Nakholmen

(Omdirigert frå Nakkholmen)

Nakholmen (uttala og stundom skrive Nakkholmen) er ei øy i hamnebassenget i Oslo. På øya ligg det små hytter tett i tett, som på Lindøya og Bleikøya.

Flyfoto av Nakholmen (2015)
Nakholmen sett frå sørvest

Plassering og Nakholmen i dag endre

Nakholmen er 137 mål stor og ganske flat. Nordvest for Nakholmen ligg skipsleia, Dyna fyr og Bygdøy. I aust er Lindøya næraste nabo.

I dag ligg 182 hytter tett i tett på holmen. Hyttestorleiken er regulert med strenge reglar. Tilkomst skjer med ferje frå Vippetangen som legg til på nordspissen eller med eigen båt. Øya er eigd av staten og vert forvalta av Statsbygg. Det er ikkje lov å vera fastbuande.

Det er sett fram forskjellige forklaringar på opphavet til namnet. Leif Gjerland meiner det mest truleg viser til den nakne holmen, sidan ein frå sjøen for det meste såg svaberg og stein inntil hyttebuarane planta til frå 1920-talet. Oslo Byleksikon fortel at namnet kjem av ’nakki’, norrønt for høgd.

Historie endre

Nakholmen var klostergods fram til kongen overtok kyrkja og klostergodsa etter reformasjonen. I 1716 brukte kong Karl XII Nakholmen som skjul i åtaket sitt på Akershus festning. Svenske soldatar som fall i åtaket skal vere gravlagt på øya. I 1809 vart det bygd ein stokkekonstruksjon med mast på høgda sørvest på øya. Dette var ein av ei rekke med optiske telegrafar som skulle varsle om framande skip under Napoleonskrigane.

Frå 1823 festa staten bort Nakholmen for ti år om gongen. Frå 1843 bygde bakermester Hans Fridtz ein gard der velhuset ligg i dag og brukte den gode jorda der fotballbanen i dag ligg. Frå 1850-åra kom eit gartneri i drift. I 1865 vart det bygd eit to etasjar høgt tømmerhus sør på øya, og dette er framleis det einaste huset som har rett til å ha gjerde. Frå svaberga på vestsida av øya vart det i 1874 teke ut mykje stein til bygginga av Dyna fyr. Fyrlykta ut mot skipsleia vart sett opp i 1898.

Aarseths Skibsbyggeri heldt til på den nordlege pynten frå 1918 til 1952. I dag er det få spor etter båtbyggeriet. Det gjekk ei 18 fots snekke i ferjetrafikk frå 1918. Frå 1923 tillet Landbruksdepartementet på vegne av staten som eigar av holmen at det vart bygd små hytter på Nakholmen. Frå 1912 til 1980-talet disponerte Christiania Roklubb odden i sørvest. Først på 1950-talet kom straum og tilknyting til det kommunale vassnettet.

På 2000-talet melder avisene jamleg om hytteeigarar som får pålegg om å rive tilbygg. I 2006 meldte Aftenposten (17. november) at ei hytte på 27 kvadratmeter på Nakholmen var seld for 2,8 millionar kroner, og at dette så langt var rekord for dei tre hytteøyane i hamnebassenget.

I 2007 var det ein feide mellom Oslo kommune og staten som eigar om kven som skal betale for drifta av toalett for publikum som staten set opp det året.

Nakholmen naturminne endre

Nakholmen naturminne (VV00000790) vart freda 15. januar 1988 og omfattar et 25 dekar stort område langs strandkanten med fossile bergartar.[1]

Litteratur endre

  • Leif Gjerland: Oslos øyrike før og nå. Oslo, Aschehoug, 2006
  • Oslo byleksikon

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre