Oslo Nye Teater

(Omdirigert frå Centralteatret)

Oslo Nye Teater AS er eit teater i Oslo, eigd av Oslo kommune. Teateret har hovudscena si i eige teaterhus i Rosenkrantz' gate 10, eit lite stykke opp i gata frå Karl Johans gate, og har biscener i Centralteatret i Akersgata 38, og dessutan i kjellaren i dette bygget, kalla Teaterkjeller'n. Teateret driv òg dokketeateret Oslo Nye Trikkestallen i den gamle, nedlagde trikkestallen i Torshovgata 33.

Hovudscena i Rosenkrantz' gate.
Centralteatret i Akersgata 38.
Den gamle trikkestallen frå 1899 på Torshov
Foto: BjørnN

Hovudscena endre

Oslo Nye Teater har sitt opphav i A/S Det Nye Teater, skipa 20. november 1918 med staten som den største aksjonæren. Forfattarane Johan Bojer og Peter Egge hadde tatt initiativet til skipinga av teateret med tanke på å stø opp under nyare norsk dramatikk. Teaterets fyrste premiere gjekk føre seg i provisoriske lokale på Lillestrøm 15. september 1928 med Hamlet av William Shakespeare, der teatersjefen sjølv, Ingolf Schanche, spela tittelrolla.

I mai 1924 vedtok representantskapet i A/S Det Nye Teater å kjøpe eigedomen Rosenkrantz' gate 10, rive dei gamle bygningane og reise eit hus for teateret på tomta. Arkitektane Gudolf Blakstad og Jens Dunker vart engasjerte, og dei prosjekterte eit betongbygg i forenkla nyklassisistisk stil med drag av funksjonalisme. Bygget fekk ei heis-scene i eit høgt scenehus på grunn av den tronge tomta. Heisen er fullt operativ den dag i dag, og som den einaste sceneheisen i Nord-Europa gjev han hovudscena eit særpreg. For å sikre at teateret fekk dei beste og mest moderne bygningstekniske, scenetekniske og akustiske tilhøva, vart det engasjert spesialistar både frå Noreg og utlandet. Grunnsteinen vart lagt ned 15. oktober 1927, kranselag vart feira 3. august 1928, og 26. februar 1929 vart teaterhuset innvigd ved at skodespelet Ved rikets port, fyrste parten av ein trilogi av Knut Hamsun, vart spela i teaterhuset. Resten av trilogien, Livets Spil og Aftenrøde. Slutningsspil, vart spela dei to neste dagane.

Klassiske skodespel, moderne dramatikk, mellom anna norsk, underhaldningsstykke, operetter og opera stod på repertoaret. Men på grunn av vanskelege økonomiske tilhøve vart teaterets program oppgjeve etter eit par sesongar, og i 1937 vart drifta overteke av eit nytt selskap, A/S Scenekunst, skipa av skodespelar Victor Bernau, som gjorde teateret om til eit privat underhaldningsteater. Ikkje før i 1947, under teatersjef Axel Otto Normann, gjekk teateret attende til det opphavlege kunstneriske føremålet.

Etter initiativ frå Oslo kommune vart A/S Scenekunst 1. september 1959 slege saman med Folketeatret til eit nytt selskap, Oslo Nye Teater A/S, med hovudscene i huset til Det Nye Teater i Rosenkrantz' gate 10, og i åra 1967 –1986 tok kommunen det fulle økonomiske ansvaret for teatret. Under Toralv Maurstad som teatersjef i åra 1967–1978, vart teateret gjort om til ein komediescene. Staten var bidragsytar til drifta av teateret i perioden 1986 –1999 saman med Oslo kommune, men drog seg ut i 1999, og teateret var på konkursens rand. Men Oslo kommune tok på seg det økonomiske ansvaret for den vidare drifta.

I 1994–1995 vart det gjort ei gjennomgripande oppgradering av publikumsområda i teaterbygningen under leiing av arkitektane Kristin Jarmund og Ola Helle. Bygningen fekk attende sin opphavlege, elegante funkisstil, samstundes som nye løysingar og moderne element var føydd til. I dag er dette eit moderne teater med lokal forankring, og eit repertoar prega av ny norsk og internasjonal dramatikk i samsvar med den opphavlege målsettinga til teateret.

Ein statue av skodespelar Aud Schønemann i ei av sine roller, laga av skulptøren Nina Sundbye, står framfor hovudinngangen til teateret, avduka av Oslos ordførar Fabian Stang 21. oktober 2010.

Centralteatret endre

Drifta av Oslo Nye Centralteatret i Akersgata var overteke av Oslo Nye Teater i 1971. Bygningen ligg på ein tradisjonsrik tomt når det gjeld teater. Det har vore teaterdrift på eigedomen sidan 1780, då Det Dramatiske Selskab vart skipa. I midten av 1700-åra låg det eit Gevæxthus her som vart omgjort til konsertsal, og som òg var nytta til private teaterframsyningar. Gevæxthuset vart erstatta i 1802 med ein teaterbygning med plass til 500 tilskodarar, teikna av Jørgen Henrik Rawert. Bygningen fekk namnet «Dramatiken». I 1826 vart det som tilbygg til teateret bygd ein søylesal, som ball- og festlokale for Christiania Dramatiske Selskab. Søylehallen er i dag skodespelarfoajé og garderobar for teateret. På slutten av 1880-åra vart det reist ein ny bygning etter teikningar av arkitekt Herman N. Backer, der Kristiania Actiebryggeri dreiv forlystelseslokalet «Alhambra», som på folkemunne fekk namnet «Ølhambra». I 1897 vart teatersalen ombygd under leiing av arkitekten bak Nationaltheatret, Henrik Bull. Bygningen fekk si noverande form i 1934 med ein funkisfasade prosjektert av arkitekt Jens Dunker.

Skodespelarparet Alma og Johan Falstrøm dreiv teater her under namnet Centralteatret fram til 1899. I 1902 kjøpte Harald Otto teateret, og i tida 1928 til 1959 var far og son, Reidar og Harald Otto, leiarar av teateret. I åra 1931-1934 var teateret leigd ut til Det Norske Teatret i periodar, og etter at teaterverksemda i familien Ottos regi tok slutt i 1959, vart lokala i to år drivne som Nationaltheatrets Lille scene. Frå 1961 til 1969 var Centralteatret nytta av NRK-Fjernsynet, og deretter av Olav Thon som bingolokale. Frå 1971 har Oslo Nye Teater sytt for at Centralteatret vert nytta til sitt eigenlege føremål.

Dokketeateret endre

Dokketeateret Oslo Nye Trikkestallen flytta inn i trikkestallen på Torshov i februar 2003 og fekk då det noverande namnet. Opphavleg var dokketeateret ein del av Folketeatret, Norsk Dukketeater, etter at Jane og Agnar Mykle, saman med fire skodespelarar frå Folketeatret, hadde premiere på Gjete kongens harer 17. januar 1953. Frå hausten 1953 vart Julian Strøm tilsett som kunstnerisk leiar for Folketeatrets Dukketeater, og han vert rekna som skiparen av det som i dag er dokketeateret Oslo Nye Trikkestallen. Etter at Folketeatret og Det Nye Teater vart slege saman, fekk dokketeateret namnet Oslo Nye Teater – Dukketeatret, og flytta 9. oktober 1966 inn i eigne lokale på Frogner Hovedgård, hjå Oslo Bymuseum, og vidare til trikkestallen på Torshov, februar 2003, etter at bymuseet trengte lokala sjølve og dokketeateret trengte betre lokale for si verksemd.

Litteratur endre

  • Levin, Mona. 2004. Oslo nye : - det tredje teater : jubileumsbok. Oslo: Oslo Nye Teater ISBN 82-303-0263-4

Bakgrunnsstoff endre