Jordan er eit namn som opphavleg blei brukt om Jordanelva i Midtausten, og tyder «går nedover». Namnet skal opphavleg ha blitt gjeve til barn som blei døypte med vatn frå elva som krosstogfararane hadde teke med tilbake til Europa. Det er blitt til eit førenamn for begge kjønn, eit etternamn, og namnet på den moderne staten Jordan. I Noreg er verksemda Jordan A/S kjend for å laga munnhygieneprodukt, som tannbørstar og liknande.

Namnet finst som Jourdainfransk, Iordanbulgarsk og Giordanoitaliensk. På nederlandsk bruker ein Jordaan, med kortforma Joord. Judd er ei engelsk kortform.

Medan det opphavleg var eit mannsnamn, er Jordan blitt gjeve som førenamn til jenter sidan slutten av nittenhundretalet i den engelskspråklege verda. I USA er namnet blant dei 100 mest populære dåpsnamna for begge kjønn. I Noreg er namnet i bruk, men uvanleg.

Kjende namneberarar endre

Utanfor Wikipedia endre