Na'an (hebraisk skrift נַעַן) er ein kibbutz nær byen Rehovot i Israel. Han ligg innafor Det sentrale distriktet og høyrer til Gezer regionale kommune, med grenser til landsbyane Ganei Hadar, Ramot Meir og Sitria.

Na'an
kibbutz
Na'an 2.JPG
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Sentral
Kommune Gezer
Grunnlagd 1930
 - Grunnlagd av Noar HaOved
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla

Na'an
31°53′6″ N 34°51′31″ E
Israel location map.svg
Wikimedia Commons: Na'an
Nettstad: www.naan.org.il

Kibbutzen vart grunnlagd i september 1930 av 42 medlemmar frå ungdomsgruppa Noar HaOved, på landområde kjøpt frå den arabiske landsbyen Al-Na'ani. Namnet på landsbyen og kibbutzen kjem truleg frå den bibelske byen Na'amah (Josva 15:41).[1]

Før staten Israel vart grunnlagd, var folk frå Na'an aktive i både den britiske jødiske brigaden (to medlemmar frå kibbutzen døydde i andre verdskrigen) og Haganah. Haganah-leiaren og seinare medlem i det israelske parlamentet, Yisrael Galili, var eit medlem av kibbutzen og det vart skjult mange våpen her for Haganah i ein av kjellarane i kibbutzen.

I 1948 vart Na'an hovudkvarteret i det nyoppretta israelske forsvaret for ein operasjon for å frigjere Jerusalem og dei eldre frå den dåverande arabiske byen Ramla signerte ei formell overgjeving av byen på området til kibbutzen.

Hovudnæringa i Na'an var jordbruk, og sidan kunstig vatning. Sidan behovet for kunstig vatning var stort i Israel, byrja Na'an å produsere vatningsutstyr og seint i 1970-åra var han ein dei mest suksessrike fabrikkane i Kibbutzrørsla. I 2007 vart Na'an Irrigation Systems slått saman med det indiske konglomeratet Jain Irrigation i 2007.

Frå 1980-åra og frametter vart kibbutzen gradvis privatisert.

KjelderEndra

  1. Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.343 , ISBN 965-220-186-3 (English)

BakgrunnsstoffEndra