NK 884-885

NK 884-885 er to frimerke utgjevne i 4. mai 1981 . Frimerka er utgjevne i eit samarbeid mellom landa i CEPT-samarbeidet (Den europeiske konferanse for post- og telekommunikasjonar), slik at ei rad europeiske land gav ut frimerke med eitt tema, denne gongen folklore.

Frimerka har verdiar høvelege for frankering av brev innan Norden (det raude) eller brevpost innan Europa (det blå) . Frimerka viser folkeleg målarkunst på trefat og treeske.

Frimerka har den nynorske namneforma Noreg. Dette var trettande gongen Noreg gav ut frimerke i CEPT-amarbeidet, men første gongen slike frimerke hadde namneformen Noreg. Dei er utforma av Arne E. Holm.

  • NK884 1,50 kr fleirfarga på raud botn, motiv havfrue måla på fat av hallingdølen Kristen Aanstad (nettoopplag: 10 425 000)
  • NK885 2,20 kr fleirfarga på blå botn, motiv friarar måla på treeske av teledølen Olav Hansson (nettoopplag: 10 676 750)

KjeldeEndra