Nålebinding
Nålebinding er ein gammal handarbeidsteknikk. Ein brukar ei flat nål av bein eller tre, og tråd av ull. Ein nålebind ved å laga ei løkke og drage nål og tråd gjennom. Knuten som vert danna vert ikkje stramma, men dannar den neste løkka. Ein nålebind oftast i ull, av di ein skøyter på ein ny tråd ved toving.
Nålebinding gir eit meir slitesterkt resultat enn strikking, men er noko meir tidkrevjande.
Teknikken kan mellom anna brukast til å laga sokkar og vottar.
Arbeid laga i nålebinding kan likna hekling, hakking, pjoning eller strikkearbeid .
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endre- Nålebinding. Engelsk nettstad ved dilettante.info