Nøttetopp er ei småkake laga av nøttemasse, egg og sukker.[1] Kakene er stort sett gluten- og laktosefrie.[2]

Ein brukar ofte molne hasselnøtter til nøttetoppar, eventuelt saman med mandlar eller ferdig kransekakemasse.[3] Ein kan også bruka til dømes valnøtt og pekan.[4] Nøttemassen blir blanda med sukker og egg til ein deig.[5] Deigen blir forma til små toppar som ein steiker i omn. Dei kan eventuelt dyppast i smelta sjokolade, og pyntast med ei heil nøtt eller gul krem på toppen.[6][7]

Nøttetoppar kan vera eit av dei sju slaga til jul, eller til svensk kafferep.

Kjelder

endre
  1. «Nøttetopper», Matsiden, arkivert frå originalen 23. november 2021, henta 23. november 2021 
  2. «Nöttopp», Bageriet Sjöstrands & Erics (på svensk), henta 23. november 2021 
  3. «Nøttetopper», Oppskrift.no (på norsk), henta 23. november 2021 
  4. «Nöttoppar - Recept - Tasteline.com», Tasteline (på svensk), 17. juni 2008, henta 23. november 2021 
  5. «Nöttoppar», Arla (på svensk), henta 23. november 2021 
  6. «Nøttetopper», Juleblogg.no - inspirasjon til julebaksten (på norsk bokmål), henta 23. november 2021 
  7. NRK (10. desember 2018), «Hasselnøttopper», NRK (på norsk bokmål), henta 23. november 2021