Napier Peak
Napier Peak er eit delvis isfritt fjell med ei høgd opp mot 380 moh på Hurd Peninsula på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Det er knytt til Charrúa Gap i nord via eit 1,5 km isdekt skard og eit anna isdekt skard til Mirador Hill i sør-sørvest. Fjellet ligg oppom Johnsonsbreen i nordvest og vest, Huntressbreen i aust, og False Bay i sør.
Napier Peak | |||
fjell | |||
Napier Peak (til høgre) frå Mount Friesland.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Livingston Island | ||
• høgd | 380 moh. | ||
- koordinatar | 62°40′17.4″S 60°19′30.5″W / 62.671500°S 60.325139°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Napier Peak 62°40′17″S 60°19′30″W / 62.6715°S 60.3251°W | |||
Fjellet er kalla opp etter kaptein William Napier, på skonnerten «Venus», frå New York, som vitja Sør-Shetlandsøyane i 1820-21.
Fjellet ligg 2,5 km søraust for Charrúein rygg, 3,21 km sørvest for Willan Nunatak, 6,79 km nordvest for St. Cyril Peak og 2,2 km nord-nordaust for Moores Peak.