Opna hovudmenyen
Nålbundne vottar

Vott er eit klesplagg til handa med eige rom til tommelen og felles rom for dei andre fire fingrane. Ein bruker gjerne vottar for å verna seg mot kulde, varme eller anna ubehag. Ein kan laga vottar av tråd gjennom strikking eller nålebinding eller sy dei av skinn eller tekstilar, gjerne med fôr.

Sørsamiske vottar av pels og tekstil med metallbroderi.

Utforming og brukEndra

Vottar blir hovudsakleg brukte i kaldt vêr og er gjerne laga i varmeisolerande materiale. Det er svært vanleg å strikka vottar, som regel av ull, og det finst ei rekkje ulike tradisjonelle og utradisjonelle mønster. I Noreg er til dømes selbuvotten ein kjend type. I norsk kultur blei det i tillegg til bruksvottar også laga fint pynta stasvottar. Ei brur kunne til dømes gje broderte vottar i gåve til brudgommen.

 
Strikka babyvottar festa til kvarandre med snor.
 
Kajakkvottar.

Vottar kan vera lette å ta av seg og mista. Ofte blir dei innsnevra rundt handleddet for å sita fastare. Tidvis er dei festa til kvarandre med ei snor. Dette gjeld særleg barnevottar.

SpesialvottarEndra

Steikevottar er stive, varmeisolerte vottar som ein kan ha på når ein løfter varme ting, til dømes noko som har vore i steikeomnen.

I tillegg til vottar med éin tommel finst det også kajakkvottar med to tomlar på kvar vott. Desse kan ein snu når ein padlar med kajakk i kaldt vatn for å få ein tørrare tommel.

Sjøvottar kunne og ha to tomlar. Vottar som kan opnast slik at ein får fingrane fri gjer det lettare å avfyra våpen i kalde tilhøve. Dei blei utvikla for jegerar i Nord-Amerika på 1930-talet. Slike vottar er også brukte i militær samanheng.

Vaskevottar er klutar laga slik at ein kan ta dei på handa som ein vott og bruka dei til reingjering.

 
Tor kjem ut av votten til Skryme.

I kulturenEndra

primstaven var votten eit teikn for vinternatt, byrjinga av vinterhalvåret den 14. oktober.

Det finst fleire forteljingar om vottar. I den norrøne soga om Tor hjå Utgards-Loke blir det fortald at guden og reisefølgjet hans overnatta i eit underleg hus med eit lite siderom. Då dei vakna, viste det seg at dei hadde sove i den digre votten til kjempa Skryme. I ei anna soge har Tor sjølv fått låna eit par jernvottar av gygra Grid som han verjer seg mot jotunen Geirrød med.

«Skinnvotten» er eit russisk-ukrainsk folkeeventyr om ein mann som mister ein vott som fleire dyr nyttar som hus etter tur. Då eigaren finn at votten synest han det er rart at han framleis er varm. Barneboka Den grønne votten (1964) av Alf Prøysen, illustrert av Borghild Rud, fortel ei liknande soge.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  • «Tors ferd til Utgard» og «Tors ferd til Geirrød-gardane», Edda, Det norske Samlaget, 2002.