulturmiljø.[1] I 1930 flytte ho til Sveits, der ho arbeidde i tre år som sekretær.

 
Frå Midtbø.
Foto: Signe Marie Kittelsaa
 
Frå Midtbø.
Foto: Signe Marie Kittelsaa

Ho møtte forfattaren Tarjei Vesaas i 1931, gjennom Mikkjel Fønhus, ein venn av Vesaas.[2] Båe kjende då forfattarskapen til den andre.[3] Dei fann umiddelbart tonen, og innleidde eit avstandsforhold.[4] Paret gifte seg i april 1934 og busette seg i Vinje i Telemark på Midtbø, ein gard Tarjei hadde kjøpt av onkelen Øystein Vesaas i 1930. I 1935 kom sonen Olav til verda. Fire år seinare vart dottera Guri fødd. Halldis arbeidde som lærar i Vinje frå 1941 til 1943.

Hovudtyngda av den lyriske forfattarskapen hennar skriv seg frå dei atten åra etter debuten: Seks diktsamlingar frå 1929 til 1947, i tillegg til to barnebøker og ein roman. Den seinare skjønnlitterære forfattarskapen omfattar berre to eigne diktsamlingar, i 1955 og 1995, og ei novellesamling. Likevel klarte ho å halde på posisjonen blant lesarane i 40 år utan å gje ut ei ny diktsamling.[5] I sjølvbiografien peikar ho sjølv på korleis hennar eiga «lyriske åre» rann tom nett i dei same åra som ektemannen byrja å skrive lyrikk.

I åra frå 1946 og framover vart Halldis Moren Vesaas ein av dei mest allsidige og aktive kulturarbeidarane i Noreg. Dette var ei rolle ho tok på seg bit for bit, og i aukande grad etter som familiesituasjonen gav rom for det. Ho gjendikta og omsette for teater, og då særleg for Det norske teatret, og ho skreiv artiklar om ulike emne og var ekstern forlagskonsulent – først for Noregs Boklag og seinare for Samlaget. Nokre årstal som kan brukast som indikatorar for når dei ulike oppgåvene hennar i den allsidige kulturarbeidar-rolla utvikla seg, er 1938, då den første barnebokomsetjinga er registrert, 1949 med vervet i Riksteateret, 1951 med biografien om faren, og 1961 då ho fekk Bastianprisen for gjendiktinga av Jean Racines Phèdre. Ho sat i styret for Riksteateret frå 1949 til 1969 — dei siste tolv åra som nestformann, medlem og nestleiar i Den norske forfatterforenings litterære råd frå 1952 til 1972, medlem av Norsk språknemnd frå 1952 til 1967, medlem av Norsk Teaterråd i 1964 og medlem av styret for Norsk kulturråd frå 1965 til 1972. Rundt 1950 samarbeidde ho med Thorbjørn Egner om lesebøkene, både om innhaldet, og ved å leggje dei nynorske utgåvene av bøkene til rette. Ho skreiv fleire sjølvstendige bidrag til bøkene, og fekk òg ektemannen Tarjei til å skrive for lesebøkene. På heimebane i Vinje engasjerte ho seg i kultur- og samfunnsoppgåver i heimbygda, mellom anna som skulestyreformann i nokre år frå 1946.

Både i forfattarskapen og i andre samanhengar var ho ein medviten, men samtidig sjeldan konfliktleitande, kvinnesakforkjempar. Retten til eiga inntekt, eige arbeidsbord og sjølvstendig identitet er ein raud tråd i sjølvbiografiane, på same måte som ei tydeleg kvinneleg livskjensle er eit gjennomgangstema i lyrikken.

Halldis Moren Vesaas vart enkje i mars 1970, og flytte sidan til Oslo, der ho budde i Jacob Aalls gate på Majorstua. På 1980-talet var ho kjærast med skodespelaren Gisle Straume (1917–1988).[6] Ho vart utnemnd til Kommandør av St. Olavs Orden i 1984. I 1992 vart ho sjuk og døydde roleg tidleg på hausten 1995, 87 år gammal.

Forfattarskap endre

Lat meg få bera kransen
enno ei lita stund,
og riv kje enno sløret
mitt kvite slør, i sund!

Frå «Brurebøn»; 1930
Ung kjærleik, nokså konkret, var eit sentralt tema i hennar to første diktsamlingar.

Dei fleste dikta til Halldis Moren Vesaas er tradisjonelle i form og handlar om kvinneliv, kjærleik, meininga med livet, etter kvart òg dauden. Dei fleste og meste kjende av dikta er i beste forstand høvesdikting, sprunge ut av livsfasar, personlege røynsler og observasjonar om menneske og samfunn; stadig meir prega av ein varm humanisme og sosial ansvarskjensle.[7]

Ho skriv sjølv i forordet til Ord over grind, utvalde dikt (1965):

«Dei dikta som gjennom åra «steg ned» til meg har da òg vore eit slags biprodukt av det å leve. Har den nøyaste samanheng med det […] Når livet bruste som høgst i ein, i lykke eller smerte, vart diktet til, gjorde teneste som ein ventil, rett og slett, som i den fosskokande gryta vi lærte om i fysikktimane da vi var små. I tider da det berre bobla så pent og passeleg i livsens gryte, vart det ingen dikt, eller i alle fall svært få. Dei melde seg ikkje da, og som regel nyttar det lite å mane dei fram.
[…] Program eller ikkje: Dikta i åra framover vart av seg sjølve uttrykk for dei mest allmennkvinnelege kjensler og opplevingar av alle, ettersom det var i dei åra ein gifta seg, fekk ein heim, vart mor.»

Då ho debuterte i 1929 med diktsamlinga Harpe og dolk, var ho blant dei første nordiske kvinnene som motig og fordomsfritt skreiv seg til sin eigen plass i litteraturen, med eit uredd sjølvbilete, og ein vaken djervskap – òg om erotiske kjensler. Eit hovudtema i debutsamlinga er «ei intens manifestering av eg-et»[8], ei etablering av ein sjølvstendig identitet, midt inne i dei relasjonane forfattaren var ein del av: kvinnelegdom, samtid, jordbrukskultur, ungdom og kjensla av å bråmognast. Bråmogninga kjem blant anna til uttrykk i det tvitydige «Fødd i går», der farsopprøret er eit tema. Kvinnelegdomen vert uttrykt mellom anna i diktet «Ny kvinne», om den første menstruasjonen, og i «Aleine», der dikt-eg-et ventar på sin kjære i eit biletspråk som knapt kan mistydast:

«Eg har lagt fela fram til deg
for eg veit du vil ha henne straks du kjem.»

Vesaas har òg sagt[9] at ho oppfatta seg som ein representant og røyst for kvinnene i generasjonen sin: «Den tida var det enno så få kvinner her i landet som hadde skrive dikt at når ein gjorde det, måtte ein nesten kjenne seg som eit svarberg, som fange inn stumme ord og gav dei lyd». Dikta var for det meste i bunden form, men det finst òg frie dikt i debutsamlinga. Titteldiktet «Harpe og dolk» gjer det doble innhaldet i den nye kvinnerolla tydeleg, ho er både den harmoniske songaren og den sjølvstendige, uavhengige som kan vere resolutt og handlekraftig.[10] I ettertid har ho teke avstand frå det proklamatoriske ved tittelen: «Det synes eg er ein fæl tittel. Eg får unnskylde meg med at eg var temmeleg ung den gongen».[11]

Også i den neste samlinga Morgonen (1930) var gleda og livet, innviinga til livet og den gode plikta overfor livet eit hovudmotiv, slik det mellom anna vert uttrykt i opningsdiktet «Til livet»:

«Mitt liv, eg lovar deg høgt og dyrt:
Ikkje før døden det vil
sloknar min brennande elskhug til deg
og gleda: å høyre deg til.»

Lykkelege hender!
Frå gjerning til gjerning som ligg og ventar
berre på
dei
går dei dagen lang.

«Lykkelege hender»; 1936
Særleg i diktsamlinga frå 1936 var ekteskap, kjærleik, heim og morsrolle eit gjennomgåande tema.

Dei to neste samlingane, Strender (1933) og Lykkelege hender (1936) kan lesast i lys av livsfasane i Halldis sitt eige liv: Avklåra kjærleik, å byggje sin eigen heim, å høyre til der, og å verte mor. Her er kjende og ofte siterte dikt som «Nei, eg får aldri nok», «Litteraturen og ungen» og «Lykkelege hender». Og endå fleire dikt tematiserer ulike sider ved kjærleik, samliv, heim og barn. I «Tre og mold» er treet eit uttrykk for kjærleiken: «I natt i draumen eg var eit tre [...] Du var molda og treet eg.» – på same måte som trea i «Tre i skogen» veks saman og blandar lauv og røter, medan treet i diktet «Tuntre» representerer langvarig tilhøyrsel til heimen i vid forstand, òg ektefelle. Diktet «Kveld» frå 1933 er eit tidleg eksempel på ein type dikt som vert meir vanlege i samlingane frå 1947 og 1955; ei nært opplevd kjærleikstrette:

«Venn, sjå ein fager dag har vi fått øydelagt.
Vi drap han oss imellom i vår blinde strid».

I samlinga Lykkelege hender er midtbolken dikt frå heimemiljøet i Trysil, der bindinga til heim og ætt er tydelegast uttrykk i dikta «Gammal gard»:

«Det stilnar i tunet. Bak attletne dører
dovnar alt liv mot kvile og natt
Allting er rett her. Dei trøytte blir borte,
og vegar dei trør her skal snart gro att.
Menneske døyr, men det gode og strenge
garden skal ættene halde ved lag».

Denne bindinga til jorda og garden kan vi òg kjenne att dei to romanane ektemannen skreiv på den same tida: Det store spelet og Kvinnor ropar heim, båe om Per Bufast – og i hennar eiga barnebok Du får gjera det, du frå 1935.

Mordikta frå Lykkelege hender vart eit nytt eksempel på at diktinga hennar vart eit svarberg for kvinnene sine røynsler og livskjensle, der ho la nye tema til lyrikken. Dikt som «Det nye andedraget», «Litteraturen og ungen», «Den største», «Tider» og «Sonen og treet» er alle vitnesbyrd om morskjensle og liv med barn, som framleis har stor relevans for sitering.

No plantar kvinna i verda eit tre.
På kne liksom ein som bed
ligg ho blant restene etter dei mange
som stormen har brote ned.
På ny må ho prøve, om ein gang eitt
får vekse seg stort i fred.

Frå diktet «No plantar kvinna —»; 1947
Diktsamlingane frå 1945 og 1947 var prega av røynslene frå krigen.

Samlinga Tung tids tale (1945) er for det meste dagbokdikt frå kvardagslivet under krigen.

«Eg vil ikkje gråte meir for alt det spilte blod.
Ein gong tok han slutt, også denne vonde dagen .
Eg vil sjå til borna mine, som har gått til ro,
siden vil eg grave litt i hagen.
[…]
Ingen, ingen hjelper det om alle verdsens kvinner går
ikring med raude auge, ikkje ein.»

(«Ein kveld av krigen»). Best kjent av dikta er «Tung tids tale» («Det heiter ikkje: eg — no lenger…») og «No plantar kvinna —».

Den siste diktsamlinga på 40 år, I ein annan skog (1955) viser eit breiare spenn av sinnsstemningar, med mørker stemningar, vurdering av uro og tvil.[12] Samlinga inneheld rett nok livsfasedikt som «Ung sone» og «Å vera i livet (Tre vers til mor)», og kjærleiksdikt som «At du —» og «Dine ord», men sjølv kjærleiksdikta inneheld tvil og erkjend avstand:

«Kjære, alt ditt som du viser meg no
— så utenkt som mangt av det er —
kan det vel hende eg ikkje forstod
om du ikkje var meg så kjær.» (frå «Lyset»).

Hennar mørke samling I ein annan skogvert avslutta karakteristisk nok med ein vilje til å ta vare på det som gjev livet verdi. Sluttdiktet «Skuggane» hentar handlinga frå eit uspesifisert, fiktivt landskap: der samlast «dei stille skuggar» (daude, krigsramma eller deprimerte) på «den aude stranda», der dei med trassig livsgnist og karrig håp samlar seg om minna om det som enno finst, og som gir livet verdi: «Angen av lauvskog, smaken av brød [...] og alt det dei levande eig».

Barnebøker endre

 
Frå Midtbø.

Ho skreiv fire barne- og ungdomsbøker i perioden 1935–1949: Du får gjera det, du (1935); Den grøne hatten (1938); Hildegunn [13] i (1942) og Tidleg på våren (1949). Alle fire bøkene er i eit austnorsk bygdemiljø[14], med realistiske skildringar av barn sine livsvilkår i samtida. Bøkene kan likevel ikkje eintydig setjast i båsen «bygdeoppvekstbøker». Til det var dei tidleg meir individorientert ein vanleg innanfor sjangeren[15]. Gjennomgåande tematikk i dei fire bøkene er mogning av sjølvkjensla, utvikling av ansvarskjensla og tilhøvet til eigen gard, bygdemiljøet og livsval.

Hovudpersonen Sigrid i Du får gjera det, du overtek draumen til faren når faren døyr. Ho skal dyrke opp jord og starte gartneri på heimgarden Åset. Boka er ei dvelande skildring av det gode livet på garden og års- og livsrytmen der. Det kan ha interesse å sjå boka i lys av biografien til forfattaren, med ekteskap, barn i vente og valet om å busetje seg på Midtbø[16].

I Den grøne hatten er det eit breiare innslag av sosiale spørsmål; sjølv om handlinga flytter seg frå det sosiale til det moralske planet[17]. Arne kjem frå ein liten gard i Avdalen, og må arbeide som dreng på garden Storjordet i Kyrkjebygda samtidig som han går det siste skoleåret. Han gjennomgår eit læreår; som mobbeoffer på skolen, som vitne til vanskjøtselen til den alkoholsvake storbonden, og ved ein femåring som brutalt tilfeldig døyr. Alt dette mognar han fram til ein trassig kampvilje og etisk plikt for å ta vare på heim og jord:

«Ja, du skal få levebrødet ditt her! det kviskra mot han frå mold og gras, frå skogen utmed skigarden og frå dei gamle grå husa. Og mykje meir enn levebrødet skal du få! Berre vi får deg, kreftene din og kjærleiken din - » (Frå Den grøne hatten, side 114).

I romanen Hildegunn problematiserer Vesaas biletet av heimen og bygda som idealtilstandar. I nokon måte er det ei tradisjonell skildring av bygdeungdom som møter med storby og hybelliv; i andre samanhenger skil skildringa seg ut med problematisering av kjærleiken og den tidlege erotikken[18]; og med dei avidylliserande skildringane av bygdesamfunnet.

Òg i Tidleg på våren legg forfattaren vekt på eit nyansert bilete av reelle menneskelege tilhøve og problemstillingar. Hovudpersonen står i valet mellom byliv / utdanning og heimbygda, kjenner seg svikta av faren og andre vaksne, og kjem inn i ein prosess der ho må ta ansvar for å utvikle modne, nyanserte relasjonar til menneska rundt seg. Vesaas fekk førsteprisen til departementet for boka. Samtidige kritikarar la vekt på den etiske realismen i boka[19].

I ein artikkel om bøkene[20] vert det peikt på at temaet i Den grøne hatten er knytt til utvikling av personlegdommen, og detvert stilt opp etiske reglar for korleis eit menneske bør vere. Det same gjeld Tidleg på våren, men her rettar det seg meir mot tilhøva mellom menneska: Behovet menneska har for å tilgje og verte tilgjeve.

Ved sida av desse fire bøkene gav ho i 1970 ut Gudefjellet, ei attforteljing av gresk mytologi for barn og unge. Boka framstår som ei bruksbok, kanskje tinga frå forlaget, eller avleidd frå arbeidet med lesebøkene. Hennar einaste biletbok Den gode gåva, segna om Demeter (1987) står for seg sjølv i verket hennar. Dertil har ho òg omsett meir enn 30 biletbøker, dei fleste for Samlaget, der dottera Guri Vesaas var barnebokforleggjar.

Barnehøyrespel endre

Vesaas skreiv òg barnehøyrespela Barnetime (etter 1945), Med sjøkattar på storfiske (1947), Eit underleg funn (1948) og På den store vegen (1950). Ifølgje Tilman Hartenstein i boka Det usynlege teateret: Historia til radioteateret, er dei heilt ukjent og borte frå arkiva.[21]

Gjendiktar endre

 
Halldis Moren Vesaas var gjendiktar for Det norske teatret.

Vesaas var fast og populær gjendiktar for Det norske teatret, og det er registrert nærare 50 gjendiktingar av henne for teatret. Den første, Klokkene i Corneville av Clairville & Gabet, vart oppført i 1940. Blant dei siste var Molières Tartuffe og Berthold Brechts Tolvskillingsoperaen. Ho omsette kompetent frå fransk, engelsk og tysk. Gjendiktingane kom regelmessig gjennom heile karrieren hennar, men ho fekk fleire oppdrag og særleg merksemd rundt gjendiktingane sine på 1970- og 1980-talet, då ho var nynorskens og Det Norske Teatrets grande dame.

Alt i 1960 fekk Halldis Moren Vesaas Bastianprisen for Racines Fedra, ei gjendikting som tok henne tre år. Ein kritikar[22] skreiv: «Racine var elegant, men fru Halldis ligger ikke ein tomme etter ham. Fransk er et rikt språk, men det er nynorsk også. Aleksandrinar er djevelen sin verk med sine strenge krav [...] men fru Halldis tar alle hindere.»

Edvard Hoem skriv i etterordet til hennar Dikt i omsetjing (1993): «Når omsetjaren Halldis vil ha både det opphøgde og det rå og upolerte, er det for så vidt i tråd med den livshaldninga som pregar mange av dei kvinnene ho har gitt norsk røyst, og den medvitne, feminine tonen i hennar eigne dikt.»

Sjølv skriv ho blant anna i innleiinga til Brechts Tolvskillingsoperaen[23] om dilemma gjendikaren står overfor: «Den største vansken for ein Tolvskillings-omsettar er sjølvsagt alle songtekstane, få skikk på dei, og få dei til å passe til Weils ganske innfløkte melodiar. Men den språklegen rikdommen er òg vanskeleg å berge over i eit nytt språk. Nær sagt all personane her er språklege snobbar, vil gjerne snakke fint, men drattar ustanseleg ned i kjeftbruk og råprat. For å få til ei slik fallhøgd, og i det heilet få til språkleg variasjon, har eg iblant gått enda lenger enn Brecht sjølv, bl.a. ved å la personane bruke framandord som dei sjølvsagt brukar feil, og ved å nytte ord som tilmed for Brecht var tabu den gong han skreiv Tolvskillingsoperaen.»

Sakprosa endre

Sakprosaen hennar omfattar over 120 artiklar, reisebrev, bokmeldingar, intervju, introduksjonar osv[24] [25]. Ho debuterte som nemnt 9 år gammal i Norsk barneblad, og skreiv nokre fleire artiklar i bladet og juleheftet Joletre. Hennar første artikkel for eit vakse publikum var «Paaskedag i Marseille» i avisa Den 17de Mai i 1930. Ho skreiv sporadisk for fleire tidsskrift, og forholdsvis regelmessig for blant anna Syn og Segn og Urd. Ho var litteraturkritikar for Dagbladet 1967–69, og redaktør for Samtiden 1980–81.

Det største delen av artiklane fell i dei tre kategoriane 'Om nordisk litteratur', 'Om kvinner' og 'Om nynorsk'.

Vesaas sin sakprosa er på same måte som lyrikken sprungen ut frå personlege røynsler. Blant hennar beste artiklar står artiklar om forfattarar som står henne nær, anten personlege eller som litterære føredøme, eller båe delar: Edith Södergran, Karin Boye, Solveig von Schoultz, Stig Dagerman, Inge Krokann, Tor Jonsson, Einar Skjæraasen og Åsmund Sveen. Det er påtakeleg at Vesaas handsamar sjølvmordegåta i omtalen av både Boye, Jonsson og Dagerman. I desse tekstane viser ho ein balanse mellom empati med det utbrente livet og si eiga plikt til livsansvar og livslyst.

I ei særklasse står sjølvsagt dei aller næraste forfattarane ho skriv om: faren Sven og ektemannen Tarjei. Den private, men ikkje ukritiske minneboka Sven Moren og heimen hans (1951) vart skriven etter ønske frå Aschehoug forlag, som i desse åra gav ut ein serie små forfattarportrett. Dei tre artikkelportretta av ektemannen er alle skrivne på bestilling: Først til 50-årsjubileumsheftet av Syn og Segn i 1947, deretter til Studentersamfundets hyllingsbok i 1964 og sist ein kort artikkel til Årbok for Telemark 1967[26]. I ei særklasse i norsk biografilitteratur står dei to minnebøkene I Midtbøs bakkar (1974) og Båten om dagen (1976)[27], der ho både er personleg og direkte. Ho fortel[28] at eit mål med biografiane var å ta livet av mytane om «den overjordiske idyll fullstendig hevd over strevet til ekteparet og sorge, eit opphøgd liv trygt i elfenbeinstårnet oppe i fjellbygda».

Som antologiredaktør og omsetjar skreiv ho korte introduksjonar til fleire forfattarar.

Ettermæle endre

Halldis Moren Vesaas-prisen, skipa i 1995, er oppkalla etter henne.

Både Samlaget, familien, heimkommunane, Teatret og fleire har teke vare på den litterære arven hennar: Sonen Olav Vesaas redigerte den omfattande prosasamlinga Livet verdt i 1998, og antologien Liv og dikt i lag i 2003. I denne siste har han samla dikt og sjølvbiografiske tekstar frå både Halldis og ektemannen Tarjei til ein heilskapleg presentasjon av liv og dikting. Sonen sin nye biografi om Halldis, Å vera i livet, kom ut i september 2007.

I samband med jubileumsåret 2007 vart ein ny heilfigur statue[29] av henne avduka i Vesaasparken i Vinje, og bystar i Oslo og i Trysil. Skulpturane er utførte av Merete Sejersted Bødtker.

Posten Noreg æra henne med eit frimerke i september 2007, NK 1644.

Vennen Sigmund Skard skreiv dette i Festskriftet:

«I dei siste leveåra sine saman kom diktarparet i Vinje til å bli noko av ein norsk kulturinstitusjon, omgitt av ein takksam vørdnad som er mindre vanleg i vårt land. Det kom stendig ein straum av trykksaker frå Midtbø; men det var her tale om meir enn bøker og papir. Desse to menneska kom til å stå for ei heil livsholdning, som dei tydeleg åtte i lag, og som like tydeleg hadde ein bodskap til samtida. I alt dei sa og gjorde, var det noko ope, varmt og klokt som folk kjende, – noko realistisk spørjande og samstundes positivt, alvorleg og samstundes breitt tolerant, ein usekterisk radikalisme som også fekk med seg mykje av tradisjonelle verdiar, både i tanke og mål. Det var typisk at dei liksom sjølvsagt sameinte ei rotfast folkenorsk heimkjensle med det vidaste utsyn mot den store verda.»

Prisar endre

Bibliografi endre

Du går fram til mi inste grind
og eg går òg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.

«Ord over grind» (1955)
Diktet «Ord over grind», som er eit av dei mest siterte dikta hennar, drøftar nærleik og avstand mellom menneske

Av henne endre

  • Harpe og dolk (1929, dikt)
  • Morgonen (1930, dikt)
  • Strender (1933, dikt)
  • Du får gjera det, du (1935, barnebok, ny utgåve 1977)
  • Lykkelege hender (1936, dikt)
  • Den grøne hatten (1938, barnebok)
  • Hildegunn (1942, roman/ungdomsbok)
  • Tung tids tale (1945, dikt)
  • Treet (1947, dikt)
  • Tidleg på våren (1949, ungdomsbok, kom i fleire opplag, ny utgåve 1965)
  • Sven Moren og heimen hans (1951, biografi)
  • I ein annan skog (1955, dikt)
  • Utvalde dikt (1957, dikt i utval til 50-årsdagen)
  • Ord over grind (1965, dikt i utval i lyrikklubben til Den norske Bokklubben)
  • Sett og levd (1967, essay i utval)
  • Gudefjellet: Om gudar og heltar i det gamle Hellas (1970, sakprosa for barn og unge, ny utgåve 1995)
  • I Midtbøs bakkar (1974, livsminne, også utgjeve saman med Båten om dagen i eitt bind med tittelen I Midtbøs bakkar)
  • Båten om dagen (1976, livsminne, også utgjeve saman med I Midtbøs bakkar i eitt bind med tittelen I Midtbøs bakkar)
  • Den gode gåva (1987, biletbok, illustert av Kaja Thorne)
  • Så nær deg (1987, noveller, også utgjeve i Livet verdt)
  • Vandre med vers (1990, diktantologi med livsminne)
  • Dikt i omsetjing (1993)
  • Livshus (1995, dikt)
  • Livet verdt (1998, essay og prosa i utval)

Som redaktør endre

Barn, ikkje le av den fuglen
som flaksar så hjelpelaust av stad.
Vinden har skilt han frå dei andre...

«Einsamflygar» (1957)
I dette diktet bruker Vesaas fuglen som metafor for å uttrykke medkjensle med såra og utstøytte medmenneske
  • Nynorsk novellekunst: Ein antologi (1965, ny utgåve 1969 med tittelen Nynorske noveller)
  • Framande dikt frå fire tusen år: Ein antologi (1968, redigert av Hartvig Kiran, Sigmund Skard og Halldis Moren Vesaas, ny utgåve 1995)
  • I grenselandet (1969, antologi med dikt om døden)
  • Trær: treet i norsk lyrikk: En antologi (1977)
  • Leva här bland alla andra: Finlandssvensk lyrikk (1978)
  • «Ein blomstervang for din fot-»: Norske kjærleiksdikt (1994, også utgjeve med tittelen Norske kjærleiksdikt)

Om Vesaas endre

  • Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag drag. Om Halldis Moren Vesaas' forfatterskap, Landslaget for norskundervisning / Cappelen akademiske forlag, 1996 (ISBN 82-456-0059-8)
  • Leif Mæhle (red.): Halldis Moren Vesaas. Festskrift til 80-årsdagen 18. november 1987, Aschehoug, 1987 (ISBN 82-03-15750-5)
  • Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas: Liv og dikt i lag. Dikt og prosa, utvalde av Olav Vesaas, Aschehoug, 2003 (ISBN 82-03-18729-3)
  • Olav Vesaas: Løynde land: ei bok om Tarjei Vesaas, Cappelen, 1995 (ISBN 82-02-12939-7)
  • Olav Vesaas: Å vera i livet : ei bok om Halldis Moren Vesaas, Samlaget, 2007 (ISBN 978-82-521-5715-4)
  • Mari Beinset Waagaard: «Forfattaren Halldis Moren Vesaas», i Syn og segn, nr. 8, 1977 (I same hefte: Sigmund Skard: «Halldis Moren Vesaas sytti år»)
  • Mari Beinset Waagaard: «Halldis Moren Vesaas», i Norsk litterær årbok, 1966

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Halldis Moren Vesaas: «Andletet i brunnen, om Åsmund Sveen» i Forfatternes litteraturhistorie bd. 4, 1981. Opptrykt i Festskriftet 1987 og i Livet verdt.
  2. Fønhus, som sjølv var avvisande til ekteskap og kvinner på denne tida, hadde invitert begge på middag ein kveld alle tre var i Oslo. Fønhus sjølv melde forfall. Ref: Halldis Moren Vesaas: «Giftekniven» i Mikkjel Fønhus, slik vi husker han (1974), gjenopptrykt i Livet verdt (1998).
  3. Halldis Moren hadde (som ho sa sjølv) anonymt skrive bokmelding av boka hans Dei svarte hestane i ei avis (men det er ingen spor av dette i Tarjei Vesaas-bibliografien i festskriftet hans i 1967), og brevet hans til henne etter debuten er legendarisk: «Eg vart heilt hugteken av dykkar unge song […] De er so uredd og varm» (sitert frå Liv og dikt i lag, 2003).
  4. Glimt frå avstandsforholdet kan ein finne mellom anna i diktet hans «Ein kveld i Verona» (fulltekst Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.) julefeiringa deira i Roma i 1932.
  5. Dag Aanderaa: «Halldis Moren Vesaas» i Norsk biografisk leksikon, 2. utg. bd 9, 2005.
  6. Diktet «Ferdaminne frå sommaren 1985» (i Livshus) er med den leikne rapporten om «kyssing i heisen» eit personleg glimt frå desse åra.
  7. Eller sagt med Olav Dalgard sine ord i «Halldis Moren Vesaas» i Norsk biografisk leksikon, 1. utg. bd 17, 1975: «Grunntonen i lyrikken til HMV er merkt av ei bivrande lykkekjensle og takksemd over det å få leva, elske, vera mor, møte hjartevarme hos andre menneske, og kjenne angen fra alt som gror og veks».
  8. Sitat frå Leif Mæhle: «Lyrikaren» i Festskriftet, 1987.
  9. I føreordet til Ord over grind, 1965.
  10. I eit intervju med Knut Faldbakken, trykt i føreordet til Dikt i samling (1977), seier ho at diktet er eit høvesdikt, meint på éin bestemt — men diktet er likevel uttrykk for ei såpass generell livshaldning at ho vel det som titteldikt.
  11. Ho held fram «… Slike symbol frå romantikken var vel ikkje så fjerne den gongen som det er no, sjølv om denne nok var på grensa». Dette sa ho i eit fjernsynsintervju i mai 1995, gjeve att i Haagen Ringnes: «Kjærleik gjer klok: Halldis Moren Vesaas» i Reflekser i trylleglass, stemmer fra vårt århundre, Cappelen, 1998.
  12. Sitat frå Faldbakkens samtale med HMV i forordet til Dikt i samling (1977):
    – «Da jeg leste diktene dine kronologisk, slo det meg at det etterhvert som tiden går kommer inn mørkere undertoner, anslag av uro og tvil. Og særlig i I ein annan skog synes jeg du forteller om ting som står i en ganske skarp kontrast til det idealiserte bildet som etterhvert er skapt omkring deg og ditt liv»
    – «Det er et problem. Har du én gang skrevet
    Lykkelege hender, så skal de hendene visst alltid måtte fortsette å være lykkelige, uansett hva de foretar seg. De mørke tonene blir underslått.»
  13. «Hildegunn var i utgangspunktet utgjeven for vaksne, men som mange ungdomsskildringar frå perioden vart ho seinare tatt opp i ungdomslitteraturen». Etter Birkeland. Vold. Risa. Norsk barnelitteraturhistorie. 2. utg. Samlaget, 2005. ISBN 82-521-5933-8; s 234
  14. «Personar og hendingar varierer frå bok til bok, men livssyn og haldning til bygda og garden er mykje godt det same». Sitat fra Gunvor Risa «Barnebokforfatteren» I: Halldis Moren Vesaas, festskrift til 80-årsdagen. Aschehoug, 1987. ISBN 82-03-15750-5; s 85
  15. «Til det var dei tidleg meir individorientert..»; setning lånt frå Birkeland/Vold/Risa; s 234
  16. .. og vidare i lys av ektemannen Tarjeis kjende roman Det store spelet (1934), som handlar om eit nærskyld tema: Odelsgutten som må velje å gå inn i livet og rytmen på slektsgarden.
  17. Resonnementet lånt frå Risa; 1987; s 88
  18. «skil skildringa seg ut...»; etter Birkeland/Risa/Vold; s 235
  19. Kritikarar referert hos Risa, 1987
  20. Borghild Killingbergtrø. «Menneske og samfunn, tre barnebøker av Halldis Moren Vesaas» I: Norsk litterær årbok, 1970; gjengitt fra s 124
  21. Tilman Hartenstein: Det usynlege teateret: Historia til radioteateret, Oslo 2001, s. 201
  22. Sitert etter Marie Aalen og Eva Falck «Lyrisk dronning og lærd dame» i Festskriftet, 1987
  23. Utgjeven på Samlaget 1992, forordet attgjeve i Livet verdt.
  24. Hovedkjelde til dette avsnittet er Ottar Grepstad sin artikkel «Essayistens omtenksame regi» i Festskriftet, 1987.
  25. Kjelde til bibliografiske opplysningar er for det meste Maj Høglo sin omfattande og velordna bibliografi i Festskriftet.
  26. Alle tre portretta er trykte opp att i Livet verdt.
  27. Begge boktitlane viser til verk av Tarjei, den første er tittelen på eit dikt frå 1953; den andre er ein vri på tittelen på erindringsboka Båten om kvelden (1968).
  28. Ho kommenterer biografiane i samtalen med Knut Faldbakken, i innleiinga til Dikt i samling, 1977
  29. Om minnesmerket: http://www.varden.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20060802/KULTUR/108020140/1001/_[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Halldis Moren Vesaas