Nancy Drew
Nancy Drew, også kjend som Frøken detektiv, er hovudpersonen i ein detektivbokserie for barn og unge som er skriven av fleire ulike forfattarar og gjeve ut frå 1930 under pseudonymet Carolyn Keene, i regi av den amerikanske forleggjaren Edward Stratemeyer. Dei fyrste bøkene med Nancy Drew blei omsette til norsk i 1941, men serien blei mest populær frå 1950-åra av.
Hovudpersonane
endreFrå 1930 til 1940 blei Nancy Drew introdusert som den 16 år gamle dottera til advokaten Carson Drew. I dei fyrste historiene hadde mor hennar døydd då Nancy var 10 år gammal, men i seinare historier var dette endra til 3 år.
Saman med Nancy og faren bur hushalderska Hanna Gruen (Hannah i høgare nummer), som nesten er ei slags reservemor for Nancy. Nancy har to gode venner som er med i historiene heile tida – kusinene Bess Marvin og George Fayne. I dei aller tidlegaste bøkene, og i nokre seinare historier, er òg venninna Helen Corning med. I bok nr. 7 blir dessutan Ned Nickerson introdusert, som blir kjærasten til Nancy.
I byrjinga av 1940-åra, rundt bok nr. 18, byrjar alderen til Nancy gradvis å endra seg frå 16 til 18 år. Samtidig blir personlegdommen til Nancy endra frå den litt frekke og ville tenåringen som mellom anna bryt fartsgrensene og er uhøfleg mot vaksne, til den meir avslappa jenta som sluttar å pressa grenser for kva som kan setja henne sjølv og vennene i fare. I 1950-åra byrjar Nancy å reisa lengre bort frå heimstaden River Heights for å løysa mysteria sine – inkludert internasjonalt til stader som som Frankrike, Peru, Colombia, Skottland, Italia, Hongkong og Afrika. På omtrent same tidspunkt får òg venninnene George og Bess sine eigne kjærastar – Burt Eddleton og Dave Evans, som begge er kompisar av Ned Nickerson.
Forfattarnamnet Carolyn Keene
endreOpphav
endreDen amerikanske forlagsmannen Edward Stratemeyer, som var grunnleggjar av Stratemeyer-syndikatet, la fram den fyrste skissa til det som skulle bli Nancy Drew-bøkene for forlaget Grosset & Dunlap i 1929 . Denne fyrste skissa var ei og ei halv side lang, og inneheldt ei skildring av persongalleriet og eit kort resyme for tre bøker. På dette tidspunktet hadde heltinna namnet Stella Strong. Grosset & Dunlap kjøpte ideen, men likte ikkje namnet. Frå ei liste med alternative navn foreslått av Stratemeyer valde forlaget «Nan Drew», og forlenga det til Nancy Drew.[1]
Den fyrste Carolyn Keene
endreOppdraget med å skriva dei fyrste tre bøkene i serien blei gitt til journalisten og barnebokforfattaren Mildred Augustine (seinare gift som Mildred Wirt). Ho hadde tidlegare skrive fleire bøker i Ruth Fielding-serien til syndikatet. Den avtalte løna var eit eingongshonoar på 125 dollar per manuskript. I tillegg måtte ho, i tråd med standardkontrakten til syndikatet, seia frå seg alle rettane til bøkene og persongalleriet, og dessutan skriva under på at ho aldri skulle røpa at ho var forfattaren av bøkene. Royaltyen til syndikatet frå Grosset & Dunlap blei sett til 2 cent per selt eksemplar.[2] Bøkene blei gjevne ut under forfattarnamnet Carolyn Keene. Stratemeyer sitt opphavlege forslag til pseudonym hadde vore Louise Keene.
Den fyrste boka i serien, The Secret of the Old Clock, kom ut 28. april 1930. 10. mai same året døydde Edward Stratemeyer av lungebetennelse.[3] Syndikatet blei tatt over av døtrene hans Harriet, gift Adams, og Edna. Mildred Augustine heldt fram med å skriva Nancy Drew og andre seriebøker for Stratemeyer-syndikatet i eitt år til, fram til eit spørsmål om honorar førte til at dei skilde lag etter sju bøker i 1931. På grunn av dårlegare boksal under den store depresjonen reduserte syndikatet forfattarhonorara med 25 dollar, noko Augustine ikkje kunne akseptera. Ho fekk då allereie betre betalt for bøker ho forfatta under eige namn enn det Stratemeyer-syndikatet betalte.[4]
Dei neste bøkene – Nancy's Mysterious Letter, The Sign of the Twisted Candles og The Password to Larkspur – blei skrivne av Walther Karig, som allereie arbeidde på andre seriar for syndikatet. Frå bok nummer 11 var Augustine likevel tilbake i rolla som Carolyn Keene.[5] Også ho var blitt merka av depresjonen, som no ramma forlagsbransjen med full kraft. Allereie i 1932 hadde Augustine måtta svara positivt på ein førespurnad om å fortsetja arbeidet sitt på Ruth Fielding-serien for 100 dollar per manus. Då ho overtok arbeidet med Nancy Drew igjen i 1934 var honoraret gått ned til 85 dollar per manus.
I 1937 «avslørte» fagtidsskriftet Publishers Weekly at forfattaren av Nancy Drew-bøkene og personen bak pseudonymet Carolyn Keene var Walther Karig. Nyheita vekte stor merksemd, men kom truleg av ei misforståing: Library of Congress hadde kreditert han heile serien på bakgrunn av eit krav om kreditering frå Karig som påstått eigentleg berre gjaldt hans eigne bidrag.
Forholdet mellom Augustine og syndikatet var variabelt. Stratemeyer-systrene leverte frå 1934 stadig lengre og meir detaljerte disposisjonar for bøkene, og gjorde til tider omfatta omskrivingar. Augustine gav tidvis uttrykk for at ho følte dette som noko av ei tvangstrøye. Leiarane i syndikatet var på si side kunne oppfatta Augustine som eigenrådig.
Den siste Nancy Drew-boka hennar blei nummer 30 i serien, The Clue of the Velvet Mask, som kom ut i 1953. Etter dette slutta syndikatet å bruka eksterne forfattarar, bøkene blei frå no av skrivne «innomhus». Skrivinga av Nancy Drew-bøkene blei tatt ove av Harriet Adams personleg.
Revisjonar i 1958
endreI 1958 kravde Grosset & Dunlap ei omfattande omskriving av bøkene i Nancy Drew-serien som allereie var gjevne ut. Det blei sett tilsvarande krav til Hardy-gutane, ein annan av bokseriane til Stratemeyer-syndikatet.
Omskrivinga skulle omfatta dei fyrste 34 bøkene i serien, og dei nye retningslinjene skulle bli gjeldande for bøker forfatta etter dette tidspunktet. Alderen til Nancy blei endra frå 16 til 18, ho blei mindre fandenivaldsk, alle referansar til lovbrot og opposisjon mot autoritetsfigurar blei fjerna (den tidlegare Nancy kunne om det var nødvendig narra dumme politifolk, underslå bevismateriale eller ty til andre knep om ho meinte etterforskinga kravde det). Omtale av våpen, drukkenskap eller andre forhold som blei oppfatta som pedagogisk uønskte i USA i 1950-åra skulle fjernast. Bøkene blei vesentleg forkorta, ifølgje enkelte kritikarar så mykje at dei blei usamanhengjande.[6]
Nancy Drew-bøkene fekk eit uventa oppsving i salet frå siste halvdel av 1960-talet. I USA var serielitteratur for barn inne i ein nedovergåande trend som hadde starta på seint femti-tal, men i 1971 blei det framleis selt ein million Nancy Drew-bøker i året. Salstala heldt fram med å stiga utover i 1970-åra. For fyrste gong blei Nancy Drew omtalt som eit pop-ikon. Noko overraskande blei ho òg omfamna av delar av kvinnerørsla.
Sidan midten av sekstitalet hadde syndikatet letta på sløret kring dei mystiske pseudonyma Carolyn Keene, Franklin W. Dickson (Hardy-guttene) og fleire andre. Men i staden for å lista opp alle ghostwriterane som hadde vore tilknytte prosjekta, blei det no danna ein myte om at Harriet Adams åleine hadde forfatta seriane. På eit nivå kan det verka som om ho sjølv byrja å tru på denne fiksjonen. I intervju omtalte ho Nancy Drew som «dottera mi», ho refererte til seg sjølv som den verkelege Carolyn Keene, og blei omtalt som «Amerikas hardast arbeidande bestemor».[7] Etter at systera døydde i 1974 leidde Harriet Stratemeyer-syndikatet åleine. Syndikatet, som på høgda si hadde administrert eit stort tal seriar og ghostwriterar, var no redusert til å produsera seriane Nancy Drew, Hardyguttene, Bobsey-barna og Dana Girls. Skrivinga blei utført av Harriet med hjelp av tre assistentar.
Etter lang tids usemje om royaltyar mellom Stratenmeyer-syndikatet og forlaget Grosset & Dunlap, skreiv syndikatet i 1980 ein kontrakt med Simon & Schuster som gav dei retten til framtidige bøker i seriane Nancy Drew, Hardyguttene og Bobsey-barna. Grosset & Dunlap svarte med å saksøka syndikatet for kontaktbrot og brot på opphavsrett. Rettssaka blei avgjort til fordel for syndikatet og Simon & Schuster, men under prosedyren blei Mildred Wirt, no Mildred Wirt Benson, ført som vitne. Vitnemålet hennar klargjorde at det ikkje hadde vore ein, men to Carolyn Keene-ar – pluss nokre andre «innimellom».
Nye seriar frå 1980-åra av
endreHarriet Adams døde 27. mars 1982. Mildred Wirt Benson overtok i auga til pressa plassen hennar som den verkelege Carolyn Keene fram til ho døydde 29. mai 2002. Simon & Schuster utvida Nancy Drew-konseptet med fleire spin-off-serier av vekslande varigheit: Nancy Drew Files (1986–1997, 124 bøker), for noko eldre lesarar med meir vekt på romantikk; Nancy Drew Notebooks (1999–2005, 69 bøker), der Nancy er i åtteårsalderen; Nancy Drew on Campus (1995–1998, 25 bøker), der ho har forlate River Heights for å studera ved Wilder University og Nancy Drew Girl Detective (2004–2012, 47 bøker).[8] Den lengstlevande av dei nye seriane, Nancy Drew Files, varte i ti år. Men ingen av dei utkonkurrerte dei opphavlege bøkene, som ved hundreårsskiftet framleis kunne visa til gode salstal.
Det er blitt laga fleire filmar basert på bokserien. Den fyrste, Nancy Drew: Detective, kom i desember 1930. I denne opptredde Bonita Granville i rolla som Nancy. Frøken detektiv – Nancy Drew hadde premiere i 2007. I denne spelte Emma Roberts hovudrolla.
Bøkene i Noreg
endreNoreg var det fyrste landet som publiserte omsetjingar av Nancy Drew-bøkene.[9] Forlaget N.W. Damm & Sønn var det fyrste til å gje ut serien på norsk, under namnet Frøken Detektiv. Originaltittelen var Nancy Drew Mystery Stories. Damm gav ut 26 av dei 56 opphavlege bøkene Deretter skaffa Forlagshuset A/S seg rettane til dei seinare sogene. Frå bok nr. 27 blei serien omdøypt til Detektiv Nancy Drew. Forlagshuset laga òg nye versjonar av fire av dei opphavlege bøkene som var blitt gjevne av Damm, der handlingane var heilt endra – dette var bok nr. 5 Frøken Detektiv i Arizona, nr. 11 Frøken Detektiv og tvillingsaken, nr. 12 Frøken Detektiv drar nordover og nr. 20 Frøken Detektiv og det mosegrodde huset (nr. 18 i USA). Dei nye versjonane var nr. 45 Detektiv Nancy Drew og mysteriet med spøkelseshesten (nr. 5), nr. 47 Detektiv Nancy Drew og de falske grammofonplatene (nr.11), nr. 51 Detektiv Nancy Drew møter spionligaen (nr.20), og nr. 53 Detektiv Nancy Drew og dethemmelege budskap (nr. 12). Dermed blei desse ein del av den norske serien med originale historier, beståande av 60 bøker.
Etter bok 60 gav Forlagshuset ut 30 nye omsetjingar i serien Detektiv Nancy Drew. I tillegg gav dei ut miniserien Spøkelseshistorier 1 og 2. Det finst meir enn 80 bøker til på originalspråket som ikkje er omsett til norsk.
I 1980-åra kom ein ny og moderne serie med Nancy Drew til Noreg. Denne blei kalla Nancy Drew tar saken. På opphavsspråket heitte han Nancy Drew Files. Serien bestod av 11 bøker. Men forlaget hadde gjort ein feil, og tok i den nye serien med ei historie som på originalspråket tilhøyrde den klassiske serien – bok nr. 7 Skrik i Natten. Forlaget hadde òg gitt ut tre bøker som opphavleg høyrde til Nancy Drew Files-serien i den tidlegare serien deira Detektiv Nancy Drew. Dette var bok nr. 87, 89 og 90 – Hemmeligheten i Tårnet, Med bombe i lasta og Dødelige forbindelser.
Frøken Detektiv
endrePubliseringsår er gjeve i parentes.[10]
- 01. Frøken Detektiv (The secret of the Old Clock) (1941)
- 02. Frøken Detektiv på spøkelsesjakt (The Hidden Staircase) (1941)
- 03. Frøken Detektiv betaler gjelden sin (The bungalow mystery) (1941)
- 04. Frøken Detektiv møter «Trekanten» (The mystery at Lilac Inn) (1941)
- 05. Frøken Detektiv i Arizona (The secret at Shadow Ranch) (1941)
- 06. Frøken Detektiv og slangekolonien (The Secret at Red Gate Farm) (1941)
- 07. Frøken Detektiv på ferde igjen (The Clue in the Diary) (1942)
- 08. Frøken Detektiv løser en dobbelt oppgave (Nancy's Mysterious Letter) (1942)
- 09. Frøken Detektiv og tårnet med de vridde lys (The Sign of the Twisted Candles) (1947)
- 10. Frøken Detektiv finner løsenet (The Password to Larkspur Lane) (1947)
Dei fyrste 10 bøkene i serien hadde opphavleg denne rekkefølgja før og rett etter andre verdskrigen. Men etter krigen blei det klussa i rekkefølgja då bøkene blei trykte opp på ny og fekk nummerering på bremmen. Då var rekkefølgja:
- 01. Frøken Detektiv (The secret of the Old Clock) (1941)
- 02. Frøken Detektiv på spøkelsesjakt (The Hidden Staircase) (1941)
- 03. Frøken Detektiv betaler gjelden sin (The bungalow mystery) (1941)
- 04. Frøken Detektiv møter «Trekanten» (The mystery at Lilac Inn) (1941)
- 05. Frøken Detektiv i Arizona (The secret at Shadow Ranch) (1941)
- 06. Frøken Detektiv på ferde igjen (The Clue in the Diary) (1942)
- 07. Frøken Detektiv og slangekolonien (The Secret at Red Gate Farm) (1941)
- 08. Frøken Detektiv og tårnet med de vridde lys (The Sign of the Twisted Candles) (1947)
- 09. Frøken Detektiv finner løsenet (The Password to Larkspur Lane) (1947)
- 10. Frøken Detektiv løser en dobbelt oppgave (Nancy's Mysterious Letter) (1942)
- 11. Frøken Detektiv og tvillingsaken (The Clue to the Broken Locket) (1947)
- 12. Frøken Detektiv drar nordover (The Message in the Hollow Oak) (1947)
- 13. Frøken Detektiv og elfenbensamuletten (The Mystery of the Ivory Charm) (1947)
- 14. Frøken Detektiv og marmorstøtten (The Whispering Statue) (1947)
- 15. Frøken Detektiv og spøkelsesbroen (The Haunted Bridge) (1948)
- 16. Frøken Detektiv og de mystiske sko (The Clue of the Tapping Heels) (1948)
- 17. Frøken Detektiv på skattejakt (The Quest of the Missing Map) (1949)
- 18. Frøken Detektiv og det mystiske smykkeskrinet (The Clue in the Jewel Box) (1949)
- 19. Frøken Detektiv og det hemmelighetsfulle loftet (The Secret in the Old Attic) (1949)
- 20. Frøken Detektiv og det mystiske slottet (The Clue in the Crumbling Wall) (1949)
- 21. Frøken Detektiv og koffertmysteriet (The Mystery of the Brass-Bound Trunk) (1950)
- 22. Frøken Detektiv og det mosegrodde huset (The Mystery of the Moss Covered Mansion) (1950)
- 23. Frøken Detektiv og den mystiske klokke (The Mystery of the Tolling Bell) (1950)
- 24. Frøken Detektiv og sigøynernes hemmelighet (The Clue in the Old Album) (1950)
- 25. Frøken Detektiv og spøkelseshuset (The Ghost of Blackwood Hall) (1950)
- 26. Frøken Detektiv og den kinesiske gåten (The Clue of the Leaning Chimney) (1950)
Omslagsillustratørar
endre- For bøkene i format der titlane på framsida byrjar med «Fröken Detektiv» eller «Frøken Detektiv»:
- For fyrste opplag for alle titlar, og for seinare opplag for nokre titlar:
- Harald Damsleth: nr. 1, 2.
- Gerhard Gjerding[11]: nr. 3-5, 7-8, 10.
- George Schumann[11]: nr. 9, 11, 12, 13-26.[12]
- (Ukjent): nr. 6
- For seinare opplag, dvs. frå og med andre opplag eller seinare opplag avhengig av tittel:[11]
- For fyrste opplag for alle titlar, og for seinare opplag for nokre titlar:
- For bøkene i det formatet der titlane på framsida byrjar med «frøken DETEKTIV»:
- (Ukjent.)
Detektiv Nancy Drew
endrePubliseringsår er gjeve i parentes.[10]
- 27. Detektiv Nancy Drew og de sorte nøklene (The Clue of the Black Keys) (1959)
- 28. Detektiv Nancy Drew og gallionsfigurens gåte (The Secret of the Wooden Lady) (1959)
- 29. Detektiv Nancy Drew og den mystiske skiløper (The Mystery at the Ski Jump) (1960)
- 30. Detektiv Nancy Drew og mysteriet med den sorte maske (The Clue of the Velvet Mask) (1960)
- 31. Detektiv Nancy Drew og det stjålne armbånd (The Ringmaster's Secret) (1960)
- 32. Detektiv Nancy Drew og mysteriet med ballettskoene (The Scarlet Slipper Mystery) (1960)
- 33. Detektiv Nancy Drew og det mystiske heksetegn (The Witch Tree Symbol) (1961)
- 34. Detektiv Nancy Drew og det forsvunne glassmaleri (The Hidden Window Mystery) (1961)
- 35. Detektiv Nancy Drew og den forheksete båt (The Haunted Showboat) (1961)
- 36. Detektiv Nancy Drew og gullpaviljongens hemmelighet (The Secret of the Golden Pavilion) (1961)
- 37. Detektiv Nancy Drew og mysteriet med den gamle diligencen (The Clue in the Old Stagecoach) (1962)
- 38. Detektiv Nancy Drew og drakemysteriet (The Mystery of the Fire Dragon) (1962)
- 39. Detektiv Nancy Drew og mysteriet med den dansende dukken (The Clue of the Dancing Puppet) (1963)
- 40. Detektiv Nancy Drew og månesten-mysteriet (The Moonstone Castle Mystery) (1964)
- 41. Detektiv Nancy Drew og den mystiske sekkepiper (The Clue of the Whistling Bagpipes) (1965)
- 42. Detektiv Nancy Drew og mysteriet med fantomtyven (The Phantom of Pine Hill) (1965)
- 43. Detektiv Nancy Drew og mysteriet med de 99 trinn (The Mystery of the 99 Steps) (1967)
- 44. Detektiv Nancy Drew og apemysteriet (The Clue in the Crossword Cipher) (1968)
- 45. Detektiv Nancy Drew og mysteriet med spøkelseshesten (Nr. 5 The Secret at Shadow Ranch – Revidert tekst) (1969)
- 46. Detektiv Nancy Drew og safirmysteriet (The Spider Sapphire Mystery) (1969)
- 47. Detektiv Nancy Drew og de falske grammofonplater (Nr. 11 The Clue to the Broken Locket – Revidert tekst) (1970)
- 48. Detektiv Nancy Drew og mysteriet med den usynlige banden (The Invisible Intruder) (1971)
- 49. Detektiv Nancy Drew og mysteriet med utstillingsfiguren (The Mysterious Mannequin) (1971)
- 50. Detektiv Nancy Drew og den gåtefulle Banister (The Crooked Banister) (1972)
- 51. Detektiv Nancy Drew møter spionligaen (Nr.18 TThe Mystery of the Moss Covered Mansion – Revidert tekst) (1973)
- 52. Detektiv Nancy Drew og Speilbuktens hemmelighet (The Secret of Mirror Bay) (1973)
- 53. Detektiv Nancy Drew og det hemmelige budskap (Nr. 12 The Message in the Hollow Oak – Revidert tekst) (1974)
- 54. Detektiv Nancy Drew og trolldomsmysteriet (The Double Jinx Mystery) (1974)
- 55. Detektiv Nancy Drew og det glødende øyet (Mystery of the Glowing Eye) (1975)
- 56. Detektiv Nancy Drew og den glemte by (The Secret of the Forgotten City) (1976)
- 57. Detektiv Nancy Drew og det stjålne flyet (The Sky Phantom) (1977)
- 58. Detektiv Nancy Drew og den bortførte gutten (Strange Message in the Parchment) (1978)
- 59. Detektiv Nancy Drew og krokodillemysteriet (Mystery of Crocodile Island) (1979)
- 60. Detektiv Nancy Drew og den 13. perle (The Thirteenth Pearl) (1980)
- 61. Detektiv Nancy Drew og tryllesvindelen (The Triple Hoax) (1981)
- 62. Detektiv Nancy Drew og den flyvende tallerken (The Flying Saucer Mystery) (1982)
- 63. Detektiv Nancy Drew og kniplingsmysteriet (The Secret in the Old Lace) (1982)
- 64. Detektiv Nancy Drew og det greske mysteriet (The Greek Symbol Mystery) (1983)
- 65. Detektiv Nancy Drew og mannen uten hukommelse (The Swami's Ring) (1983)
- 66. Detektiv Nancy Drew og mysteriet med indianerdukkene (The Kachina Doll Mystery)
- 67. Detektiv Nancy Drew og modellsvindelen (The Twin Dilemma)
- 68. Detektiv Nancy Drew blir kidnappet (Captive Witness) (1985)
- 69. Detektiv Nancy Drew og hertuginnens hemmelighet (Mystery of the Winged Lion) (1986)
- 70. Detektiv Nancy Drew og veddeløpssvindelen (Race Against Time) (1986)
- 71. Detektiv Nancy Drew og det onde varsel (The Sinister Omen) (1987)
- 72. Detektiv Nancy Drew og katten med smaragdøynene (The Emerald-Eyed Cat)
- 73. Detektiv Nancy Drew og mysteriet med gullskatten (The Broken Anchor) (1988)
- 74. Detektiv Nancy Drew på heksejakt (The Bluebeard Room) (1988)
- 75. Detektiv Nancy Drew forelsker seg (The Phantom of Venice) (1988)
- 76. Detektiv Nancy Drew og eskimomysteriet (The Eskimo’s Secret) (1989)
- 77. Detektiv Nancy Drew og dobbeltmysteriet (The Elusive Heiress) (1989)
- 78. Detektiv Nancy Drew og den røde edderkopp (The Silver Cob-Web) (1990)
- 79. Detektiv Nancy Drew og spøkelseskarusellen (The Haunted Carousel) (1990)
- 80. Detektiv Nancy Drew fanget i fellen (The Double Horror of Fenley Place) (1990)
- 81. Detektiv Nancy Drew og diamantmysteriet (The Case of the Disappearing Diamonds) (1990)
- 82. Detektiv Nancy Drew og mysteriet I tåkejuvet (The Mystery of Misy Canyon) (1991)
- 83. Detektiv Nancy Drew og den forsvunne arvingen (The Case of the Vanishing Veil) (1992)
- 84. Detektiv Nancy Drew og kirkegårdens hemmelighet (The Secret of Shady Glen) (1993)
- 85. Detektiv Nancy Drew og hulens hemmelighet (The Coast of Craven Cove) (1994)
- 86. Detektiv Nancy Drew rett i fellen (The Clue in the Camera) (1995)
- 87. Hemmeligheten i tårnet (Nancy Drew Files – Buried Secrets)* (1996)
- 88. Detektiv Nancy Drew og den fatale ulykken (Mardi Gras Mystery) (1997)
- 89. Med bombe i lasten (Nancy Drew Files – Wings of Fear)* (1998)
- 90. Dødelige forbindelser (Nancy Drew tar saken – Very Deadly) (2002)
- Detektiv Nancy Drew spøkelseshistorier (Ghost Stories 1) (1990)
- Detektiv Nancy Drew spøkelseshistorier 2 (Ghost Stories 2) (1991)
Omslagsillustratørar
endre- Sten Nilsen: nr. 27–61.
Detektiv Nancy Drew tar saken
endre- 1. Kamp på liv og død (Murder on Ice) (1992)
- 2. Det skjulte kameraet (Secrets Can Kill) (1992)
- 3. Til døden skiller oss ad (Till Death Do Us Part) (1993)
- 4. Nancy slår til (Heart of Danger) (1993)
- 5. Nancy går i vannet (Hit & Run Holiday) (1994)
- 6. Nancy avslører gjengangeren (Make no Mistake) (1994)
- 7. Skrik i natten (Stranger in the Shadows – classic title)* (1995)
- 8. Hevnaksjonen (White Water Terror) (1995)
- 9. Høyt spill (Deadly Doubles) (1996)
- 10. Pengeutpresseren (This Side of Evil) (1997)
- 11. Siste stikk til Nancy (Fatal Ransom) (1997)
Nye Frøken detektiv
endre- Uten et spor (Without a trace) (2007)
- Kappløp med tiden (A race against time) (2007)
- Falske toner (False notes) (2007)
- Turbulens (High risk) (2007)
- Filmmysteriet (Lights, camera..) (2008)
- Frøken filmstjerne Action)( (2008)
- Fanget i ørkenen (The stolen relic) (2008)
- Regnskogens mysterium (The Scarlet Macaw scandal) (2008)
- Skjønnhet og sabotasje (Secret of the spa) (2008)
- Skittent spill (Uncivil acts) (2008)
- Stjålne smaragder (Riverboat Ruse) (2009)
- Legenden om klokken (Stop the Clock) (2009)
- Ledetråd: Hawaii (Trade wind danger) (2009)
- Et sant mareritt (Big times, big crimes) (2009)
- Prinsen og maleriet (Framed) (2009)
- Kidnappet (Dangerous plays) (2011)
- Mysteriet med de stjålne bøkene (The riddle in the rare book) (2012)
Litteratur
endre- Melanie Rehak: Girl Sleuth : Nancy Drew and the Women Who Created Her, Harcourt, Inc, 2005. Boka vann The Macavity Award for Best Nonfiction i 2006.
Kjelder
endre- ↑ Melanie Rehak: Girl Sleuth : Nancy Drew and the Women Who Created Her, Harcourt, Inc, 2006, ISBN 0 15 603056 X s. 26, 111-114
- ↑ Rehak, s. 114
- ↑ Rehak, s. 116, 123
- ↑ Rehak, 146-154
- ↑ Rehak, s. 166
- ↑ Rehak, s. 246-250
- ↑ Rehak, s. 260-275
- ↑ «Nancy Drew Girl Detective Series», www.nancydrewsleuth.com, henta 25. mars 2023
- ↑ Rehak, s. 200
- ↑ 10,0 10,1 Nasjonalbiblioteket
- ↑ 11,0 11,1 11,2 BIBSYS
- ↑ Around the World with Nancy Drew – Norway
- Denne artikkelen bygger på «Nancy Drew» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mars 2023.