Ei havfrue (A mermaid, 1900) av John William Waterhouse.
Den amerikanske underhaldningsarrangøren P. T. Barnum presenterte leivningane etter ei «ekte» havfrue, «The Feejee Mermaid», i kuriositetssamlinga si i 1842.

Havfrue er eit fabelvesen som skal leva i hav og ha overkroppen til ei kvinne og underkroppen til ein fisk, med visse variasjonar i skildringar. Havfruer har gjerne vakker songstemme, og kan lokka til seg sjøfolk til seg. Syn av havfruer kan varsla omg uvêr.[1]

Den mannlege utgåva av vesenet, som er mykje sjeldnare omtalt, blir kalla havmann,[1] marmæle, triton og anna. Liknande vesen frå mytologi, fablar og folketru er sirener, vassymfer, najader, undiner og melusiner. I norrøn folketru var margyge (margygre) ei troll-aktig havfrue.[1]

Mytologi og sogerEndra

Ein kan knytta havfrueomgrepet til mellom anna den assysriske gudinna Atargatis, som blei dyrka rundt 1000 år f.Kr. Det er funne avbildingar av havfruer med to halar i Luristan (Sørvest-Iran) frå om lag 1000 år f.Kr., og havfruer med ein hale frå etruskiske funn 500 år seinare.[1]

NaturhistorieEndra

Havfruer er også omtalte i tidleg naturhistorisk litteratur, som i K. von Gesner sitt verk Historia Naturalis frå 1558.[1]

Havfruer i heraldikkEndra

Havfruer finst avbilda i våpenskjold, flagg og liknande kjenneteikn, som ein stilisert grafisk figur. Dette førekjem i dei fleste land med europeisk heraldikk.

Havfruer i kulturenEndra

«Den lille Havfrue» er eit eventyr av H. C. Andersen frå 1837. Eventyret blei gjort om ein ballett i 1909, og denne balletten inspirerte statuen Den lille havfrue frå 1913. Seinare laga Disney teiknefilmen The Little Mermaid (1989) basert på eventyret.

Havfruer opptrer også i:

Sjå ògEndra

  • Margyge (margygre), stygg og farleg havfrue i norrøn folketro
  • Najade, ferskvssnymfe i gresk mytologi
  • Sirene i mytologi, kvinneleg vesen i gresk mytologi som lokka sjøfolk mot klipper
  • Undine, vassånd
  • Melusine, kvinneleg ferskvassånd i europeisk folketru
  • Nereider, greske havnymfer
  • Selkie, selkvinne i blant anna skotsk folketru

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «havfrue». Store norske leksikon (på norsk). 8. juli 2019. 

LitteraturEndra