Namnet Laurentia
Laurentia er ei eit kvinnenamn av latinsk opphav , og tyder (kvinne) 'frå Laurentum '. I Noreg har namnet hatt ulike former, men det er vanlegast i korforma Laura.
Bruken av namnet i Noreg
endre- I folketeljinga frå 1801 var 68 personar listeførte med namnet i formene Laucretia, Laurencia, Laurense, Laurenthe, Laurentia, Laurentina, Laurentje, Laurentza, Laurentzia, Laurenza, Laurenzia, Laverentze, Laverenze, Lavrentza, flest i Rogaland.
- I 1900 var 530 listeførte med namnet i formene Larentie, Lauerentse, Lauerenze, Laurence, Laurencie, Laurensa, Laurense, Laurensea, Laurensia, Laurensie, Laurentia, Laurentie, Laurentse, Laurentsia, Laurentza, Laurentzia, Laurentzie, Laurenze, Laurenzia, Lauvrentse, Lawrenze , i tillegg hadde ein handfull (i alt 15) namnet i former som Laugra, Lauvra, Leura, Loura, Læura
- I 2008 har ingen av skrivemåtene meir enn tre brukarar slik at det kjem fram i statistikken frå SSB..
Bruk av namnet
endreNamnet er kjend for aktivitetssongen Laurensia, kjære Laurensia, når skal jeg møte deg neste gang, Laurentsia
Sjå òg
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Laurentia hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet
Kjelder
endre- Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991