Ramot Meir (hebraisk skrift רָמוֹת מֵאִיר, tyder 'Meir-høgdene') er ein liten moshav sentralt i Israel. Han ligg i Shephelah kring 4 km sør for Rehovot og høyrer til Gezer regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 782.

Ramot Meir
moshav
Land  Israel
Region Shephelah
Distrikt Sentral
Kommune Gezer
Koordinatar 31°52′26.75″N 34°51′19.07″E / 31.8740972°N 34.8552972°E / 31.8740972; 34.8552972
Folketal 770 (2015)
Grunnlagd 1949
 •  Grunnlagd av demobiliserte soldatar
Tilhøyrsle Moshavrørsla
Kart
Ramot Meir
31°52′27″N 34°51′19″E / 31.874097222222°N 34.855297222222°E / 31.874097222222; 34.855297222222
Kart som viser Ramot Meir.
Kart som viser Ramot Meir.
Kart som viser Ramot Meir.
Wikimedia Commons: Ramot Meir
Nettstad: ramotmeir.co.il

Moshaven vart grunnlagd i 1949 av demobiliserte soldatar og vart kalla opp etter den amerikanske filantropen Meyer Rosoff. Rosoff hadde kjøpt landområdet kring den arabiske landsbyen al-Na'ani i 1930-åra for selskapet sitt, Rosoff Group Plantations.[1]

Han kollapsa i 1965, men vart grunnlagd på ny i 1969 av ei gruppe immigrantar frå Frankrike (som opphavleg kom frå Nord-Afrika).

Kjelder

endre
  1. Glass, J.B. (2002) From New Zion to Old Zion: American Jewish Immigration and Settlement Wayne State University Press, pp238-239, ISBN 0-8143-2842-3

Bakgrunnsstoff

endre