Nöteborgstraktaten

Nöteborgstraktaten eller Nöteborgsfreden eller freden i Nöteborg var ei fredsavtale mellom Sverige og Novgorod som vart inngått i Nöteborg 12. august 1323 og dermed avslutta ein krig som hadde vart mellom desse to landa i meir eller mindre 30 år, sidan 1293, som ein del av dei svensk-novgorodske krigane.

Dette var kanskje grensa til traktaten mellom Sverige og Novgorod

Traktaten slo fast den austlege grensa til Sverige, og ho kom til å gjelda som landegrense mellom Sverige og Russland heilt fram til freden i Teusina frå 18. mai 1595. Historikarar har likevel i ettertid noko ulike oppfatningar om kvar grensa gjekk, då teksta i traktaten berre seier at ho skal gå 'frå Systerbäckens utløp i Finskebukta til Kajanahavet'.

Det er semje om at den sørlege delen frå Systerbäck til Vuoksen og den sørlege Saimen, og dessutan at dei tre herada Äyräpää, Jääski og Savolax gjennom denne traktaten vart lagt under Sverige. Kva det vart vist til til med uttrykket «Kajanahavet» er likevel uklart og grensa nord for Ladoga har fleire tolkingar. «Kajanahavet» viser anten til det nordlege Bottenvika eller til Nordishavet. Andre kjelder viser til det historiske landmerket Bygde sten utanfor Bygdeå i Västerbotten som mogleg grense frå den svenske sida.

Ei anna tolking er at grenselinja gjekk frå Det karelske neset i nord-nordvestleg retning opp til Bottenvika og Pyhäjoki elv i Österbotten var då grenseelv. Til slutt er det nokon som hevdar at grensa gjekk til Nordishavet. Ei siste tolking var at det som i dag er det nordlege Finland var eit felles skattland for Sverige og Novgorod.

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Gallén, Jarl: Nöteborgsfreden och Finlands medeltida östgräns, Svenska litteratursällskapet i Finland, Helsingfors 1968 (svensk). 
  • Gallén, Jarl: Nöteborgsfreden och Finlands medeltida östgräns: andra delen, Svenska Litteratursällskapet i Finland, Helsingfors 1991 (svensk, dansk, engelsk). 

Bakgrunnsstoff endre