Michael Jordan

Michael Jeffrey Jordan (fødd 17. februar 1963 i New York) er ein tidlegare korgball-spelar frå USA og ein av verdas best kjende korgballspelarar. Jordan er 1,98 høg og spelte størsteparten av karrieren sin for Chicago Bulls.

Michael Jordan

Michael Jordan.jpg

Statsborgarskap USA
Fødd 17. februar 1963 (58 år)
Brooklyn
Idrett korgball, baseball
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1984, Amerikamesterskapet i basketball for menn 1992

Utmerkingar

NBA Most Valuable Player, NBA All-Star Game Most Valuable Player, NBA Defensive Player of the Year, NBA Rookie of the Year, Atlantic Coast Conference Men's Basketball Player of the Year, Oscar Robertson Trophy, Naismith College Player of the Year, John R. Wooden Award, NBAs 50 beste spillere, NBA Most Valuable Player, NBA Most Valuable Player, NBA Most Valuable Player, NBA Most Valuable Player, NBA All-Star Game Most Valuable Player, NBA All-Star Game Most Valuable Player, ACC Athlete of the Year, NBA All-Defensive Team, NBA All-Defensive Team, All-NBA Team, All-NBA Team, NBA All-Rookie Team, All-NBA Team, All-NBA Team, NBA All-Defensive Team, NBA All-Defensive Team, Sports Illustrated Sportsperson of the Year, All-NBA Team, Bill Russell NBA Finals Most Valuable Player Award, All-NBA Team, NBA All-Defensive Team, Bill Russell NBA Finals Most Valuable Player Award, Best Male Athlete ESPY Award, Best NBA Player ESPY Award, NBA All-Defensive Team, Bill Russell NBA Finals Most Valuable Player Award, All-NBA Team, Bill Russell NBA Finals Most Valuable Player Award, Best Comeback Athlete ESPY Award, All-NBA Team, NBA All-Defensive Team, Best NBA Player ESPY Award, Bill Russell NBA Finals Most Valuable Player Award, All-NBA Team, NBA All-Defensive Team, All-NBA Team, Bill Russell NBA Finals Most Valuable Player Award, Best NBA Player ESPY Award, Best NBA Player ESPY Award, NBA All-Defensive Team, Presidentens fridomsmedalje, Associated Press Athlete of the Year, FIBA Hall of Fame, L'Équipe Champion of Champions, Atlantic Coast Conference Men's Basketball Rookie of the Year, Associated Press Athlete of the Year, Associated Press Athlete of the Year, Associated Press Athlete of the Year

OppvekstEndra

Michael Jordan vart fødd i Brooklyn i New York. Han var ein av dei fem barna til James og Deloris Jordan. Då han var sju år gammal, flytta han saman med familien til Nord-Carolina. Faren til Michael Jordan jobba for General Electric som ein gaffeltruckoperatør og blei seinare promotert til oppsynsmann. Mora til Michael Jordan jobba som bankkasserer. Faren til Jordan lærte han å jobba hardt og ikkje å bli freista av gatelivet. I ung alder viste Michael Jordan at han var dugeleg i fleire sportsgrener som korgball, baseball og amerikansk fotball.

Tidleg korgballkarriereEndra

Da Michael Jordan gjekk i 10. klasse på Emsley A. Laney High School i Nord-Carolina, prøvde han seg på skulelaget i korgball. Han lykkast ikkje fyrste gangen, sidan han berre var 180 cm høg. Han spelte derfor på juniorlaget til skulen, og blei stjerna på laget. Sommaren det året vaks han 10 cm, og trena hardt. Han prøvde seg igjen på skulelaget, og fekk plass på laget sesongen etter. Michael fekk vist sitt potensial som basketballspelar da han scora i gjennomsnitt 25 poeng i kvar einaste kamp dei to neste sesongane. Som seniorspelar blei han utnemna til McDonald´s All-American Team. Etter denne kampen fekk Jordan sportsstipend hos universitetet i Nord-Carolina. Som collegespelar i fyrsteklasse vart han vald til årets nykommar. Jordan blei ikkje lagt ordentlig merke til på laget før dei møtte Georgetown i det nasjonale meisterskapet for collegelag i 1982. I denne kampen fekk Jordan ballen i siste sekund, og scora tre avgjerande poeng for laget som gjorde at Nord-Carolina vart meistrar.

I OL 1994 i Los Angeles vart Jordan vald ut til å spele for USA. Han vart ein av dei sentrale spelarane, og scora i gjennomsnitt 17,1 poeng i kvar kamp under årets OL. På denne tida var han fortsatt berre collegespelar, men hadde også blitt drafta til NBA.

NBA-karriereEndra

Michael Jordan vart trekt opp som den tredje spelaren i draftet i 1984 . Det tyder at både Houston Rockets og Portland Trail Blazers hadde moglegheita til å signera Jordan etter college, men han blei ikkje vald av nokon dei. Allereie i fyrsten sin sesong for Chicago Bulls blei Michael Jordan ein publikumsfavoritt då han scora i snitt 28,2 poeng per kamp. Berre ein månad etter at han starta karrieren sin i NBA, kom han på forsida av Sports Illustated med overskrifta «A star is born». Jordan vart som venta vald til sesongen sin All-Star-kamp der òg fleire store stjerner frå NBA deltok. Mange av desse stjernene var svært lei av Michael Jordan og all merksemd han fekk. Dei frøys han ut og la vera å sentera til han. Jordan vart utnemnd til «årets nykommar» same sesong.

Sesongen etter (1985-86) vart nokså øydelagt for Jordan, då han måtte stå over 64 av dei 82 kampane med ein broten føter. Han var likevel kampklar til sluttspelet. Han fekk ein ny personleg rekord då han scora 63 poeng i ein kamp, og i den følgjande sesongen scora Jordan over 3 000 poeng samanlagt. Han fekk likevel ikkje prisen for NBA sin mest verdifulle spelar, den fekk Magic Johnson.

KjelderEndra

Referansar