Naima Wifstrand
svensk songar og skodespelar
Naima Wifstrand (4. september 1890–23. oktober 1968) var ein svensk skodespelar. Som leiande operettestjerne gjesta ho kring 1920 stadig på Centralteatret i Oslo, mellom anna som Czardasfyrstinnen og Den glade enke. Seinare utvikla ho seg til ein dyktig karakterskodespelar, mellom anna som Mor Aase i Peer Gynt. Ho filmdebuterte i den norske Madame besøker Oslo (1927), men vert best hugsa for dei kraftfulle rollene sine for Ingmar Bergman, mellom anna i Sommarnattens leende (1955), Smultronstället (1957) og Vargtimmen (1968).
Naima Wifstrand | |||
| |||
Fødd | 4. september 1890 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Kungsholm | ||
Død | 23. oktober 1968 (78 år) | ||
Dødsstad | Gustav Vasa församling | ||
Fødenamn | Siri Naima Matilda Wifstrand | ||
Opphav | Sverige | ||
Instrument | vokal | ||
Stemmetype | mezzosopran | ||
Verka som | songar, komponist, teaterskodespelar, filmskodespelar |
Kjelder
endre«Naima_Wifstrand» i Store norske leksikon, snl.no.