Négociant

Wikimedia-fleirtydingsside

Negociant eller négociant er eit fransk omgrep for ein vinhandlar. Det kan visa til ein person eller eit firma som kjøper og sel vin eller innhausta vindruer.[1] Dette kan han så blanda, tappa eller omarbeida til vin, konjakk eller anna.

Omgepet er naturleg nok knytt til fransk vinproduksjon. Négociantar i eit vindistrikt kan blanda sine eigne standardvinar merka med deira namn som merkevin frå distriktet.[2]

Kjelder

endre
  1. «Négociant», Drikkeleksikon, aperitif.no
  2. AS Vinmonopolet , Ketil Lyngvær. «Frankrike», ndla.no

Bakgrunnsstoff

endre