Vestgotarar
Vestgotarane, visigotane eller terwingane var ei undergruppe av gotarane, eit germansk folkeslag som slo seg ned i Romarriket i seinantikken. Dei er best kjende for å ha oppretta eit kongedøme i Hispania (dagens Spania og Portugal).


Under styret sitt i Hispania bygde vestgotarane fleire kyrkjer som har overlevd og etterlet seg fleire kunstgjenstandar, som gullkrossar og votivkroner, som det er funne fleire av i nyare tid. Vestgotarane grunnla dei einaste nye byane i Vest-Europa frå fallet til Vestromarriket fram til karolingarane fekk makta i Frankarriket på midten av 700-talet. Mange vestgotiske namn er framleis i bruk på moderne spansk og portugisisk.
Vestgotarane er fyrst kjende frå Balkan, som ei romersk-alliert barbarisk[1] militærgruppe leia av Alarik I. Tilhøva mellom romarane og vestgotarane varierte, med traktatar når det passa dei, og krigføring elles.[2] Under Alarik si leiing invaderte dei Italia og herja Roma i august 410. I 418 blei dei foederati eller forbundsfellar av romarane, og slo seg ned i sørlege Gallia. Dette utvikla seg til eit sjølvstendig kongerike med hovudstad i Toulouse. Vestgotarane utvikla styret sitt inn i Hispania, på kostnad av suebiane og vandalane der. I 507 blei det vestgotiske styret i Gallia enda av frankarane under Klodvig I, som nedkjempa dei i slaget ved Vouillé.
I eller rundt 589 konverterte vestgotarane under Reccared I frå arianisme til nikensk kristendom, og gjekk gradvis over til kulturen til dei hispano-romerske undersåttane sine.[3]
Lovsamlinga Lex Visigothorum frå midten av 600-talet avskaffa den tidlegare praksisen med å ha ulike lovar for det hispano-romerske folket og vestgotarane. Etter at det juridiske skiljet mellom romani og gothi forsvann blei dei alle kjende som hispani. 600-talet var prega av kyrkjemøta i Toledo, og hundreåret er kjent som Siglo de Concilios, hundreåret av kyrkjemøte. I 711 blei vestgotarane overvunne av invaderande arabarar og berbarar i slaget ved Guadalete. Kong Roderik og mange medlemmer av den vestgotiske eliten blei drepne, og kongeriket braut raskt saman.[4] Kort tid etter grunnla Pelayo eller Pelagius Kongeriket Asturias nord i Spania, og la grunnlaget for den kristne gjenerobringa av området, reconquista.[5]
Namn
endreVestgotarane var fyrst berre kalla gotarar, men blei omtalte som visigotar av Cassiodorus då han skildra nederlaget deira mot Klodvig I i 507. Cassiodorus laga truleg omgrepet med grunnlag i austgotarar eller osthrogotar, men nytta det eldre namnet vesi, eit stammenamn diktaren Sidonius Apollinaris allereie hadde nytta om vestgotarane på 400-talet.[6][7]
Eit anna stammenamn som er knytt til vestgotarane er thervingi, som Ammianus Marcellinus omtalte som gotarar.[8] Før Sidonius Apollinaris blei vesi fyrst nemnd i Notitia Dignitatum, ei liste frå seint 300 eller tidleg 400-tal over romerske militærstyrkar. Denne liste inneheld også den siste kjende nemninga av «thervingi» i ei klassisk kjelde.[8]
Historie
endreKongedømet i Dakia
endreVisigotane rådde i Dakia gjennom det meste av 300-talet, til dei blei jaga ut av hunarane i åra etter 375. Den siste kongen i Dacia heitte Athanarik. Etter at hunarane kom var dei mange visigotar som flydde til Austromarriket og vart hardt mishandla av romarane. Under leiing av hovdingane Alaviv og Frithigern gjorde dei opprør mot romarane og slog dei i Slaget ved Adrianopel i 378. Etter det fekk dei løyve til å busetja seg i Illyria mot å verja Romarriket mot aust. Mange gotiske hovdingar, mellom dei Alarik, gjekk inn i den romerske hæren og fekk utdanning der. Gotarane slost saman med keisar Theodosius i Slaget ved Frigidus i 494 mot tronranaren Eugenius, og leid store tap. I åra som følgde laut romarane gong på gong stagge dei, men dei heldt seg i ro, grunna avtaler mellom Alarik og vandalhovdingen Stilicho, som var øvste leiar for den vestromerske hæren.
Plyndringa av Roma
endreEtter at Stilicho var avsett og drepen, blei rettane til vestgotarane på Balkan dregne attende, og Alarik førte folket sitt på hemntog til Italia. Dette hærtoget enda med plyndringa av Roma i 410, etter to års omleiring. Alarik sjølv døydde rett etterpå, og kongeveldet vart teke opp av Athaulf, som gjorde fredsavtale med romarane og gifte seg med systera til keisaren Honorius. Han førte så folket vestetter til Spania og søre Gallia, og oppretta eit kongedøme der, med hovudstad i Toulouse.
Toulouse-kongedømet (Regnum Tolosanum)
endreVisigotarkongane fekk mandat av den romerske keisaren til å rå for Gallia og store delar av Spania mot å halde dei andre germanske stammane der i sjakk. Ein visigotarhær slost på romersk side i Slaget på Katalaunarmarka i 451, der kongen deira, Theodorid, fall. Regnum Tolosanum vara frå om lag 415 til 507, då Alarik II blei slegen av frankarkongen Chlodovech (Klodvig). På den tida hadde alt mange visigotarar flytt til Spania, som før berre hadde vore ein grensemark.
Kongedømet i Spania
endreVestgotarriket i Spania vara frå 507 til 711. Då frankarane vann fram, mista Visigotane halve riket sitt til kong Chlodovech, og dei laut bygge ein ny hovudstad i Toledo. Dei gjekk over frå arianismen til katolisismen i 589, og byrja samstundes ei forfølging av jødane. Hundreåret etter blei riket jamnt svakare, og kongane laut stri både med frankarkongane og med maurarane. Dei mista taket på Spania i 711, og drog seg attende til fjella lengst nord, der dei oppretta kongedømet Asturia under visigotarhovdingen Pelayo.
Kultur
endreArkitektur
endreUnder styret sitt over Hispania bygde vestgotarane fleire kyrkjer i basilika- eller krossformstil som har overlevd til våre dagar, som kyrkjene San Pedro de la Nave i El Campillo, Santa María de Melque i San Martín de Montalbán, Santa Lucía del Trampal i Alcuéscar, Santa Comba i Bande og Santa María de Lara i Quintanilla de las Viñas.[9] Den vestgotiske krypten (San Antolín-krypten) i Palencia domkyrkje er eit vestgotisk kapell frå midten av 600-talet som blei bygd under Wamba for å ta vare på leivningane til martyren Antoninus av Pamiers, ein vestgotisk-gælisk adelsmann som blei ført frå Narbonne til Hispania i 672 eller 673 av Wamba sjølv. Dette er dei einaste restane av den vestgotiske domkyrkja i Palencia.[10]
Reccopolis, som i dag ligg nær den vesle landsbyen Zorita de los Canes i provinsen Guadalajara i Castile-La Mancha i Spania, er eit arkeologisk funnområde av ein av minst fire byar som blei grunnlagde av vestgotarane i Hispania. Dette er den einaste byen som blei grunnlagd i i Vest-Europa mellom 400- og 700-talet.[a] Det var kong Liuvigild som gav ordre om å reisa byen for å heidra sonen Reccared og for å vera setet til Reccared som medkonge i provinsen Celtiberia, vest for Carpetania, der hovudstaden Toledo låg.[11]
Gullsmedkunst
endreI Spania blei det funne ei viktig samling av vestgotisk metallkunst i Guadamur i Provinsen Toledo, kjend som Guarrazar-skatten. Dette arkeologiske funnet består av tjueseks votivkroner og gullkrossar frå den kongelege verkstaden i Toledo, med teikn på bysantinsk innverknad. Ifølge spanske arkeologar representerer denne skatten høgtpunktet i visigotisk gullsmed.[13] Dei to viktigaste votivkrona er dei til Recceswinth og Suintila, som er stilte ut i det nasjonale arkeologiske museet i Madrid. Begge er laga av gull og innkrusterte med safirar, perlar og andre edelsteinar.[14] Det er fleire andre små kroner og mange votivkrossar i skatten.[14]
Dei ørneforma fibulaene som er funne i nekropolisar som Duratón, Madrona eller Castiltierra (i Segovia) er kjennelege teikn på vestgotarane i Spania. Desse fibulaene blei nytta individuelt eller i par, som festemiddel for klede i gull, bronse og glas og syner virket til gullsmedane i vestgotiske Hispania.[15]
Visigotiske beltespenner, som er eit symbol på rang og status som karakteriserer vestgotiske kvinneklede, er òg kjenneteikna av gullsmedkunst. Nokre verk inneheld eineståande lapis lazuli innlegg i bysantinsk stil og er generelt rektangulære, med kopparlegering, granatar og glas.[16][b]
Juss
endreDen visigotiske lovsamlinga (latin Forum Iudicum), òg kalla Liber Iudiciorum (Dommarboka) og Lex Visigothorum (Vestgotarloven), blei utforma av kong Chindasuinth (642-653 e.Kr.). Lovane hadde vore ein del av den aristokratiske munnlege tradisjonen til vestgotarane, og blei nedteikna skriftleg i år 654. Denne boka har overlevd i to særskilte kodeksar som no er i El Escorial i Spania. Lovsamlinga går i meir detalj enn ein typisk moderne grunnlov, og fortel mykje om den sosial strukturen til vestgotarane.[18] Samlinga avskaffa den gamle tradisjonen om å ha ulike lover for romarar (leges romane) og vestgotarar (leges barbarorum), og under henne slutta alle undersåttar i det vestgotiske kongedømet å vera romani og gothi og blei i staden hispani. Alle undersåttane i riket var under same jurisdiksjon, noko som eliminerte sosiale og juridiske skilnadar og underbygde større assimilasjon av dei ulike folkegruppene i landet.[19] Den vestgotiske lovsamlinga markerer også overgangen frå romarlov til germansk lov.
Eit av dei største vestgotiske bidraga til familierett var å verna om eigedomsretten til gifte kvinner, som blei fortsett innan spansk lov og til slutt utvikla seg til systemet med felleseige som finst i det meste av Vest-Europa.[20]
Religion
endreFør mellomalderen følgde vestgotarane, som andre germanske folkeslag, ei tru som no blir kalla germansk heidendom.[21] Medan dei germanske folka sakte blei omvende omsett til kristendomen med ulike middel, sat mange element frå den før-kristne kulturen att etter omvendingsprosessen, særleg i dei meir landlege og avsidesliggande regionane.[22]
Vestgotarane, austgotarane og vandalane blei kristna medan dei framleis var utanfor Romariket. Dei konverterte til arianismen i staden for den nikenske versjonen (trinitarianismen) som blei følgd av dei fleste romarar, og blei derfor rekna som kjettarar av romarane.[23] Det var dermed eit religiøs skilje mellom vestgotarane, som lenge hadde følgd arianismen, og dei katolske undersåttane deira i Hispania. Det var òg store sekteriske skilje blant den katolske folkesetnaden på halvøya, noko som bidrog til toleranse for dei arianske vestgotarane. Vestgotarane ville ikkje blanda seg inn i usemjene til katolikkar, men ønskte seg høfleg omgang og offentleg orden.[d] Kong Liuvigild (568-586) prøvde å gjenoppretta den politiske eininga mellom den vestgotisk-arianske eliten og den hispano-romerske katolske befolkninga gjennom ein doktrinell avtale om kompromiss i trussaker, men dette lukkast ikkje.[24] Kjelder tyder på at dei iberiske vestgotarane heldt på den arianske kristendomen sin, særleg blant eliten, fram til slutten av styret til Liuvigild.[25] Då Reccared I konverterte til katolisismen forsøkte han å sameina riket under ei einskild tru.[26][27]
Medan visigotarane heldt fast på den ariske trua si, blei jødar godt tolererte. Tidlegare romerske og bysantinske lovar slo fast statusen deira, med diskriminerande element, men kongeleg jurisdiksjon over dei var i alle høve ganske avgrensa. Lokale fyrstar og folkesetnader hadde omgang med jødar på det viset dei meinte det var rett. Ein les til dømes at ikkje-jødar bad rabbinarar om å signa markane sine.[28] Historikaren Jane Gerber har skrive at nokre av jødane «hadde overordna stillingar i administrasjonen eller hæren; andre blei rekrutterte og organiserte for teneste i garnisonar, endå andre steig opp til å få rang som senatorar.»[29] Dei var typisk respekterte og blei godt behandla av dei vestgotiske kongane fram til desse gjekk over frå arianismen til katolisismen.[30] Omvendinga til katolisismen i det vestgotiske samfunnet reduserte ein stor del av friksjonen mellom vestgotarane og den hispano-romerske folkesetnaden.[31] Den vestgotiske omvendinga hadde derimot negativ innverknad på jødane, som kom under press på grunn av religionsutøvinga si.[32]
Kong Reccared kalla inn til det tredje kyrkjemøtet i Toledo for å avgjerda religiøse tvistar som hadde samband med den religiøse omvendinga frå arianismen til katolisismen.[33] Dei diskriminerande lovane som blei vedtekne ved dette kyrkjemøtet verker likevel ikkje å ha blitt handheva overalt, ettersom fleire seinare kyrkjemøte i Toledo måtte gjenta desse lovane og gjera dei strengare. Dette gjekk inn i kyrkjeloven og blei juridisk presedens også for andre delar av Europa. Enden av denne prosessen kom under kong Sisibut, som offisielt la fram eit dekret om at alle jødar som budde i Spania skulle tvingast til å konvertera til kristendommen.[32] Dette mandatet hadde tilsynelatande berre delvis suksess: liknande dekret blei tekne opp att av seinare kongar etterkvart som sentralmakta blei konsolidert. Desse lovane sa anten at jødane skulle døypast med makt eller la ned forbod mot omskjering, jødiske rituale og markering av sabbaten og andre jødiske høgtider. Gjennom heile 600-talet blei jødane forfølgde på religiøse grunnlag. Eigedommane deira blei konfiskerte, dei blei utsette for svært store skattar, fekk forbod mot å handla og blei til tider dragne med makt til døypefonten. Mange blei tvinga til å akseptera kristendomen, men heldt fram med å følgja jødisk religion og praksis privat.[34] Dekretet frå 613 byrja eit hundreår med vanskar for dei spanske jødane som fyrst enda med den muslimske erobringa av området.[e]
Det er ikkje mogleg å ignorera dei politiske aspekta ved å innføra kyrkjemakt i desse sakane. Med omvendinga av dei vestgotiske kongane til kalkedonsk kristendom auka makta til biskopane, fram til dei ved det fjerde kyrkjemøtet i Toledo i 633 valde ut ein konge frå den kongelege familien, ein praksis som tidlegare hadde vore reservert for adelsmenn. Dette var det same kyrkjemøtet som tala ut mot dei som hadde blitt døypte, men hadde gått tilbake til jødedommen. For vestgotarane var tida for religiøst mangfald forlaten.[35] Ved slutten av 600-talet gjorde omvendinga til katolisismen vestgotarane mindre lette å skilja frå dei innfødde romerske borgarane på den iberiske halvøya. Då dei siste vestgotiske basane fall for dei muslimske hærane, som seinare forvandla Spania frå byrjinga av 700-talet, bleika den gotiske identiteten deira for godt.[36]
Frå 700- til 1000-talet hevda muwallad-klanen Banu Qasi at han stamma frå den vestgotiske greven Cassius.[37]
Vestgotiske kongar
endreTidlege kongar
endreÅr | Konge |
---|---|
369–380 | Fritigern |
369–381 | Atanarik |
Balti-dynastiet
endreÅr | Konge | Merknader |
---|---|---|
395–410 | Alarik I | |
410–415 | Ataulf | myrda |
415 | Sigerik | myrda, tilhøyrde amaliane |
415–419 | Wallia | |
419–451 | Teoderik I | mista livet i slaget ved Chalons |
451–453 | Torismund | |
453–466 | Teoderik II | |
466–484 | Eurik | |
484–507 | Alarik II | |
507–511 | Gesalek | |
511–531 | Amalarik | Teoderik den store var regent 511–526 |
Seinare kongar
endreÅr | Konge | Merknader |
---|---|---|
531–548 | Teudis | |
548–549 | Teudigisel | |
549–554 | Agila | |
554–567 | Atanagild | |
568–573 | Liuva I | |
568–586 | Liuvigild | |
586–601 | Reccared I | Konverterte til katolisismen |
601–603 | Liuva II | |
603–610 | Witterik | |
610–612 | Gundemar | |
612–621 | Sisebur | |
621 | Reccared II | |
621–631 | Suintila | |
631–636 | Sisenand | |
636–640 | Chintila | |
640–641 | Tulga | |
641–649 | Chindasuinth | |
649–672 | Recceswinth | |
672–680 | Wamba | |
680–687 | Erwig | |
687–701 | Ergica | |
701–710 | Witiza | |
710–711 | Roderik |
Merknadar
endre- ↑ Ifølgje E.A Thompson, «The Barbarian Kingdoms in Gaul and Spain», Nottingham Mediaeval Studies, 7 (1963:4n11), var dei andre (i) Victoriacum, grunnlagd av Leovigild og kan ha overlevd som byen Vitoria, (ii) Lugo id est Luceo i Asturias, nemnd av Isidore av Sevilla og (iii) Ologicus (kanskje Ologitis), som blei grunnlagd med baskisk arbeidskraft i 621 av Suinthila som eit festningsverk mot basakrane, moderne Olite. Alle desse byane blei grunnlagde med militære føremål og minst Reccopolis, Victoriacum og Ologicus var feiringar av sigrar. Ei mogleg femte vestgotisk grunnlegging er Baiyara (kanskje dagens Montoro), som er nemnd som grunnlagd av Reccared i geografiverket Kitab al-Rawd al-Mitar frå 1400-talet, jf. José María Lacarra, «Panorama de la historia urbana en la Península Ibérica desde el siglo V al X,»" La città nell'alto medioevo, 6 (1958:319–358). Opptrykk i Estudios de alta edad media española (Valencia: 1975), pp. 25–90.
- ↑ Det er også gjort viktige funn i den vestgogiske nekropolisen i Castiltierra (i Segovia).[17]
- ↑ Krona er no i Madrid. Den fyrste R-en er ved Musée de Cluny i Paris.
- ↑ Minst ein vestgotar av høg rang, Zerezindo, som var dux av Baetica, var katolikk ved midten av 500-talet.
- ↑ Jf. Heinrich Graetz, History of the Jews, Vol. 3 (Philadelphia: Jewish Publication Society of America, 1956 reprint [1894]), s. 43–52 (om Sisibut, s. 47–49); Salo W. Baron, A Social and Religious History of the Jews, Vol. 3 (New York: Columbia University Press, 1957), s. 33–46 (om Sisibut s. 37–38); N. Roth, Jews, Visigoths and Muslims in Medieval Spain: Cooperation and Conflict (Leiden: Brill, 1994), s. 7–40; Ram Ben-Shalom, "Medieval Jewry in Christendom," i M. Goodman, J. Cohen and D. Sorkin, The Oxford Handbook of Jewish Studies (Oxford: Oxford University Press, 2002), s. 156.
Kjelder
endre- ↑ Wood 2012.
- ↑ Waldman & Mason 2006, s. 843.
- ↑ Claude 1998, s. 119–120.
- ↑ O'Callaghan 1975, s. 91–92.
- ↑ O'Callaghan 1975, s. 98.
- ↑ Christensen 2002, s. 219.
- ↑ Wolfram 1988, s. 25.
- ↑ 8,0 8,1 Christensen 2002, s. 207–212.
- ↑ Galeano 2016.
- ↑ Salvador Conejo, Cripta visigoda de San Antolín.
- ↑ Collins 2004, s. 55–56.
- ↑ Odobescu 1889, s. 1-100.
- ↑ Guerra, Galligaro & Perea 2007, s. 53–74.
- ↑ 14,0 14,1 Museo Arqueologico Nacional, "Tesoro de Guarrazar".
- ↑ Bacoup 2015.
- ↑ The Metropolitan Museum of Art, "Belt Buckle 550–600".
- ↑ Ripoll 2011, s. 161–179.
- ↑ Collins 2004, s. 6–8.
- ↑ O'Callaghan 1975.
- ↑ Coolidge 2011, s. 17–25.
- ↑ Wolfram 1997, s. 58, 66, 72–74.
- ↑ James 2009, s. 215–225.
- ↑ Wolfram 1997, s. 75–79.
- ↑ Heather 2013.
- ↑ Wolfram 1997, s. 265–269.
- ↑ Frassetto 2003.
- ↑ Mathisen & Sivan 1999.
- ↑ Graetz 1894, s. 44.
- ↑ Gerber 1992, s. 9.
- ↑ Roth 1994.
- ↑ Waldman & Mason 2006, s. 847.
- ↑ 32,0 32,1 Collins 2000.
- ↑ Collins 1999, s. 211–212.
- ↑ Gonzalez-Salinero 1999, s. 140–147.
- ↑ Lim 1999, s. 209–210.
- ↑ Collins 2000, s. 60–62.
- ↑ Fletcher 2006, s. 45.
- Litteratur
- Jordanes: Gotesoga
- Herwig Wolfram: The Goths.
- Denne artikkelen bygger på «Visigoths» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mai 2025.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Arce, Javier (1999). «The City of Merida (Emerita) in the Vitas Patrum Emeritensium (Vith Century)». I Chrysos, Euangelos K.; Wood, Ian N. East and West: Modes of Communication : Proceedings of the First Plenary Conference at Merida (på engelsk). Brill. ISBN 978-90-04-10929-2.
- Bacoup, Paul (2015), «Les éléments de parure wisigoths en Hispania aux Ve et VIe siècles», Migrations barbares dans l'Empire romain d'occident, henta October 10, 2022
- Balmaseda Muncharaz, Luis Javier (1996). «Las versiones del hallazgo del tesoro de Guarrazar» (PDF). Boletín del Museo Arqueológico Nacional (på spansk) 14: 95–110. Arkivert frå originalen (PDF) 12 July 2020.
- Barbero, Alessandro; Loring, Marie Isabel (2005). «The Formation of the Sueve and Visigothic Kingdoms in Spain». I Rosamond MicKitterick. The New Cambridge Medieval History. I [c.500–c.700]. Cambridge; New York: Cambridge University Press. ISBN 978-0-52136-291-7.
- Bardiès-Fronty, Isabelle (2015). Musée de Cluny: Le Guide. Paris: Editions de la Réunion des musées nationaux-Grand Palais. ISBN 978-2-7118-5631-2.
- Burns, Thomas (2003). Rome and the Barbarians, 100 B.C.–A.D. 400. Baltimore, MD: Johns Hopkins University Press. ISBN 978-0-80187-306-5.
- Bury, J. B. (2000). The Invasion of Europe by the Barbarians. New York: W.W. Norton & Company. ISBN 978-0-39300-388-8.
- Calderón Ortega, José Manuel (2009). «La nobleza en España: reflexiones en torno al nacimiento de un estamento privilegiado». I Luis Palacios Bañuelos; Ignacio Ruiz Rodríguez. La nobleza en España. Historia, presente y perspectivas de futuroactas del VI Curso de Verano Ciudad de Tarazona [The Nobility in Spain. History, Present and Future Perspectives Minutes of the VI Summer Course in the City of Tarazona] (på spansk). Dykinson. ISBN 978-8-49849-727-4.
- Carr, Karen (2004). «Visigoths». I Peter Bogucki; Pam J. Crabtree. Ancient Europe, 8000 B.C.–A.D. 1000: Encyclopedia of the Barbarian World (Vol. 2, Bronze Age to Early Middle Ages) 2. New York: Thomson Gale. ISBN 0-684-31421-5.
- Christensen, Arne Søby (2002). Cassiodorus, Jordanes and the History of the Goths: Studies in a Migration Myth. Copenhagen: Museum Tusculanum Press. ISBN 978-8772897103.
- Claude, Dietrich (1998). «Remarks to the Relationship between Visigoths and Hispano-Romans in the seventh Century». I Walter Pohl; Helmut Reimitz. Strategies of Distinction: Construction of Ethnic Communities, 300–800 (The Transformation of the Roman World, vol. 2). Leiden: Brill Academic Publishers. ISBN 978-9-00410-846-2.
- Collins, Roger (1992). Law, Culture, and Regionalism in Early Medieval Spain. Great Yarmouth: Variorum. ISBN 0-86078-308-1.
- Collins, Roger (1995). The Arab Conquest of Spain, 710–797. Cambridge, MA: Blackwell Publishers. ISBN 978-0-63119-405-7.
- Collins, Roger (1999). Early Medieval Europe, 300–1000. New York: Palgrave Macmillan. ISBN 978-0-33365-808-6.
- Collins, Roger (2000). «Visigothic Spain, 409–711». I Raymond Carr. Spain: A History. New York: Oxford University Press. ISBN 978-0-19280-236-1.
- Collins, Roger (2004). Visigothic Spain, 409–711. Oxford: Blackwell Publishing. ISBN 0-631-18185-7.
- Coolidge, Grace (2011). Guardianship, Gender, and the Nobility in Early Modern Spain. Surrey and Burlington, VT: Ashgate. ISBN 978-1-40940-053-0.
- Durant, Will (1950). The Age of Faith. The Story of Civilization IV. New York: Simon and Schuster. ASIN B000HFCEIO.
- Fletcher, Richard (2006). Moorish Spain. Berkeley, CA: University of California Press. ISBN 978-0-52024-840-3.
- Frassetto, Michael (2003). Encyclopedia of Barbarian Europe: Society in Transformation. Santa Barbara, CA: ABC-CLIO. ISBN 978-1-57607-263-9.
- Friedrich, Johann (1910). «Die sogenannte fränkische Völkertafel». Sitzungsberichte der Münchener Akademie der Wissenschaften 11: 1–27.
- Fuller, J.F.C. (1998). Armaments & History. New York: Da Capo Press. ISBN 978-0-30680-859-3.
- Galeano, Rafael (2016), «Historia y arquitectura visigoda», Historia del Arte UNED (National University of Distance Education-Spain), arkivert frå originalen October 7, 2019, henta June 12, 2020
- Georgescu, Vlad (1991). The Romanians. A History. Columbus: Ohio State University Press. ISBN 0814205119.
- Gerber, Jane (1992). The Jews of Spain: A History of the Sephardic Experience. New York: Free Press. ISBN 978-0-02911-573-2.
- Goffart, Walter (1983). «The Supposedly 'Frankish' Table of Nations: An Edition and Study». Frühmittelalterliche Studien 17 (1): 98–130. doi:10.1515/9783110242164.98.
- Gonzalez-Salinero, Raul (1999). «Catholic Anti-Judaism in Visigothic Spain». I Alberto Ferreiro. The Visigoths: Studies in Culture and Society. Leiden: Brill. ISBN 978-9-00411-206-3.
- Graetz, Heinrich (1894). History of the Jews 3. Philadelphia: The Jewish Publication Society of America. ASIN B000JRBM60.
- Guerra, M.F; Galligaro, T.; Perea, A. (2007). «The Treasure of Guarrazar: Tracing the Gold Supplies in the Visigothic Iberian Peninsula». Archaeometry 49 (1): 53–74. doi:10.1111/j.1475-4754.2007.00287.x.
- Halsall, Guy (2007). Barbarian Migrations and the Roman West, 376–568. Cambridge and New York: Cambridge University Press. ISBN 978-0-52143-543-7.
- Heather, Peter (1998). The Goths. Oxford, UK: Blackwell Publishers. ASIN B00RWST3HE.
- Heather, Heather, red. (1999). «The creation of the Visigoths». The Visigoths from the Migration Period to the Seventh Century: An Ethnographic Perspective. Boydell & Brewer. ISBN 978-0851157627.
- Heather, Peter (2005). The Fall of the Roman Empire: A New History of Rome and the Barbarians. Oxford and New York: Oxford University Press. ISBN 978-0-19515-954-7.
- Heather, Peter (2013). The Restoration of Rome: Barbarian Popes and Imperial Pretenders. Oxford and New York: Oxford University Press. ISBN 978-0-19936-851-8.
- Hillgarth, J. N. (2010). The Visigoths in History and Legend. Turnhout: Brepols Publishers. ISBN 978-0-88844-166-9.
- Howatson, M. C. (2011). «Visigoths». The Oxford Companion to Classical Literature (3 utg.). Oxford University Press. ISBN 978-0191739422. Henta January 26, 2020.
- James, Edward (2009). Europe's Barbarians AD 200–600. New York: Routledge. ISBN 978-0-58277-296-0.
- Jordanes (1915). The Gothic History of Jordanes. Translated by Charles C. Mierow. London: Oxford University Press. OCLC 463056290.
- Katz, Solomon (1955). The Decline of Rome and the Rise of Mediaeval Europe. Ithaca, NY: Cornell University Press. ASIN B002S62FYI.
- Lim, Richard (1999). «Christian Triumph and Controversy». I G.W. Bowersock; Peter Brown; Oleg Grabar. Late Antiquity: A Guide to the Postclassical World. Cambridge, MA: The Belknap Press of Harvard University Press. ISBN 978-0-67451-173-6.
- Mathisen, Ralph W.; Sivan, Hagith S. (1999). «Forging a New Identity: The Kingdom of Toulouse and the Frontiers of Aquitania, 418–507». I Alberto Ferreiro. The Visigoths: Studies in Culture and Society. Leiden, Boston, Köln: Brill. ISBN 978-9-00411-206-3.
- Metropolitan Museum of Art, «Belt Buckle 550–600», The Metropolitan Museum of Art
- Museo Arqueologico Nacional, Tesoro de Guarrazar, henta October 10, 2022
- Nadeau, Jean-Benoit; Barlow, Julie (2013). The Story of Spanish. New York: St. Martin's Press. ISBN 978-0-31265-602-7.
- O'Callaghan, Joseph (1975). A History of Medieval Spain. Ithaca, NY: Cornell University Press. ISBN 978-0-80149-264-8.
- Odobescu, Alexandru (1889). Le Trésor de Pétrossa. Étude sur l'orfèvrerie antique. Paris: Éditions J. Rothschchild.
- Olalde, Iñigo (March 15, 2019). «The genomic history of the Iberian Peninsula over the past 8000 years». Science (American Association for the Advancement of Science) 363 (6432): 1230–1234. Bibcode:2019Sci...363.1230O. PMC 6436108. PMID 30872528. doi:10.1126/science.aav4040.
- McColl, Hugh (March 14, 2024), «Steppe Ancestry in western Eurasia and the spread of the Germanic Languages», BioRxiv, doi:10.1101/2024.03.13.584607, henta 9. desember 2024
- Ostler, Nicholas (2006). Empires of the Word: A Language History of the World. New York: Harper Perennial. ISBN 978-0-06093-572-6.
- Ripoll, Gisela (2011). «The Archaeological Characterisation of the Visigothic Kingdom of Toledo: The Question of the Visigothic Cemeteries». I Matthias Becher; Stefanie Dick. Reiche und Namen im frühen Mittelalter. Leiden: Brill. ISBN 978-3-77054-891-0.
- Roberts, J. M. (1997). A History of Europe. New York: Allen Lane. ISBN 978-0-96584-319-5.
- Roth, Norman (1994). Jews, Visigoths, and Muslims in Medieval Spain: Cooperation and Conflict. Leiden, New York, Köln: Brill. ISBN 978-9-00409-971-5.
- Salvador Conejo, Diego, «Cripta visigoda de San Antolín», Rutas con historia, henta April 19, 2020
- Sarris, Peter (2002). «The Eastern Roman Empire from Constantine to Heraclius, 306–641». I Cyril Mango. The Oxford History of Byzantium. New York: Oxford University Press. ISBN 978-0-19814-098-6.
- Sivan, Hagith (1987). «On Foederati, Hospitalitas, and the Settlement of the Goths in A.D. 418». American Journal of Philology 108 (4): 759–772. JSTOR 294799. doi:10.2307/294799.
- Stevenson, W. H. (1899). «The Beginnings of Wessex». The English Historical Review (Oxford, UK: Oxford University Press) 14 (53): 32–46. JSTOR 548095.
- Todd, Malcolm (2000). The Early Germans. Oxford, UK: Blackwell. ISBN 978-0-63119-904-5.
- Waldman, Carl; Mason, Catherine (2006). Encyclopedia of European Peoples. New York: Facts on File. ISBN 978-0816049646.
- Williams, Mark (2004). The Story of Spain. San Mateo, CA: Golden Era Books. ISBN 978-0-97069-692-2.
- Wolf, Kenneth Baxter (2014). Christian Martyrs in Muslim Spain. Cambridge and New York: Cambridge University Press. ISBN 978-1-10763-481-7.
- Wolfram, Herwig (1988). History of the Goths. Berkeley: University of California Press. ISBN 978-0-52005-259-8.
- Wolfram, Herwig (1997). The Roman Empire and its Germanic Peoples. Berkeley and Los Angeles: University of California Press. ISBN 0-520-08511-6.
- Wood, Ian (2025). Europe in Late Antiquity. Berlin and Boston: De Gruyter. ISBN 978-3-11035-264-1.
- Wood, Jamie (2012). The Politics of Identity in Visigothic Spain: Religion and Power in the Histories of Isidore of Seville (på engelsk). Brill. s. 16. ISBN 9789004209909.