NK 924-925

NK 924-925 er to frimerke utgjevne i 16. februar 1983 . Frimerka er ordinære bruksfrimerke og har til motiv Breilandsloftet på Breiland i Høydalsmo i Telemark, og Lindesnes fyr.

Breilandsloftet til venstre i biletet
Lindesnes fyr

Frimerka har verdiar høvelege for frankering av brev innan Norden (det raude) eller brevpost innan Europa (det blå) .

Dei er utforma og gravert av Sverre Morken og trykt i offseståltrykk i Noregs Bank sitt seddeltrykkeri.

Frimerka har både den nynorske namneforma Noreg og bokmålsnamnet Norge. Dette var første gongen frimerke var trykt med begge namneformane.

  • NK924 2,50 kr raud, motiv breilandsloftet (nettoopplag: 255 626 466)
  • NK925 3,50 kr mørk blå, motiv Lindesnes fyr (nettoopplag: 39 483 788)

KjeldeEndra