Fred Anton Maier (15. desember 19389. juni 2015) var ein norsk skeiseløpar og syklist frå Nøtterøy i Vestfold. I 1968 vart han europmeister, verdsmeister, samt olympisk meister på 5000 m skeiseløp. Han vart noregsmeister på skeiser i 1965. Skeiseløparen Maier var medlem av Tønsberg Turn, medan han som syklist tevla for Tønsberg Cykleklubb.

Fred Anton Maier

I 1968 vart Maier europameister på Bislett stadion i Oslo
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. desember 1938
Nøtterøy kommune
Død

9. juni 2015 (76 år)
Nøtterøy kommune

Yrke skøyteløpar, sykkelryttar
Fred Anton Maier på Commons

Skeiseløp endre

Maier markerte seg som ein solid langdistanseløpar på nasjonalt nivå i 1958-sesongen. Under noregsmeisterskapen på Notodden vart han nummer tre på 10 000 meter, samanlagt vart han mummer ni. To år seinare enda han på femteplass då NM fann stad på Hønefoss. I 1961 vann han 10 000 m under NM i Sandefjord og kunne klive opp på pallen då meisterskapsløpa var over, berre Knut Johannesen og Nils Aaness presterte betre. Dermed fekk Maier delta i både europameisterskapen i Helsinki og verdsmeisterskapen i Göteborg, der han vart høvesvis nummer 12 og 13.

I 1963 var Maier ein del av den såkalla norske skeise-revolusjonen, sesongen då norske skeiseløparar etter nokre magre år atter hevda seg i toppen på resultalistene. Noregsmeisterskapen på skeiser på Hamar i 1963 enda opp som i 1961, med Johannesen, Aaness og Maier på dei tre fyrste plassane. Då Noreg kledde sigerspallen i raudt-kvitt og blått under skeise-EM 1963 i Göteborg, var Maier den einaste nordmannen som ikkje kjempa om laurbær. Han hamna til sist på tiandeplassen, noko betre gjekk det i VM i japanske Karuizawa der han vart nummer sju.

Maier deltok både på 5 000 m og 10 000 m under Vinter-OL 1964. På 5 000 m fullenda han ein stor norsk dag ved å ta bronsemedaljen på tida 7.42,0, Knut Johannesen vann gullmedaljen med ein margin på to tidels sekund til Per Ivar Moe, 7.38,4 mot 7.38,6. På 10 000-meteren sikra seg Maier seg sølvmedaljen etter 16.06,0, svenske Jonny Nilsson vart ein suveren vinnar med 15.50,1. I samanlagtmeisterskapa gjorde Maier det best med ein åttandeplass ved EM i Oslo.

Under noregsmeisterskapen 1965 i Arendal var det dag for Maier sin fyrste triumf. Han vann på 5 000 m og 10 000 m klart, og sikra seg NM-tittelen med 0,500 poeng til gode på toaren Per Ivar Moe. Men i dei internajsonale meisterskapane var det Moe Noreg måtte stole på, han vart nummer to i EM før han vann VM på Bislett stadion. Maier vann rett nok 5 000 m under EM, men enda som nummer sju og ni i dei to meisterskapane. På tampen av 1965-sesongen forbetra han på Notodden verdsrekorden på 5 000 meter til 7,28,1, ei rekordforbetring på heile fem sekundar.

Både under NM 1966 og NM 1967 måtte Maier sjå at Svein Erik Stiansen kunne klive til topps på sigerspallen, Maier sjølv vart nummer to begge gongane, trass i solide distansesigrar på 5 000 m og 10 000 m begge åra. Maier vart beste nordmann på femteplass då EM 1966 vart avvikla på kunstisbanna i Deventer, i VM på Nya Ullevi i Göteborg vart han nummer sju. Høgdepunktet i sesongen kom på Bislett stadion der han i ein femlandskamp overraska stort og vann tre av dei fire distansane. Han avslutta landskampen med 15.32,2 og sletta dermed den tre år gamle milrekorden til Jonny Nilsson.

Året etter forbetra Maier 10 000-meterrekorden til 15.31,8 på den rekordraske isen i tyske Inzell. Etter femlandskampen på Bislett var det klart at Maier var i ferd med å verte ein løpar som kunne melde seg på i kampen om dei internasjonale meisterskapstitlane. Det viste seg under VM 1967 i Oslo, der han vart nummer tre etter dei to suverene nederlandske utøvarane Ard Schenk og Kees Verkerk.

 
Fred Anton Maier under EM 1968 på Bislett stadion i Oslo

Vinteren 1968 vart den store sesongen for Maier. Solide langdistanseløp med ny verdsrekord på 15.29,5 på 10 000 m under NM var ikkje nok til å ta heim NM-kransen, i Horten vann Magne Thomassen med 0,050 poeng til gode på Maier. Under europameisterskapen på Bislett stadion ei veke seinare vann Maier 5 000 m med over 15 sekundar til nettopp Thomassen, som vart nummer to på distansen. Dagen etter forbetra Maier sin eigen verdsrekord på 10 000 m til 15.20,3 og vart europameister, med Eduard Matusevitsj frå Sovjetunionen og Magne Thomassen på dei neste plassane. 15. februar vann Maier den olympiske skeisetevlinga over 5 000 m på ny verdsrekord; 7.22,4. Han var den store favoritten på 10 000 m og gjekk eit sterkt løp på 15.23,9 i fyrste par. Gullmedaljen såg ut til å vere klar, men i det sjuande paret gjekk svensken Johnny Höglin sitt livs 10 000-meterløp og tok heim sigeren med tre tidels sekund; 15.23,6. Ei veke etter vinterleikane i Grenoble var over, kjempa Maier og Thomassen drabeleg om VM-tittelen, med Maier som vinnar til slutt. Den 9. mars forbetra han i Inzell sin eigen verdsrekord på 5 000 m til 7.16,7.

Maier representerte Noreg i dei internasjonale skeisemeisterskapane også i 1969, med ein sjuandeplass i EM som beste prestasjon. Han la bort konkurranseskeisene etter 1970-sesongen.

Personlege rekordar endre

Distanse Tid Dato Sted Bane
500 m 41,8 3. februar 1968 Davos Davos Eisstadion
1 500 m 2.06,1 10. mars 1968 Inzell Eisstadion Inzell
5 000 m 7.16,7 9. mars 1968 Inzell Eisstadion Inzell
10 000 m 15.20,3 28. januar 1968 Oslo Bislett stadion

Verdsrekordar endre

Liste over verdsrekordnoteringar gjort av Fred Anton Maier.[1]

Tid Dato Stad Bane Renn Varigheit
Senior menn – 3 000 m
4.17,5 7. mars 1968   Vest-Tyskland Inzell Ludwig-Schwabl-Stadion Rekordlaup 1968 10 månader 21 dagar
Senior menn – 5 000 m
7.28,1 4. mars 1965   Noreg Notodden Notodden sportsplass Nasjonalt laup 1965 1 år 11 månader 22 dagar
7.26,2 7. januar 1968   Nederland Deventer IJsselstadion Landskamp NED–NOR 1968 1 månad 8 dagar
7.22,4 15. februar 1968   Frankrike Grenoble Anneau de Vitesse Vinter-OL 1968 23 dagar
7.16,7 9. mars 1968   Vest-Tyskland Inzell Ludwig-Schwabl-Stadion Rekordlaup 1968 11 månader 20 dagar
Senior menn – 10 000 m
15.32,2 6. februar 1966   Noreg Oslo Bislett stadion 5-landskamp

NOR–URS–NED–FIN–SWE 1966

1 år 22 dagar
15.31,8 28. februar 1967   Vest-Tyskland Inzell Ludwig-Schwabl-Stadion Rekordlaup 1967 10 månader 24 dagar
15.29,5 21. januar 1968   Noreg Horten Lystlunden Allround-NM 1968 7 dagar
15.20,3 28. januar 1968   Noreg Oslo Bislett stadion EM 1968 1 månad 11 dagar
Senior menn – Stor firkamp
178,253 5./6. februar 1966   Noreg Oslo Bislett stadion 5-landskamp

NOR–URS–NED–FIN–SWE 1968

1 år 6 dagar
176,340 24./25. februar 1968   Sverige Göteborg Nya Ullevi Allround-VM 1968 14 dagar

Norske rekordar endre

Norske rekordar kunne berre setjast på norske baner.[2]

Tid Dato Stad Renn Varigheit
Senior menn – 3 000 m
4.28,1 24. februar 1966 Trondheim Int. stevne 1 år 11 månader 28 dagar
4.27,4 21. februar 1968 Oslo/Bislett Int. stevne 20 dagar
4.22,4 12. mars 1968 Notodden Int. stevne 10 månader 19 dagar
4.21,8 31. januar 1969 Hamar Int. stevne 2 år 6 dagar
Senior menn – 5 000 m
7.57,1 6. januar 1963 Skien Int. stevne 13 dagar
7.34,1 12. februar 1965 Oslo/Bislett Allround-VM 19 dagar
7.28,1 4. mars 1965 Notodden Int. stevne 3 år 9 månader 18 dagar
7.27,3 22..desember 1968 Hamar Int. stevne 7 år 2 dagar
Senior menn – 10 000 m
15.49,7 27. januar 1963 Oslo/Bislett Landskamp NOR–URS 11 månader 23 dagar
15.32,2   6. februar 1966 Oslo/Bislett 5-landskamp

NOR–URS–NED–FIN–SWE

1 år 11 månader 15 dagar
15.29,5   21. januar 1968 Horten Allround-NM 7 dagar
15.20,3   28. januar 1968 Oslo/Bislett EM 7 år 11 månader 28 dagar
Senior menn – Stor firkamp
178,253 5.–6. februar 1966 Oslo/Bislett 5-landskamp

NOR–URS–NED–FIN–SWE 1968

1 år 11 månader 22 dagar
177,318 27.–28. januar 1968 Oslo/Bislett EM 1 år 11 månader 5 dagar

Sykkelritt endre

Maier var ein habil sykkelryttar, særleg i temporitt. Både i 1957 og 1967 tok han bronse i NM i 50 km temposykling.

Maier vart tildelt Egebergs ærespris i 1967.

Kjelder endre

  1. Magne Teigen ( NSF / SG ) (22. april 2015). «Verdensrekordenes historiske utvikling 1880–2015» (PDF). Norges Skøyteforbund. Henta 10. juni 2015. 
  2. «Utviklingen av NORGESREKORDENE gjennom tidene Utarbeidet av Magne Teigen, NSFs Statistikkgruppe - Sist oppdatert pr PDF Free Download», docplayer.me, henta 8. oktober 2020 
  • Sportsboken, aktuelle årgangar