Laura
kvinnenamn
Laura er eit kvinnenamn, ei kortform av det latinske namnet Laurentia som tyder (kvinne) 'frå Laurentum', eller ei hokjønnsform av Laurus, 'laurbær'.
Laura har i Noreg namnedag 15. januar.
Den italienske diktaren Petrarca skreiv ei rekkje kjærleiksdikt til ei ukjend kvinne kalla Laura.
Bruk
endreLaura har lenge vore kjend som eit italiensk namn. Det er mykje brukt i Spania, Finland og Italia, og er ellers vanleg i Chile, USA, Danmark, Frankrike og Belgia.
Bruken av Laura hadde ein topp i USA rundt 1880, då over 1,0 % jentebarn fekk namnet, og ein endå større topp på slutten av 1960-talet. Bruken av namnet har gått nedover sidan 1985.
Bruken av namnet i Noreg
endreNamnet var mykje bruka ved førre hundreårsskifte, men bruke nav namnet har gått jamnt attende.
- I folketeljinga frå 1801 var namnet ikkje registrert
- I 1900 var 7601 listeførte med namnet Laura , i tillegg hadde ein handfull (i alt 15) namnet i former som Laugra, Lauvra, Leura, Loura, Læura
- I 2008 hadde 1155 kvinner Laura til første fornamn.
Kjende namneberarar
endre- Laura av Córdoba (d. 864), spansk nonne og heilagkåra martyr
- Laura Secord (1775–1868), kanadisk heltinne fra den britisk-amerikanske krigen i 1812
- Laura Ingalls Wilder (1867–1957), amerikansk forfattar
- Laura Bush (f. 1946), amerikansk førstedame, gift med president George W. Bush
- Laura Branigan (1952–2004), amerikansk songar og skodespelar
- Laura Trenter (f. 1961), svensk forfattar
- Laura Linney (f. 1964), amerikansk skodespelar
- Laura Dern (f. 1967), amerikansk skodespelar
- Laura Djupvik (f. 1970), norsk forfattar
- Laura Pausini (f. 1974), italiensk popsongar
Kjelder
endre- Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991
- Folketeljingar i Digitalarkivet
- Søk etter norsk namnestatistikk for Laura hjå Statistisk Sentralbyrå
- Internasjonal namnestatistikk for Laura på behindthename.com