Hardyguttene er ein populær bokserie med oppdikta detektivhistorier skrivne for barn og ungdom. Bøkene handlar om opplevingane til tenåringsbrørne Frank og Joe Hardy, som løyser saker både i nærområdet til Bayport, og etterkvart andre stadar i USA og i utlandet. I dei fyrste bøkene er Joe 15 år og Frank 16 år, men i dei fleste bøkene er dei 17 og 18 år gamle sjølv om det er nemnt hendingar som kan daterast i bøkene. Sjølv om det er spor i bøkene som viser til hendingar gjennom fleire år, så er gutane likevel plassert som ungdomar i eit amerikansk forstadsmiljø gjennom heile serien.

Framsida til The Tower Treasure, den fyrste boka om Hardy-guttene.

Originalversjonane av bøkene vart utgjevne i tidsrommet 1927—1979. Dei er skrivne under pseudonymet Franklin W. Dixon. Franklin W. Dixon er et kollektivpsevdonym brukt av ei rad ulike forfattarar som skreiv hardygut-romanar for Stratemeyer-forlaget.[1] Den mest kjende skuggeforfattaren var Leslie McFarlane (1902-1977) som mellom 1927 og 1946 skreiv 19 av dei første 25 romanane i serien.

Oversyn endre

Familien Hardy bur i eit stort murhus med rhododendronhekk i hagen i Elm Street 23 i småbyen Bayport som ligg ved Barmetbukta litt utanfor New York med 50 000 innbyggjarar. Familien Hardy vert framstilt som velståande samanlikna med familiane til kameratane. Elm street 23 ligg på hjørnet mellom Elm Street og High Street. D.v.s i enden av gata. Truleg ligg Bayport i området New Jersey-Virginia. Hovudgata i Bayport er Strandvegen.Riksveg 10 fører nordover frå Bayport. Bayport ligg ved elva Willow River som renn ut i Barmetbukta. Merriamøya ligg ytterst i Barmetbukta. På den øya er det eit fyrtårn. Bayport er naboby til Gresham, Claymore og Southport. Southport er ein stor by ved Eagle Bay nokre mil frå Bayport. Telefonnummeret til familien Hardy er Bayport 6132. Bayport får drikkevatnet sitt i frå Tarnacbassenget og Tarnacelva, som ligg under Dauingfjell. (Hardy 27). Bayport Dagblad og Bayport Times er aviser i byen. Bayport Palassteater. Dvs. at det er ei teaterbygning i byen.

Det er sjeldan det er datoar i bøkene. Likevel er det enkelte spor for tidfesting. Handlinga går føre seg frå minst 1928 til 1968. I bok nummer åtte står det: «På toppen av siden sto det oktober 1917. Men det er jo elleve år siden ropte Frank». Altså er handlinga lagt til 1928. I bok 41 står det: «Hytta er over hundre år gammel. Vet dere hva som foregikk den gangen? La meg tenke meg om sa Joe. Det må ha vært i borgerkrigens tid». Altså har handlinga no kome fram til 1960-talet, men Joe og Frank Hardy er likevel ikkje meir enn 17 og 18 år gamle. I bok 43 står det om at amerikanarane sender raketter til månen. Handlinga må då vere lagt til tidlegast 1968, fordi USA hadde fyrste romferda dit med menneske ombord det året, men i bok 64 er det ein bil med kalesjetak. I bok 68 er det eit portrett av president Woodrow Wilson, som var president 1913-1921. Handlinga i den boka er lagt til etter 1958, fordi NASA er nemnt. I bok 70 er luftskipet Hindenburg nemnt. Hindenburgkatastrofen var i 1937, så dermed er handlinga i denne boka lagt til etter det. Bok 77 er delvis om statuene på Påskeøya og Thor Heyerdahl er nemnt fleire gongar. Dvs. at handlinga er lagt til etter 1957, fordi då kom boka hans om den ekspedisjonen ut. I dei siste bøkene har familien Hardy fått installert alarmsystem med elektroniske fotoceller. I bok 96 Hardyguttene og det mystiske kapprittet er det om eit sykkelløp- Bike Aid. Den boka kom i 1987, som er nokre år etter det musikalske Live Aid. Det kan tolkast som om hardybøkene kommenterer hendingar i samtida. I den boka er det også TV-apparat, videokassettar og monitorar. Lenge såg det ut som alle bøkene gjekk føre seg før 1970, men no på slutten, så har bøkene fått historier frå vår tid. Dei siste bøkene er også råare. I Giftige hemmeligheter er det skrive om eit drap i notida og forureining. Bok 99 i fangehullet. er om rollespel, som er ein moderne hobby.

Religion spelar liten rolle i forteljingane, men i bok 74 er historien om Noahs ark omtalt. I bok 75 er ein av skurkane ei ung dame. Elles er det sjeldan at det er kvinnelege skurkar. Bøkene speglar det multikulturelle amerikanske samfunnet ved at både hardyane og dei fleste av kameratane vert knytt til innvandrarbakgrunn, men som ein kuriositet, så er det ein idrettsmann i bok 88, som kan få Rhodes-stipendiet. Rhodes-stipendiet er oppkalla etter Cecil Rhodes. Målet for stipendiet var at Storbritannia skulle få tilbake USA. Ein er truleg jøde eller polakk, ein er afroamerikanar, ein er italienar, medan familien Hardy stammar frå Irland. Fenton er eit irsk fornamn. Dei vert alltid fanga av skurkane, men til slutt er det hardygutane som fangar skurkane, og kan overlate dei til politiet, og idyllen er gjenoppretta.


Dei fleste bøkene har handlinga lagt til fastlandet i USA, og då spesielt Bayport med omland, men det er handling frå mange av dei andre delstatane og utlandet også. Bok nummer 13 - Hardyguttene i Mexico - er fyrste gongen dei reiser til utlandet. Etterkvart som serien går framover, så vert det oftare reiser til utlandet. I Hardyguttene og rømlingen som forsvant og i Hardyguttene og det mystiske indianervåpen er dei tilbake i Mexico. Hardyguttene og skjelettgåten fører dei til Cuba og Puerto Rico, til Alaska og Canada i Hardyguttene og måneraketten. Til Canada igjen i Hardyguttene og runesteinmysteriet og i Hardyguttene i Demonens Hule. Hardyguttene og den mystiske karavane har handling frå Marokko. I Hardyguttene og spionen på flyrute 101 er dei for fyrste gong på reise til Europa, fordi skurken har eit slott i Skottland. I bok 47 Hardyguttene og mysteriet med blindpassasjeren er dei i Fransk Guiana. Bok 50 har handling frå Island. Bok 56 har ein god del av handlinga frå Brasil. Bok 58 om ein gamal hjelm fører dei til Hellas. Bok 60 har handling frå Hong Kong. I bok 64 er heile handlinga lagt til utlandet. Ho startar rett før landing (i London) i England, men har også scener frå Irland og Isle of Man. I bok 66 er dei i Sveits og Mexico. I bok 68 til Australia. I bok 75 på Kypros og i Egypt. Bok 77 fører dei til Chile, Påskeøya og Antarktis. Bok 80 har handling frå Vest-Tyskland. Bok 102 har handling frå Frankrike. Dei er også på oppdikta stadar.

Det finst til saman 110 forskjellige bøker som handlar om Hardy-gutane og venene deira. På 2000-talet har det kome ut ein serie nye bøker med handling frå notida der dei har meir moderne hjelpemiddel.

Den første boka på norsk kom i 1950, med tittelen Hardyguttene og skatten i tårnet (The Tower Treasure).

Bøkene er truleg inspirasjonskjelde for nyare barne- og ungdomsbøker som bøkene om Pelle og Proffen av Ingvar Ambjørnsen.

Personar i bokserien endre

Frank Hardy har mørkt hår og brune auge. Er kraftig. Han er 16 år i dei fyrste bøkene, men 18 år i dei fleste av bøkene. I bok 36 er Frank 18 år. Spelar gitar. Begge brørne har flysertifikat for småfly. I tillegg til bil disponerer dei speedbåten Sporhund. Frank framstår som leiar for kameratgjengen. Allergisk mot kattar. (Bok 60). Begge brørne og vennane deira spelar amerikansk fotball. Frank framstår etterkvart som sjefen av dei to brødrene. 1.85 høg.

Joe Hardy har lyst hår og blå auge og er høg. Han er eitt år yngre og meir impulsiv enn broren. Spelar gitar. 1.83 høg. Fysisk sterk. Har pollenallergi.

Chet Morton er ein venleg og hjarteleg gut, og den beste venen til Hardygutane. Han er tjukk og har fregner. Liten og lubben i fylgje bok 91. I bøkene har han gjerne forskjellige hobbyar som flettar seg inn i sakene Hardygutane arbeider med. Chet bur på ein bondegard i utkanten av Bayport. Faren hans er eigedomsmeklar. (Hardy 47). Chet er glad i mat, og ikkje minst i tante Gertrud sine kaker og paiar. I bok nummer 14 vert det opplyst at han er like gamal som Joe Hardy. På framsida av bok nummer 33 Hardyguttene og operasjon den gule fjær og bok 47 Hardyguttene og mysteriet med blindpassasjeren får vi sjå korleis han ser ut. Av og til forsnakkar han seg og røper løyndomar til skurkane. Fødd rundt 1.juli. Er ikkje med i bok 77- "Den stjålne stenguden" og i bok 102. Har ei tante Emma Morton, som eig eit hus i Maine.

Fenton Hardy er far til Frank og Joe. Han har lenge jobba saman med politiet i New York. Etterkvart har Fenton trekt seg attende til byen han vaks opp i. Den travle kystbyen Bayport. (I bok 33 er det eit mysterium på skulen, men årboka frå Fenton Hardy sitt avgangsår er fjerna). Han er i 50-årsalderen. Han er ofte bortreist, men kjem ofte og hjelper sønene i siste kapitelet. Likevel er det samanheng mellom hans saker og hardygutane sine saker. Er høg. Av og til engasjert av regjeringa til å løyse saker. Opptrer ofte i forkledning. Dreiv med friidrett på gymnaset, (stavhopp).

Laura Hardy, også kalla Mildred, er mor til Hardy-gutane. Likevel har ho ei meir anonym rolle enn tante Gertrude. Er skildra som lita med lyst krølla hår i dei tidlege bøkene. I seinare bøker er ho skildra som høg, slank og pen!. Blå auge.

Tante Gertrude Hardy er systera til Fenton Hardy, og Frank og Joe Hardy si tante. Ho meiner at gutane heller skal konsentrere seg om skulen i staden for å fange forbrytarar, men eigentleg er ho særs stolt av dei kvar gong dei oppklarer ei ny og spennande sak. Ho dukkar fyrst opp i bok nummer fire. Ivrig strikkar og kakebakar. Det vert opplyst, at ho er av ubestemmeleg alder, men sidan Fenton Hardy er ca 50 år, så er vel ho omtrent i same alder. I nokre bøker er ho på vitjing med andre slektningar, men ho bur stort sett saman med denne familien. Gertrude er høg, tynn og kantete. Har briller med stålkant. Myndig person. Gertrude er formann i Bayport historielag. Fødselsdag 25.august. Har rykte som den beste kokka i Bayport.

Ruth Hardy. Slektning av Hardyfamilien som bur i New Mexico. Det står ikkje noko i bok 28, der ho er med, om det er ho som har flytta dit eller om hardyfamilien ættar frå New Mexico. Side 15 i boka "Hardyguttene og den forgiftede pil" kallar Gertrude henne for kusine. Side 19 kallar Joe henne for tante Ruth. Viss Ruth er tanta til gutane, så må ho vere systera eller svigerinna til Fenton og Gertrude, så her er det noko feil.

Biff Hooper er ein god ven av Hardygutane. I dei tidlege bøkene kan det tyde på, at han er afroamerikanar. I ei av bøkene er handlinga lagt til New Orleans der bestefaren hans spelar i eit jazzorkester. I bok 52 og bok 54, så står det, at han er kraftig, høg og blond. Biff er god i sport. Eig hunden Sherlock, som er med i bok 54 og bok 60. I bok 67 har han hunden Tivoli, som han vann i ein konkurranse. Spelar bassgitar.

Iola Morton er syster til Chet Morton og venninna til Joe Hardy. Langt mørkt krølla hår og tynn. 16 år gammal.

Callie Shaw er Frank Hardys spesielle venninne. Blondt hår, brune auge og høg. Det er sjeldan det er andre ungjenter enn desse to med i bøkene. Er teikna på framsida av Hardyguttene og det onde varsel saman med Frank Hardy og Phil Cohen og på Hardyguttene og den store ufosvindelen saman med hardygutane og Fred Hawkins.

Tony Prito er ein ven av Hardygutane og plar hjelpe til med oppdrag og informasjon. Slekta hans er innvandrarar frå Italia. Eigar av båten Napoli. Av og til kan han ikkje vere med å hjelpe Hardygutane, fordi han må hjelpe faren, som har eit snikkarfirma. Han er som Frank Hardy 18 år gammal. Har mørke auge og mørkt hår. Spelar trommer.

Phil Cohen. Han er frå Polen eller jøde. I bok 45 bruker gutane dekknamn, og då vert han kalla for Phil Rubinow. Stillferdig og skuleflink. Glad i å lese. Flink i sport. Kvikk i oppfattinga. Spelar hammondorgel. Mørk og slank. Er teikna på framsida av Hardyguttene og det onde varsel saman med Frank Hardy og Callie Shaw.

Ezra Collig er politimeister i Bayport og kjenner til Hardygutane og deira oppdrag og saker. Dei samarbeider ofte i dei sakene som er i Bayport. Kraftig med værbitt andlet.

Con Riley er ein litt einfoldig konstabel i Bayport, som fleire gonger vert offer for ulike spøkar.

Hurd Applegate er ein gammal frimerkesamlar som er med i nokre av sakene som Frank og Joe Hardy jobbar med. Han er med både i fyrste og i siste boka. Han bur i eit stort tårnhus saman med systera si. Bok 100 om sjørøvarskatten startar også der.

Jack Wayne. Pilot. Flyg småfly. Eig flyet Skyhappy Sal. Har ofte oppdrag med å frakte hardygutane eller Fenton Hardy rundt i USA. Flyfirmaet hans heiter Ace Air Service. Brunt hår og mager.

George Simons. Helikoptereigar i Bayport.

Sam Radley opptrer av og til som assistenten til Fenton Hardy. I bok 28 vert han kalla for Sam Bradley. Er gift med Ethel Radley. Dei har ikkje born. Dei bur i 17. etasje i ei blokk i sentrum av Bayport.

Jeff Kane. Ein av Fenton Hardy sine detektivassistentar.

Smuff politimann i Bayport.

Tyler Morton og Jim Kenyon er onklar til Chet Morton.

Elmer Hardy tremenning av Gertrude og Fenton Hardy.

Lance McKnight opptrer i bok 64 om heksedoktorens nøkkel. Namnet liknar på Leslie McFarlane, som er ein av forfattarane av bøkene.

Clams Dagget. Pensjonert sjømann, som driv med ferjetrafikk i Barmetbukta.

Fru Cutler i bok 68 er kanskje den fyrste kvinnelege skurken i serien.

Vern Nelson. Fetteren til Iola og Chet Morton. Er frå Canada.

Jerry Hooper. Onkelen til Biff Hooper. Kjernefysikar på det lokale atomkraftverket.

Bøker endre

Bøker utgjevne i Noreg:

Nr. 1, 1950 Norsk tittel: Hardyguttene og skatten i tårnet. Original tittel: The Tower Treasure.

Nr. 2, 1950. Norsk tittel: Hardyguttene på nye eventyr. Original tittel: The House on the Cliff.

Nr. 3, 1951. Norsk tittel: Hardyguttene på falskmyntnerjakt. Original tittel: The Secret of the old Mill.

Nr. 4, 1951. Norsk tittel: Hardyguttene på gangsterjakt. Original tittel: Missing Chums.

Nr. 5, 1951. Norsk tittel: Rødt lys for Hardyguttene. Original tittel: Hunting for Hidden Gold.

Nr. 6, 1951. Norsk tittel:Hardyguttene jager biltyvene. Original tittel: The Shore Road Mystery.

Nr. 7, 1952. Norsk tittel: Hardyguttene avslører huleboeren. Original tittel: The Secret of the Caves.

Nr. 8, 1952. Norsk tittel: Hardyguttene og den stjålne frimerkesamlingen. Original tittel: The Mystery of Cabin Island.

Nr. 9, 1952. Norsk tittel: Hardyguttene og mysteriet på flyplassen. Original tittel: The Great Airport Mystery .

Nr. 10, 1952. Norsk tittel: Klokken slår tolv for Hardyguttene. Original tittel: What happened at Midnight.

Nr. 11, 1952. Norsk tittel: Hardyguttene og den mystiske klokke. Original tittel: While the Clock ticked.

Nr. 12, 1953. Norsk tittel: Hardyguttene på sporet. Original tittel: Footprints under the Window.

Nr. 13, 1953. Norsk tittel: Hardyguttene i Mexico. Original tittel: Mark on the Door.

Nr. 14, 1953. Norsk tittel: Siste stikk til Hardyguttene. Original tittel: The Hidden Harbor Mystery.

Nr. 15, 1953. Norsk tittel: Hardyguttene går i dekning. Original tittel: The Sinister Sign Post.

Nr. 16, 1953. Norsk tittel: Hardyguttene og den falske legen. Original tittel: A Figure in Hiding.

Nr. 17, 1954. Norsk tittel: Hardyguttene og dykkermysteriet. Original tittel: The Secret Warning.

Nr. 18, 1954. Norsk tittel: Hardyguttene blant pirater. Original tittel: The Twisted Claw.

Nr. 19, 1954. Norsk tittel: Hardyguttene og bankrøverne. Original tittel: The Disappearing Floor.

Nr. 20, 1954. Norsk tittel: Hardyguttene knuser spionringen. Original tittel: The Flying Express.

Nr. 21, 1954. Norsk tittel: Hardyguttene og den forsvunne arvingen. Original tittel: The Clue of the Broken Blade.

Nr. 22, 1955. Norsk tittel: Hardyguttene og fakkelmysteriet. Original tittel: The Flickering Torch.

Nr. 23, 1955. Norsk tittel: Hardyguttene og den mystiske tatovering. Original tittel: The Melted Coins.

Nr. 24, 1955. Norsk tittel: Hardyguttene og radiomysteriet. Original tittel: The Shortwave Mystery.

Nr. 25, 1955. Norsk tittel: Hardyguttene i død manns hus. Original tittel: The Secret Panel.

Nr. 26, 1955. Norsk tittel: Hardyguttene og spøkeleseskipet. Original tittel: The Phantom Freighter.

Nr. 27, 1956. Norsk tittel: Hardyguttene og den mystiske skalle. Original tittel: The Secret of Skull Mountain.

Nr. 28, 1956. Norsk tittel: Hardyguttene og den forgiftede pil. Original tittel: The Sign of the Crooked Arrow.

Nr. 29, 1956. Norsk tittel: Hardyguttene løser kodemysteriet. Original tittel: The Secret of the Lost Tunnel.

Nr. 30, 1956. Norsk tittel: Hardyguttene og den hylende sirene. Original tittel: The Wailing Sirene Mystery.

Nr. 31, 1957. Norsk tittel: Hardyguttene i Daudmannsmyra. Original tittel: The Secret of Wildcat Swamp.

Nr. 32, 1957. Norsk tittel: Hardyguttene og den hemmelige skrift. Original tittel: The Crisscross Shadow.

Nr. 33, 1957. Norsk tittel: Hardyguttene og operasjon den gule fjær. Original tittel: The Yellow Feather Mystery.

Nr. 34, 1958. Norsk tittel: Hardyguttene og rubinmysteriet. Original tittel: The Hooded Hawk Mystery.

Nr. 35, 1958. Norsk tittel: Hardyguttene og vrakets hemmelighet. Original tittel: The Secret of Pirat's Hill.

Nr. 36, 1958. Norsk tittel: Hardyguttene og indianerskatten. Original tittel: The Clue in the Embers.

Nr. 37, 1959. Norsk tittel: Hardyguttene og skjelettgåten. Original tittel: The Ghost at Skeleton Rock.

Hardyguttenes Detektivhåndbok, 1959. Original tittel: The Hardy Boys Detective Handbook.

Nr. 38, 1960. Norsk tittel: Hardyguttene og måneraketten. Original tittel: The Mystery at Devil's Paw.

Nr. 39, 1961. Norsk tittel: Hardyguttene og kameleonmysteriet. Original tittel: The Mystery of the Chinese Junk.

Nr. 40, 1962. Norsk tittel: Hardyguttene og rømlingen som forsvant. Original tittel: The Mystery of the Desert Giant.

Nr. 41, 1963. Norsk tittel: Hardyguttene og mysteriet med den skrikende ugle. Original tittel: The Clue of the Screeching Owl.

Nr. 42, 1964. Norsk tittel: Hardyguttene og runesteinmysteriet. Original tittel: The Viking Symbol Mystery.

Nr. 43, 1965. Norsk tittel: Hardyguttene og det mystiske indianervåpen. Original tittel: The Mystery of the Aztec Warrior.

Nr. 44, 1966. Norsk tittel: Hardyguttene og det forheksede fortet. Original tittel: The Haunted Fort.

Nr. 45, 1967. Norsk tittel: Hardyguttene avslører Baronen. Original tittel: The Mystery of the Spiral Bridge.

Nr. 46, 1968. Norsk tittel: Hardyguttene og spionen på flyrute 101. Original tittel: The Agent on flight 101.

Nr. 47, 1969. Norsk tittel: Hardyguttene og mysteriet med blindpassasjeren. Original tittel: Footprints under the Window.

Nr. 48, 1969. Norsk tittel: Hardyguttene og hvalmysteriet. Original tittel: The Mystery of the Whale Tattoo.

Nr. 49, 1970. Norsk tittel: Hardyguttene og spøkelsesflyveren. Original tittel: The Great Airport Mystery.

Nr. 50, 1970. Norsk tittel: Hardyguttene og mysteriet med den forsvunne astronaut. Original tittel: The Arctic Patrol Mystery.

Nr. 51, 1971. Norsk tittel: Hardyguttene i farlig farvann . Original tittel: The Hidden Harbor Mystery.

Nr. 52, 1971. Norsk tittel: Hardyguttene og boomerangmysteriet. Original tittel: The Bombay Boomerang.

Nr. 53, 1972. Norsk tittel: Hardyguttene og de onde øyne. Original tittel: A Figure in Hiding.

Nr. 54, 1972. Norsk tittel: Hardyguttene og vampyrmysteriet. Original tittel: Danger on Vampire Trail.

Nr. 55, 1973. Norsk tittel: Hardyguttene og maskemysteriet. Original tittel: The Melted Coins.

Nr. 56, 1973. Norsk tittel: Hardyguttene og den maskerte apen. Original tittel: The Masked Monkey.

Nr. 57, 1974. Norsk tittel: Hardyguttene og diamantgåten. Original tittel: The (Flickering) Torch Mystery.

Nr. 58. Norsk tittel: Hardyguttene og den forsvunne hjelm. Original tittel: The Shattered Helmet.

Nr. 59. Norsk tittel: Hardyguttene og hydrofoilmysteriet. Original tittel: The (Mystery of the) Flying Express.

Nr. 60. Norsk tittel: Hardyguttene og den hvesende slange. Original tittel: The Hissing Serpent.

Nr. 61. Norsk tittel: Hardyguttene og sverdmysteriet. Original tittel: The Clue of the Broken Blade.

Nr. 62. Norsk tittel: Hardyguttene og den mystiske karavanen. Original tittel: The Mysterious Caravan.

Nr. 63. Norsk tittel: Hardyguttene og kidnapperne. Original tittel: Missing Chums.

Nr. 64. Norsk tittel: Hardyguttene og heksedoktorens nøkkel. Original tittel: The Witchmasters Key.

Nr. 65. Norsk tittel: Hardyguttene og strålepistolmysteriet. Original tittel: The Disappearing Floor.

Nr. 66. Norsk tittel: Hardyguttene og det russiske gullet. Original tittel: The Jungle Pyramid.

Nr. 67. Norsk tittel: Hardyguttene og faraoens forbannelse. Original tittel: The Secret Warning.

Nr. 68. Norsk tittel: Hardyguttene og den forsvunne rakettforsker. Original tittel: The Firebird Rocket.

Nr. 69. Norsk tittel: Hardyguttene og de mystiske strålene. Original tittel: Sinister Signpost.

Nr. 70. Norsk tittel: Hardyguttene og skorpionmysteriet. Original tittel: The Sting of the Scorpion.

Nr. 71. Norsk tittel: Hardyguttene og varulvmysteriet. Original tittel: Night of the Werewolf.

Nr. 72. Norsk tittel: Hardyguttene og det japanske mysteriet. Original tittel: Mystery of the Samurai Sword.

Nr. 73. Norsk tittel: Hardyguttene og spionen i Washington. Original tittel: The Pentagon Spy.

Nr. 74. Norsk tittel: Hardyguttene og apemannens hemmelighet. Original tittel: The Apman's Secret.

Nr. 75. Norsk tittel: Hardyguttene og den mystiske mumie. Original tittel: The Mummy Case.

Nr. 76. Norsk tittel: Hardyguttene i smuglerhulen. Original tittel: Mystery of Smugglers Cove.

Nr. 77. Norsk tittel: Hardyguttene og den stjålne stenguden. Original tittel: The Stone Idol.

Nr. 78. Norsk tittel: Hardyguttene og myntsamlerens hemmelighet. Original tittel: The Vanishing Thieves.

Nr. 79. Norsk tittel: Hardyguttene og den fredløses hemmelighet. Original tittel: The Outlaw's Silver.

Nr. 80. Norsk tittel: Hardyguttene og ubåtmysteriet. Original tittel: The Submarine Caper.

Nr. 81. Norsk tittel: Hardyguttene og den firehodede dragen. Original tittel: The Four-headed Dragon.

Nr. 82. Norsk tittel: Hardyguttene og terroristbanden. Original tittel: The Infinity Clue.

Nr. 83. Norsk tittel: Hardyguttene møter gjenferdet. Original tittel: Track of the Zombie.

Nr. 84. Norsk tittel: Hardyguttene og Voodoo-komplottet. Original tittel: The Voodoo Plot.

Nr. 85. Norsk tittel: Hardyguttene og presidenten som ble kidnappet. Original tittel: The Apman's Secret.

Nr. 86. Norsk tittel: Hardyguttene og smaragdmysteriet. Original tittel: Tic - Tac - Terror.

Nr. 87. Norsk tittel: Hardyguttene og kaprerbanden. Original tittel: Trapped at Sea.

Nr. 88. Norsk tittel: Hardyguttene og mysteriet med fotballstjernen. Original tittel: Game Plan for Disaster.

Nr. 89. Norsk tittel: Hardyguttene og gorilla-uhyret. Original tittel: Cave-In.

Nr. 90. Norsk tittel: Hardyguttene og satellittgåten. Original tittel: Sky Sabotage.

Nr. 91. Norsk tittel: Hardyguttene og det store bankranet. Original tittel: The Roaring River Mystery.

Nr. 92. Norsk tittel: Hardyguttene og alligatorangrepet. Original tittel: The swamp monster.

Nr. 93. Norsk tittel: Hardyguttene i demonens hule. Original tittel: The demon`s den.

Nr. 94. Norsk tittel: Hardyguttene. Fanget i jungelen. Original tittel: The Crimson Flame.

Nr. 95. Norsk tittel: Hardyguttene og det onde varsel. Original tittel: Blackwing puzzle.

Nr. 96. Norsk tittel: Hardyguttene og det mystiske kapprittet. Original tittel: The mystery of the silver star.

Nr. 97. Norsk tittel: Hardyguttene og det falske mysteriet. Original tittel: The Sky blue frame.

Nr. 98. Norsk tittel: Hardyguttene avslører datasabotasjen. Original tittel: Program for destruction.

Nr. 99. Norsk tittel: Hardyguttene i fangehullet. Original tittel: Dungeon of doom.

Nr. 100. Norsk tittel: Hardyguttene og sjørøverskatten. Original tittel: The secret of the island treasure.

Nr. 101. Norsk tittel: Hardyguttene-Giftige hemmeligheter. Original tittel: Breakdown in Axeblade.

Nr. 102. Norsk tittel: Hardyguttene og dobbeltmysteriett. Original tittel: Wipe out.

Nr. 103. Norsk tittel: Hardyguttene og den store UFO-svindelen. Original tittel: The case of cosmic kidnapping.

Nr. 104. Norsk tittel: Krise for Hardyguttene. Original tittel: The mystery in the old mine.

Nr. 105. Norsk tittel: Hardyguttene blant Sioux-indianerne. Original tittel: Dead man in the dead wood.

Nr. 106. Norsk tittel: Hardyguttene utfor stupet. Original tittel: Mystery on Makatunk island.

Nr. 107. Norsk tittel: Hardyguttene på dypt vann. Original tittel: The treasure at Dolphin bay.

Nr. 108. Norsk tittel: Hardyguttene på tokt i verdensrommet. Original tittel: The skyfire puzzle.

Nr. 109. Norsk tittel: Hardyguttene - Terror i dypet. Original tittel: Terror at high tide.

Nr. 110. Norsk tittel: Hardyguttene i skuddlinjen. Original tittel: Danger unlimited.

2i1-bøker endre

Nr. 1. Norsk tittel: Hardyguttene-Tigerslangen, Hestetyvene avsløres. Original tittel: Serpent`s tooth mystery, The million-dollar nightmare.

Nr. 2. Norsk tittel: Hardyguttene- Høyt spill, Pengejakten. Original tittel: The money hunt, Panic on Gull Island.

Nr. 3. Norsk tittel: Hardyguttene-På livet løs, gisseldramaet. Original tittel: The prime time crime, Flight of furu.

Nr. 4. Norsk tittel: Hardyguttene-Jungelligaen, I underverdenen. Original tittel: Perfect getaway, Egde of destruction.

Nr. 5. Norsk tittel: Hardyguttene-Med livet som insats og våpensmuglerne. Original tittel: Dead on target, Evil inc.

Nr. 6. Norsk tittel: Hardyguttene-Skriften på veggen, En vellykket bløff. Original tittel: Sheer terror, The lazarus plot.

Nr. 7. Norsk tittel: Hardyguttene-Brødrefeiden, Jaget. Original tittel: Brother against brother, Shield of fear.

Nokre bøker er gamle historier som er endra ein del og gjevne ut på nytt. Derfor har nokre av bøkene same originale tittel.

Hardygutane som filmserie endre

1977-1979 vart det laga ein filmserie, The Hardy boys/Nancy Drew mysteries, på 43 episodar med Shaun Cassidy som Joe Hardy, Parker Stevenson som Frank Hardy og Pamela Sue Martin som Nancy Drew eller frøken detektiv. Andre kjende skodespelarar som er med i serien er Kim Cattrall, Melanie Griffith, Joseph Cotten, James Hong, Mark Harmon, Monte Markham, Dennis Weaver, Robert Loggia, Richard Kiel, Robert Wagner, Jaclyn Smith, Robert Englund og Jamie Lee Curtis[2].


Kjelder endre

  1. «Franklin W. Dixon». Scholastic. Arkivert frå originalen 9. oktober 2014. 
  2. «12 uncovered truths about the 'The Hardy Boys/Nancy Drew Mysteries'», Me-TV Network (på engelsk), henta 23. oktober 2023 

Bakgrunnsstoff endre