Namnet Fred
Fred er eit engelsk førenamn eller kortnamn med fleire moglege opphav. Det kan vera ei kortform av mannsnamna Fredrik eller Alfred, eller av kvinnenamn som Alfreda, Frederica eller Winifred. Det kan dermed knytast til tydinga 'fred'. Freddy og Freddie er nærskylde namn.
Fred har norsk namnedag den 14. november.
Bruk
endreFred er utbreidd som mannsnamn, særleg i USA. I 1990 bar 378 925, eller 0,2 %, av mennene i landet det, noko som gjorde det til det 71. mest utbreidde.
I Noreg var namnet mest populært ved slutten av andre verdskrigen, då 0,6 % av nyfødde fekk namnet. Det blei jamt brukt på 1950-talet av rundt 0,1 % av nyfødde, og på 1960-talet av rundt 0,2 %, før bruken gjekk ned mot slutten av 1900-talet. I 2008 var det 1 827 som heitte Fred i Noreg.
Kjende namneberarar
endre- Fred Astaire (1899–1987), USA-amerikansk skodespelar og scenedansar
- Fred. Olsen (f. 1929), norsk skipsreiar
- Fred Anton Maier (f. 1938), norsk skeiseløpar
- Fred Åkerström (1937-1985), svensk visesongar
- Fred Karlsson (f. 1946), finsk språkvitar
- Fred Vargas (f. 1957), fransk kvinneleg forfattar
- Fred Børre Lundberg (f. 1969), norsk kombinertløpar
Oppdikta personar
endre- Fred Flintstone, amerikansk teiknefilmfigur
Kjelder
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Namnet Fred hjå Statistisk Sentralbyrå
- http://www.thinkbabynames.com/meaning/1/Fred
- http://www.thinkbabynames.com/meaning/0/Fred